English version of this page

KI i rekruttering: Eit meir likestilt arbeidsliv?

Kunstig intelligens (KI) vert brukt i rekrutteringsprosessar og påverkar dermed kven som vert tilsett. Korleis påverkar det likestilling, inkludering og mangfald i arbeidslivet?

Plakat av en fullsatt sal under Arendalsuka

Språkmodellane vert stadig betre og meir spesialiserte, men forsking viser at dei framleis diskriminerer menneske på grunnlag av kjønn, alder, etnisitet, kropp og funksjonsevne.

Vi inviterer til ein samtale med forskarar, HR-bransjen og ekspertar om likestilling, rekruttering og kunstig intelligens.

  • Korleis påverkar KI oss som jobbsøkjarar og arbeidsgivarar?
  • Korleis brukar vi det på rett måte for å sikre eit rettferdig og likestilt arbeidsliv?
  • Og kvifor er dette viktige spørsmål i ein større samtale om demokrati, arbeidsliv og digitalisering?

Program:

Velkommen ved ordstyrar Rasha Abdallah, seniorrådgjevar i arbeidsliv og likeverdige tenester ved UiA – Senter for likestilling.

Innleiing:

«KI og rekruttering i arbeidslivet: Status og kritiske perspektiv» ved Morten Goodwin, professor i kunstig intelligens ved UiA.

Han er medgrunnleggar og leiande forskar i AI Experts og nestleiar ved Senter for forsking på kunstig intelligens på UiA, kalla CAIR. Han er anerkjend som ein av Noregs fremste ekspertar på kunstig intelligens.

Panelsamtale:

  • Morten Goodwin, forskar (UiA)
  • Thomas Jahren, seniorrådgjevar (Likestillings- og diskrimineringsombodet)
  • Karoline Sandsbråten Scheide, fagansvarleg i innsikt og formidling (HR-Noreg)
  • Safina de Klerk, visepresident i NITO og leiar av Oslo Vitensenter

Sjå livestream her

Arrangementet er i samarbeid med Universitetet i Agder (UiA), UiA - Senter for likestilling, Likestillingssenteret, Likestillingssenteret KUN, Likestillingssenteret på Vestlandet, Reform - ressurssenter for menn og Kilden kjønnsforskning.

Publisert 27. mai 2026 14:57 - Sist endret 10. juli 2026 09:23