Gjennom den europeiske universitetsalliansen FORTHEM, tok Universitetet i Bourgogne (UBE) i Frankrike kontakt med Universitetet i Agder (UiA).
Det franske universitetet har lenge jobba for å betre levekår og studiekvardag for trans og ikkje-binære studentar, og var på jakt etter ein europeisk samarbeidspartnar.
No har dei to universiteta gått saman om å lage eit ressurshefte om kjønnsmangfald, retta mot både tilsette og studentar.
– Målet er å gi enkel og viktig kunnskap om kjønnsmangfald, samstundes som vi viser heilt konkrete tiltak og gode døme. Slik kan heftet bli brukt aktivt i kvardagen og bli eit nyttig verktøy, seier Thea Mujkic Litschi.
Ho er rådgjevar ved UiA – Senter for likestilling, der ho jobbar med kjønns- og seksualitetsmangfald.
Dette er FORTHEM-samarbeidet
FORTHEM er ein europeisk universitetsallianse der Universitetet i Agder (UiA) er medlem.
Alliansen består av 9 universitet frå 9 land og samarbeider om utdanning, forsking og mobilitet på tvers av landegrenser.
Gjennom FORTHEM får studentar og tilsette høve til utveksling, felles masterprogram og fagleg nettverksbygging.
Det er gjennom denne alliansen at UiA – Senter for likestilling og Universitetet i Bourgogne har inngått samarbeid om ressursheftet for trans- og ikkje-binære studentar.
Prioriterer helse og trivsel
På den franske sida vert arbeidet leidd av Cinthya Ramos, klinisk psykolog ved helsesenteret ved Universitetet i Bourgogne. Ho leier TAO-programmet, eit tilbod for trans- og ikkje-binære studentar.
Her får deltakarane individuelle samtalar, gruppesamtalar og eit sosialt fellesskap, med oppfølging frå eit team av psykologar, legar og sjukepleiarar.
Ramos understrekar at den høge risikoen for sjølvmordstankar i denne gruppa gjer arbeidet ekstra viktig.
– For oss er det viktig å ta dette på alvor og sørgje for gode helsetilbod også i utdanningssektoren, seier ho.

Alvorlege funn
Som del av prosjektet har dei to europeiske universiteta gjennomført ei felles spørjeundersøking. Resultata teiknar eit urovekkjande bilete.
57–59 prosent av trans- og ikkje-binære studentar rapporterer om psykiske plager, mot 11–18 prosent blant andre studentar.
Trans: Personar som ikkje identifiserer seg med kjønnet dei vart tildelte ved fødselen. Til dømes: transkvinne, transmann, ikkje-binær.
Ikkje-binær: Ein person som ikkje identifiserer seg som berre mann eller kvinne. Ikkje-binære kan oppleve seg som mellom fleire kjønn, begge kjønn eller inga kjønn. Nokre ikkje-binære reknar seg som trans.
Kjelde: www.uia.no/mangfoldsveileder
Sjølvskading og sjølvmordstankar er langt meir utbreidd, og mange opplever einsemd og utanforskap i studiekvardagen.
Funna samsvarer med tidlegare levekårsundersøkingar og studiar om livstilfredsheit og psykisk helse blant transpersonar i Noreg.
– Svara var diverre som venta. Vi ser sosialt utanforskap, feil bruk av namn og pronomen, tungvinte administrative system og opplevingar av transfobi. Dette er alvorlege funn som viser at det vi treng tiltak, seier Mujkic Litschi.
Studentane sjølve er tydelege på kva dei treng: meir kompetanse blant tilsette, kjønnsnøytrale toalett og garderobar, enklare løysingar for å endre namn og kjønn i systema, og eit studiemiljø der dei kjenner seg sette og høyrde.
Saman om eit levande ressurshefte
Besøket er berre starten. Dei to universiteta held fram samarbeidet, og saman skal dei ferdigstilla ressursheftet. Eit praktisk verktøy med konkrete tiltak og døme på god praksis, som etter kvart vil lanserast ved begge institusjonane.

– Vi vil at heftet skal bli brukt aktivt i arbeidskvardagen, ikkje bli liggjande i ei skuff, seier Mujkic Litschi.
Ein av studentane som deltok i undersøkinga, oppsummerer det slik:
«Eg er ikkje eit element ein kan velje seg bort frå, uansett kva politisk ståstad ein kjem frå.»
– Student