Visninga var arrangert av Senter for likestilling ved Universitetet i Agder (UiA) i samarbeid med Barrikaden, Esben Esther Pirelli Benestad og Elsa Mari Almås.
Det heile vart innleidd med ein samtale leidd av rådgivar Mary Ann Skretteberg Warenius. Her fekk publikum koma tett på både livsvisdom, sårbarheit og perspektiv frå skeive eldre.
– Døden er både vond og vakker. Me må tora å snakka om hen, sa Esben Esther.
Gir ei stemme til skeive eldre
Hen løfta òg fram uroa for at mange skeive eldre blir tvinga tilbake i skapet i møte med helse- og omsorgstenester. Elsa uttrykte eit håp om framtidige omsorgsbustader der skeive kan eldast trygt saman, med partnarar og få vera heile seg.
Filmen gir stemme til ei gruppe som ikkje ofte får plass i offentlegheita, nemleg skeive eldre. Samtidig er filmen ei feiring av kjærleik, stoltheit og kampen vidare.
– The world has to be changed to the bone – but we cannot do it alone, sa Esben Esther som ei oppmoding til alle i salen.
Internasjonal anerkjenning
"On Queer Aging and Endings", regissert av Christian Schulz-Quach, har allereie fått internasjonal anerkjenning i mellom anna Toronto, Berlin og Tokyo. Visninga i Kristiansand vart ei sterk påminning om kvifor historiene til skeive eldre er avgjerande å løfta fram.

Viktig representasjon
Senter for likestilling ved UiA stod bak arrangementet som ein del av arbeidet med å fremja kompetanseheving og inkludering for skeive i Agder.
– Vi ønskjer å skapa arrangement der kunst og samfunn møtest. Denne filmen har ei unik evne til å utfordra samfunnsstrukturar, løfta fram viktig representasjon og samstundes samla folk til å delta i ein sårbar, men vakker samtale.
– Kanskje kan dette opna for refleksjon kring plassen skeive eldre har i helse- og omsorgssektoren, og skapa fellesskap for å oppnå endringar for skeive eldre, sa Mary Ann Skretteberg Warenius, rådgjevar innan kjønn og seksualitet ved Senter for likestilling.
Vegen vidare
Tidlegare i år presenterte Senter for likestilling, saman med NORCE, rapporten «Det er nok mykje me treng å vita» – rapport om offentlege tenesters møte med skeive.
– Rapporten viste oss at det er viktig å belysa perspektiva til skeive eldre, då mange i helse- og omsorgstenestene framleis ikkje har tilstrekkeleg kunnskap. Men det finst heldigvis eit lyspunkt fordi godviljen er der. Tilsette treng berre fleire moglegheiter for vidareutdanning og kompetanseheving om skeiv tematikk, noko me tilbyr heilt gratis.