– Føremålet med forumet er først og fremst å legge til rette for dialog, erfaringsutveksling og internasjonalt samarbeid mellom forskarar frå Europa og Kina som underviser i menneskerettar på universitetsnivå.
Det seier Lee Michael Shults, førsteamanuensis og leiar ved UiA – Senter for likestilling.
Euro-Sino Forum on Human Rights Education vart arrangert i Oslo. Det var andre gongen forumet vart halde, etter at det første møtet fann stad i Beijing i 2025.
Forumet bygger på eit samarbeid mellom Norsk senter for menneskerettigheter ved Universitetet i Oslo (UiO) og China University of Political Science and Law.
I tillegg deltok representantar frå andre norske og kinesiske universitet og frå fleire andre land. Hovudtemaa var kunstig intelligens og menneskerettar, institusjonelle barrierar, utvikling av emne og undervisningsmetodar.
Presenterte UiA-emne

Forumet i år hadde særleg merksemd retta mot forskarar som underviser i emne knytte til kjønn.
Shults deltok som leiar ved senteret og vart invitert for å presentere eit emne om feministisk vitskapsfilosofi som han sjølv underviser i. Emnet SV-159 Feminist Epistemologies er ein del av studieprogrammet Kjønn, makt og mangfold ved UiA.
– Likestilling står sentralt i undervisninga om menneskerettar. Det problematiske er at likestilling kan bli oppfatta som noko som ikkje handlar om menneskerettar. Når folk ser på likestilling som venstresida sin agenda, i staden for eit regelverk som tek vare på behova til alle, blir det polarisering, seier han.
Ifølgje Shults er nettopp dette den største utfordringa på feltet i dag.
Han trekker fram debatten om rettleiaren til Bufdir for offentleg tilsette om korleis dei best kan møte transpersonar og andre som bryt med kjønnsnormer innanfor LHBT+.
– Det burde ikkje vere kontroversielt at offentleg tilsette får tilgang til kunnskap om korleis dei kan møte ei marginalisert minoritetsgruppe på hennar eigne premissar. Likestillingsarbeid handlar om å behandle andre som menneske, uavhengig av om eit menneske er akkurat som deg eller ikkje, seier han.
Håpar på vidare samarbeid
Shults skildrar forumet som gjensidig inspirerande.
– Alle deltakarane brenn for det dei jobbar med, og heldigvis skjer det mykje innovasjon på feltet. Undervisarar må vere fleksible i møte med nye utfordringar knytte til kjønn og menneskerettar, men også i møte med kunstig intelligens, seier han.
Han håpar at deltakinga kan føre til vidare samarbeid, til dømes i form av gjesteførelesingar eller felles publikasjonar.
Ope for påmelding til våren
Shults oppmodar alle som er interesserte i temaa, til å melde seg på SV-159 Feminist Epistemologies til våren. Emnet kan bli tatt heildigitalt, men det blir også tilbode diskusjonsseminar kvar veke for dei som føretrekker fysisk oppmøte.