English version of this page

Samfunnsansvaret vårt

Universitetet i Agder er klar over samfunnsansvaret sitt, både sosialt og etisk, innan miljø og berekraft, i samarbeid med frivillige organisasjonar både i Noreg og internasjonalt og i samhandling med regionen og samfunnet samla sett.

Vi ønskjer derfor å vere tydelege på våre verdiar, som akademisk fridom, autonomi, mangfald, lik rett til utdanning og solidaritet med studentar og akademikarar som lever under andre forhold enn våre.

Image may contain: Ice hotel, Water, Window, Table, Gas.

Scholars at Risk

Trygge omgivnader til utsette og trua forskarar

Scholars at Risk (SAR) er ein internasjonal organisasjon som vart danna i 2000. Nettverket, leidd frå New York University , består av 17 nasjonale seksjonar og 650+ utdanningsinstitusjonar i 45 land, som saman jobbar for å promotere og verne akademisk fridom og andre sentrale verdiar i høgare utdanning. Det blir mellom anna gjort ved å dokumentere og synleggjere angrep på høgare utdanning, framme solidaritet og tilby assistanse og vern til enkeltpersonar. Årleg tilbyr UiA mellombels opphald for 2-3 SAR-forskarar. Den norske seksjonen av SAR (SAR-Norway) vart danna i 2011, og Universitetet i Agder har for tida formannskapet der.

Les meir om Scholars at Risk

Image may contain: Outerwear, Mortarboard, Scholar, Graduation, Sky.

Students at Risk

Støtteprogram for forfølgde og utsette studentaktivistar

Students at Risk er eit norsk program, som vart oppretta på initiativ frå mellom anna SAIH og NSO. Det er finansiert av Utanriksdepartementet og blir administrert av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Ordninga gir studentar som er menneskerettsaktivistar, og derfor utsett, moglegheit til å halde fram studiane sine i Noreg. UiA tok imot sin første student under denne ordninga i 2016. I 2023 har vi teke imot 4 Star-studentar frå 4 ulike land.

Les meir om Students at Risk

Image may contain: Temple, Grey, Wood, Bun, Black hair.

SAIH

Internasjonalt hjelpefond for akademikarar og studentar

Solidaritetsorganisasjonen SAIH – Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond     - arbeider for akademisk fridom, og for at unge menneske skal ha rett til god utdanning.

I tillegg arbeider SAIH politisk både i Noreg og andre land for betre rammevilkår for utdanning og utvikling globalt.

Meir om SAIH

Solidaritetsorganisasjonen SAIH – Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond     - er kjend for dei fleste som har studert i Noreg. Ved alle  dei høgrelærestadene i landet blir studentane  oppmoda til å betale eitt bidrag til SAIH når dei betaler semesteravgifta - SAIH tiarane. Dette beløpet er for tida kr 40 ved UiA.
Pengane går via SAIH til 40 organisasjonar i åtte land i Latin-Amerika, sørlege Afrika og Asia som arbeider for akademisk fridom, og for at unge menneske skal ha rett til god utdanning slik at dei kan bidra til eit meir rettferdig og inkluderande samfunn.

I tillegg arbeider SAIH politisk både i Noreg og andre land for betre rammevilkår for utdanning og utvikling globalt.

Medlemskap til styret ved UiA 

Det har i fleire år vore eit SAIH lokallag blant studentane og i 2018 vart også Universitetsstyret ved UiA medlem. Det er dermed opna for, at også tilsette ved Universitetet i Agder kan bidra, gjennom ein frivilige lønnstrekkordning,
Hjelpefondet består no av 52 medlemmer. 22 er studentorganisasjonar, fem er landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar ved universitet og høgskular, seks er universitetsstyrar og sju er landsomfattande arbeidstakarorganisasjonar. 11 lokallag ved universitet og høgskular over heile landet blir også rekna som medlemmer i SAIH, inkludert lokallaget på UiA.

Image may contain: Hand, Academic dress, Mortarboard, Scholar, Graduation.

Magna Charta

Akademisk fridom og institusjonell autonomi

Magna Charta Observatory (MCO) er ei stifting oppretta av EUA (The European University Association), og fremjar, vernar og styrkjer sentrale universitetsverdiar som akademisk fridom og institusjonell autonomi. Formålet er å feire fundamentale verdiar i universitetstradisjonen og å oppmuntre til sterke band mellom Europeiske universitet.

Meir om Magna Charta

Ideen om eit fridomsdokument, eit Magna Charta for europeiske universitet vart fremja av Universitetet i Bologna i 1986. Dokumentet, «Magna Charta Universitatum» (MCU),  vart utarbeidd i 1988 og er sidan signert av godt over 800 universitet i 86 land. UiA vil slutte seg til dokumentet og dets sentrale kjerneverdiar ved at rektor deltek og signerer dokumentet på eit arrangement i Salamanca i september 2018.

Formålet med dokumentet er å feire fundamentale verdiar i universitetstradisjonen og å oppmuntre til sterke band mellom Europeiske universitet. Dokumentet har inspirert universitet også utanfor Europa, og det er opna for underskrivarar frå heile verda. Teksten er omsett til 49 språk, blant dei nynorsk.

Kontaktpersoner: