Det blir blant anna gjort ved å dokumentere og synleggjere angrep på høgare utdanning, framme solidaritet og tilby assistanse og vern til enkeltpersonar.
Årleg tilbyr UiA mellombels opphald for 2-3 SAR-forskarar.
Offisiell nettside, Scholars at Risk
SAR-Norway og UiA
Den norske seksjonen av SAR (SAR-Norway) blei danna i 2011, og Universitetet i Agder har for tida formannskapet der. Det lokale institusjonsarbeidet blir administrert av ein institusjonskontakt og ei lokal SAR-gruppe, som i tillegg til institusjonskontakten består av 4-5 vitskapleg tilsette. Hovudoppgåva til SAR-gruppa er å velje ut kven ein kan tilby eit gjesteopphald ved UiA.
Inviterer gjesteforskarar
Styret ved UiA løyver midlar til å invitere gjesteforskarar (SAR-scholars). Sidan vi fekk vår første SAR-scholar i 2012, har UiA så langt (02.24) vore vertsskap til 11 scholars frå 8 ulike land, dei fleste for eit 2-årig opphald. Forskarane har ulik fagbakgrunn, og har vore plassert på 5 ulike fakultet. Institutta viser stor vilje til å bidra på denne dugnaden, og gjer ein flott innsats som vertskap for gjesteforskarane.
Fleire søker vern
SAR har dei siste åra opplevd ein veldig pågang frå scholars som søker vern. Krigen i Syria og den politiske situasjonen i Tyrkia førte til rekordsøkning derfrå, men også mange andre stader er det risikofylt å drive med forsking og undervising. Nye visumlover i USA, politiske endring i Aust- og Sentral-Europa, konfliktar i delar av Afrika, og dessutan krigane i Ukraina og i Midt-Austen har gitt dei europeiske seksjonane ekstra stort ansvar, og gjer dessverre Scholars at Risk meir relevant og viktigare enn nokosinne.
Lokalt SAR-arbeid
På UiA blir det lokale SAR-arbeidet drive av ein institusjonskontakt og ei lokal SAR-gruppe. Ei av hovudoppgåvene til SAR-gruppa er å rekruttere nye kandidatar som blir tilbodne eit mellombels gjesteopphald ved UiA.
Kontaktpersonar
- E-post
- lars.h.hoven@uia.no
- Telefon
- +47 38 14 12 74
- E-post
- clare.jortveit@uia.no
- Telefon
- +47 92 09 10 16