English version of this page

Retningslinjer for bruk av video til gjennomføring av intervju i studentoppgåver

Studentar som nyttar privat PC til prosjektarbeid må følgje spesifikke retningslinjer for gjennomføring av digitale intervju via Zoom.

For studentar som jobbar på privat pc gjeld følgjande:

  • Dersom det ikkje er mogleg å gjennomføre intervju med oppmøte, vil det vere mogleg å nytte Zoom til gjennomføring av intervju i lågrisikoprosjekt med følgjande avgrensingar.
  • Det er ikkje høve til å gjere opptak av intervjuet i Zoom. Ved behov for opptak, må det nyttast diktafon lånt frå UiA-hjelp. Alternativt kan det gjerast notat frå intervjuet.
  • Det er ikkje høve til å gjennomføre intervju i høgrisikoprosjekt over Zoom.
  • Høgrisikoprosjekt er prosjekt som har tema som omfattar sensitive opplysningar.
  • Høgrisikoprosjekt kan også vere prosjekt som omhandlar sårbare grupper:
  • For gjennomføring av prosjekt med høgare risiko, er intervju over ordinær telefonlinje einaste alternativ til gjennomføring, og det må anten noterast ned i anonym form, eller nyttast opptak på diktafon lånt frå UiA Hjelp.
  • Ved opptak på diktafon, må det transkriberast til anonym form direkte frå opptakar, utan at lydfila blir lasta inn på pc.

Føresetnader for å gjennomføre møte i Zoom:

  1. Møtelenkje må ikkje bli delt ope
  2. Møtet må passordvernast
  3. Det skal nyttast lobby/venterom for å sleppe inn rette personar i møtet
  4. Følg denne rettleiinga for å sikre rett oppsett.

Kva er ei personopplysning? 

Personopplysningar er opplysningar og vurderingar som kan knytast til enkeltpersonar:

  • direkte, ved at datamaterialet inneheld namn, personnummer eller andre personeintydige kjenneteikn
  • ved lydopptak av stemme eller bilete/videoopptak.
  • ved at datamaterialet kan sporast tilbake til e-post/IP-adresse (f. eks. ved nettbaserte spørjeskjema)
  • indirekte, via ei kombinasjon av bakgrunnsopplysningar
  • via referansenummer i datamaterialet som viser til åtskild namneliste (koplingsnøkkel)

Kontaktperson 

Bilde av Espen Bariås
Forsknings- og innovasjonsavdelingen
E-post
espen.barias@uia.no
Telefon
+47 38 14 27 16
Publisert 23. aug. 2024 - Sist endret 2. okt. 2025