Fastsett av universitetsstyret 20.11.2024
Innleiing
Instruksen er heimla i lov av 8.mars 2024 nr. 9 om universitet og høgskolar (universitets- og høyskoleloven), frå nå av omtalt som UH-lova.
Styret sjølv skal fastsette ein styreinstruks som gir nærmare reglar om arbeidet og saksbehandlinga til styret. Styreinstruksen skal blant anna innehalde reglar om kva saker som skal styrebehandlast, og rektors arbeidsoppgåver og pliktar overfor styret. Styreinstruksen skal også innehalde reglar for innkalling og møtebehandling. jf. UH-lova § 4-8 (1)
I tillegg til denne instruksen, gjeld også Instruks om forretningsorden for kollegial organ, som utfyllande regulerer arbeidet og saksbehandlinga til universitetsstyret.
Styret som øvste organ ved Universitetet i Agder
Styret er det øvste organet ved universitetet og høgskolar. jf. UH-lova § 4-1(1)
Som øvste organ ved Universitetet i Agder (UiA), har styret eit overordna ansvar for at den faglege verksemda ved UiA held høg kvalitet, for at UiA blir driven effektivt og i overenstemmelse med gjeldande lover og reglar, og føringar som blir gitt av overordna styresmakt.
Delegering
Styret kan delegere avgjerdsmakt til andre ved institusjonen dersom det ikkje er fastsett i lova at styret sjølv skal ta avgjerda, eller det er andre særlege avgrensingar i tilgangen til å delegere. jf. UH-lova § 4-2
Som øvste organ er det styret som er ansvarleg for dei avgjerd som treffest på grunnlag av delegerte styresmakt.
Rektorfullmakt
Rektor blir gitt fullmakt til å avgjere løpande saker som bør avgjerast før det neste styremøtet, men som ikkje er av ein slik karakter at det er behov for å kalle inn til ekstraordinært møte. Styret skal bli orientert om saker som er tatte på rektorfullmakt i etterfølgande styremøte.
Oppgåvene til styret
Oppgåvene til styret følger av den til kvar tid gjeldande lovgivinga. I UH-lova § 4-1 kjem fram følgande oppgåver til styret:
Styret skal trekke opp strategien for utdannings- og forskingsverksemda ved institusjonen og anna fagleg verksemd og legge planar for den faglege utviklinga.
Styret skal fastsette mål og resultatkrav og sikre at den økonomiske ressursane og eigedomen til institusjonen blir disponert i samsvar med reglane gitt av den overordna styresmakta, og etter føresetnadene for dei tildelte løyvingane eller andre bindande vedtak.
Styret skal kvart år gi ein årsrekneskap med ei forklaring for resultata av verksemda og fastsette budsjettet for komande år.
Styret skal fastsette ein skriftleg instruks for og føre tilsyn med den daglege leiinga ved verksemda.
Styret sjølv fastset den interne organiseringa av institusjonen på alle nivå. Organiseringa skal sikre at studentane og dei tilsette blir høyrde. Nedlegging av studiestader skal likevel avgjerast av Kongen i statsråd.
Styreleiar og styremedlemer skal få ei rimeleg godtgjering for vervet. Departementet fastset godtgjeringa.
Saksbehandlinga til styret
Styret skal vere ope om arbeidet sitt. Møta til styret skal haldast for opne dører om ikkje styret bestemmer noko anna, jf. UH-lova § 4-8 (2)
Habilitet
Reglane i forvaltingslova om habilitet gjeld for styret. Styremedlemene har sjølv plikt til å vurdere eigen habilitet. Melding om inhabilitet eller om forhold som kan føre til habilitet skal kunngjerast sekretæren til styret i god tid før møtet. Styret tar elles stilling til habilitetsspørsmålet i samsvar med reglane i forvaltingslova.
Styremøte
For utfyllande instruks for gjennomføring av styremøte, sjå Instruks om
forretningsorden for kollegial organ
1. Innkalling til styremøte skal skje med rimeleg varsel.
2. Styret er vedtaksfør når meir enn halvparten av medlemene deltar i styrebehandlinga, jf. UH-lova § 4-9
3. Styremøta blir leidde av rektor, eller prorektor i rektors fråvær. Dersom både rektor og prorektor er forhindra, vel styret ein annan møteleiar.
4. Styret skal behandle saker i møte med leiaren i mindre styret finn at saka kan behandlast skriftleg eller på annan trygg måte.
5. Leiaren i styret sørge for at det blir halde styremøte så ofte som nødvendig. Andre styremedlemer og universitetsdirektør kan krevje at styret møtest.
6. Det skal førast vedtaksprotokoll frå møta til styret.
7. Medlem av styret har plikt til å møte dersom ikkje vedkomande har gyldig forfall. Medlem som har forfall, har plikt til å gi melding om dette så raskt som mogleg, slik at varamedlem kan kallast inn.
8. Medlem av styret har plikt til å stemme.
9. Styret tar avgjerder med alminneleg fleirtal av stemmene. Ved stemmelikskap er stemma til møteleiaren avgjerande.
10. Universitetsdirektøren har rett og plikt til å vere til stades og til å uttale seg i styremøte. Styret kan for enkelte tilfellet bestemme noko anna.
11. Styremøta skal haldast for opne dører om ikkje styret bestemmer noko anna.
12. Følgande saker blir alltid behandla for lukka dører:
- Saker som blir omfatta av lovfesta teieplikt
- Personalsaker om arbeidstakars stillingsforhold, under dette saker om tilsetting, oppseiing, suspensjon eller avskjed.
13. Medlemene i styret er omfatta av reglane i forvaltingslova om teieplikt. Teieplikta gjeld også etter at vervet som styremedlem er over. Spørsmål om openheit blir regulert etter gjeldande reglar om offentleg innsyn.