– Regjeringa har eit mål om at Noreg skal bli eit av dei mest digitaliserte landa i verda innan 2030 og alle, særleg i offentleg sektor, skal ta i bruk kunstig intelligens. Dette prosjektet er heilt sentralt for å løfte både næringsliv og offentleg sektor inn i KI-alderen, seier professor Morten Goodwin ved UiA.
Goodwin og andre forskarer ved Universitetet i Agder deltek i det nye EU-prosjektet Oceanopolis. Det skal særleg hjelpe oppstartsbedrifter og små og mellomstore bedrifter som ofte slit med å ta i bruk ny teknologi. Prosjektet tilbyr gratis rettleiing, opplæring og moglegheit til å teste teknologi før bedriftene investerer.
EDIH Oceanopolis
EDIH Oceanopolis er ett av to norske «European Digital Innovation Hub»-nettverk.
Partnere i prosjektet:
- DIH Oceanopolis
- NORCE
- Nordic Edge
- Mechatronics Innovation Lab
- Kunnskapsparken Helgeland
- Noroff
- Universitetet i Agder
- Vestlandets innovasjonsselskap
- Kupa
- Prios kompetanse
- Valide
- Vekstpartner
Det fulle namnet til prosjektet er EDIH Oceanopolis. EDIH står for European Digital Innovation Hub, altså eit europeisk, digitalt innovasjonsnav.
Prosjektet har fått 20,9 millionar kroner frå EUs Digital Europe-program. Rundt 1,2 millionar av disse går til UiA.
Grøn omstilling med KI
– Gjennom prosjektet skal vi bruke kunstig intelligens til å drive grøn omstilling. Det handlar om energieffektivisering, sirkulærøkonomi og klimavennleg transport. Dette er viktige samfunnsutfordringar der KI kan gjere ein reell forskjell, seier Goodwin.
For bedrifter kan dette bety nye moglegheiter til å kutte kostnader og bli meir miljøvennlege.
UiA bidreg med kunnskap
– UiA bidreg med toppkompetanse innan KI, maskinlæring og system for å støtte avgjerder. Oceanopolis gir oss ein unik kanal for å teste og bekrefte verdien av ny forsking i direkte samarbeid med industrien, seier Goodwin.
Universitetet er ein av tolv partnarar i samarbeidet. Forskarane kan prøve ut ideane sine hos bedrifter. Slik får bedriftene ny kunnskap, medan forskarane lærer korleis teknologien fungerer i praksis.