I starten av november var det eit tre dagars program om havvind i den chilenske hovudstaden Santiago. Dei som inviterte var Noreg og Danmarks ambassadar, i samarbeid med mellom anna energidepartementet i Chile.
Mikaela Vasstrøm var ein av fem inviterte ekspertar som delte erfaringar frå heimlanda sine.
Rettferdige rammer
– Hovudbodskapen min var enkel. Vi kan ikkje berre flytte vindkraft til havs for å unngå konfliktar. Det er mange konfliktar rundt havvindutbygging òg, seier Vasstrøm.
Chile har dei siste fem åra gått gjennom ei stor energiomstilling og allereie bygd ut mykje fornybar energi på land.
Programmet vart følgt av både statlege og kommersielle aktørar i Chile. Det var god tid til at desse kunne stille spørsmål til dei inviterte ekspertane.
– Eg representerte samfunnsvitskapen, medan andre representerte interessene til industrien. Eg synest vi gav gode, nyanserte svar der vi kunne utfylle kvarandre, seier Vasstrøm.

Nyansert debatt
I tillegg til Vasstrøm bestod ekspertpanelet av
- Sille Grjotheim frå Floating Offshore Wind
- Michael Hannibal frå Global Wind Energy Council
- Oskar Ernst frå Green Power Denmark
- Amisha Patel frå Global Offshore Wind Alliance
– Vi snakka også om å skape rettferdige rammer for omstilling. Det er viktig å sikre at områda der havvind blir utbygd, får noko igjen for det, seier Vasstrøm.
Etter det nasjonale møtet var det lagt opp til eit møte med regionale aktørar.
– Utbygging av havvind kan føre til problem på land. Men det kan også gi moglegheiter for regionar som har behov for energi og reindustrialisering, seier Vasstrøm.
Ho meiner alle partar har nytte av møte som dette.
– Havvind er nytt for alle land. Vi treng å dele erfaringar på tvers av grenser, seier ho.