English version of this page

Tilrettelegg budsjettmodellen for meir samarbeid på tvers

Universitetsstyret vedtok også etablering av eit nytt masterprogram i leiing og HR.

Universitetsstyremøte

Universitetsstyremøte 10. september 2025.

Av Øivind Dagsvik Eskedal, kommunikasjonsdirektør
Publisert 10. sep. 2025 - Sist endret 12. sep. 2025

Universitetsstyret samla seg for første gong etter sommaren til både styreseminar og -møte.

Med nye representantar for både studentar og mellombels tilsette, vart mykje av styreseminaret tysdag brukt til ei oppdatering om status innan både utdanning, forsking, samfunnskontakt og universitetsøkonomien.

Budsjettmodell for meir samarbeid

Fordelinga av midlane til universitetet mellom fakultet og administrative einingar følgjer ein budsjettmodell. Det er gjort eit arbeid for å sikre at modellen fungerer godt med tanke på ny strategi og samfunnsendringar som påverkar universitetet.

Den justerte modellen har vore på høyring på universitetet. Fleire av tilbakemeldingane frå fakulteta har påverka modellen som universitetsstyret no har vedteke.

Endringane er:

  • Distriktsvennleg studieprogram skal ikkje lenger ha ei eiga finansieringsordning. Fleksible studiar skal finansierast som ordinære studiar, med individuelle vurderingar av kor mykje midlar som skal tildelast. 23,9 millionar kroner er sette av til utvikling og drift av strategisk viktige fleksible studiar
  • For å få til meir samarbeid på tvers av fakulteta, blir auka «bonusen» for tverrfakultære studieprogram frå fem til ti prosent
  • Det blir innført ei påskjøning for å dele studentar mellom fakulteta, til dømes for å ta eit valemne. Eit fakultet som sender studentar til andre fakultet for å ta eit emne, får framover halv utteljing som kompensasjon. Fakultetet som utdannar andres studentar i eit emne, får framleis full økonomisk utteljing
  • Insentivet UiAs fakultet har fått for registrerte formidlingsaktivitetar har ikkje fungert etter hensikta og blir fjerna. UiA er einaste norske universitet som har hatt eit slikt insentiv. Universitetsstyret understrekar at formidling framleis er eit like viktig område i UiAs strategi som før
  • Endringane i modellen kan medføre ei viss forskyving av midlar mellom fakulteta, men aldri meir enn tre prosent

Fleire fakultet har etterlyst ei utgreiing av den økonomiske tildelinga for praktisk-estetiske fag. Det er eit stort arbeid som ein ikkje fekk til i denne runden. Styret vedtok at neste gjennomgang av budsjettmodellen skal sjå på nettopp dette.

Nytt studium

I regionen er det ytra ønske om eit nytt studium innan leiing og HR, og Handelshøyskolen ved UiA ønskjer å dekkje dette behovet.

Derfor opprettar dei etter styrvedtaket eit erfaringsbasert masterstudium i leiing og HR på 90 studiepoeng.

Studiet skal gjennomførast på deltid. For å ta studiet må ein både ha bachelorgrad eller tilsvarande, og to års relevant yrkesrøynsle.

Studiet blir finansiert med studieavgift for studentane. Planlagd oppstart er hausten 2026.

Andre utvalde saker frå møtet

Sjå alle saksdokumenta