Abelprisvinnaren Gerd Faltings fryda seg under besøket ved Universitetet i Agder fredag, som fann stad etter Abelpris-utdelinga i Oslo tidlegare i veka. Høgdepunktet var møtet med 400 femteklassingar frå Agder, som deltok i eit opplegg med fysisk matematikk – oppgåver som blir løyste like mykje med kroppen og leik som med hovudet.
Prisvinnaren frå Max Planck-instituttet i Tyskland sa ikkje så mykje medan han gjekk rundt, men smilte breiare for kvart barn han helsa på. Ikkje alle barna visste at han er kåra til verdas fremste matematikar i år, men alle tok imot han som ein superstjerne.
– Det er viktig å skape begeistring for matematikk. 10-åringar synest matte er gøy, og ekstra stas er det å møte ein ekte superkjendis på området, seier prosjektleiar for Abeldagen på UiA, stipendiat Martin Nordskog.
– Vi håpar at eit møte som dette gjer at nokon synest matematikk er endå litt gøyare no enn då dei kom til UiA i morgonstunda.

Løyste matte saman med vidaregåandeelevar
I tillegg til 10-åringane møtte Faltings òg 200 elevar frå vidaregåande skular i Agder som har matematikk som programfag. Dei deltok i konkurransen om å bli Agders beste mattegruppe, og Faltings løyste oppgåver saman med dei – saman med høgare forskings- og utdanningsminister Sigrun Aasland, som òg vitja UiA denne dagen.

Aritmetisk geometri og talteori
I Abel-forelesinga seinare på dagen fortalde Faltings om vegen sin inn i matematikken – frå studietida i Tyskland, via mange år i USA, til dagens arbeid på Max Planck-instituttet. Han skildra den tidlege fascinasjonen sin for matematikk, og korleis det framleis er faget si evne til å avgjere kva som er sant og usant som driv han.
Faltings sitt fagfelt er aritmetisk geometri og talteori. Han er særleg kjend for å ha bevist Mordells formodning, som seier at ein bestemt type kurver berre kan ha eit avgrensa tal punkt der både x og y er heiltal – eit problem som hadde stått uløyst sidan 1922. Dette arbeidet gjorde han først kjend blant fagfellar, og seinare internasjonalt.
Cybersikkerheit, KI og kvantedatamaskiner
Sjølv om få av oss vil bruke teoriane hans direkte, byggjer mykje av den moderne digitale verda på innsikt som Faltings og andre har utvikla. Når du loggar inn i nettbanken, skjer det ei utveksling av hemmelege nøklar basert på store primtal og matematiske kurver – strukturar som spring ut av fagfeltet hans. Utan slike gjennombrot ville passord vore langt lettare å knekke.
Det same gjeld ende-til-ende-kryptering i meldingsappar som WhatsApp, brukt av over to milliardar menneske. Også grunnleggjande funksjonar innan kunstig intelligens og framtidas kvanteteknologi byggjer på matematiske metodar Faltings har vore med på å utvikle.
Etter besøket på UiA drog Abelprisvinnaren vidare til festmiddag på Froland gard, der den mest kjende norske matematikaren, Nils Henrik Abel, som Abelprisen er kalla opp etter, budde dei siste åra av sitt liv.