– Vi undersøkjer ulike problemstillingar i høgare utdanning. No ville vi høyre meir om korleis profesjonsutdanningane jobbar med KI. I mange yrke har KI ført til nye utfordringar og moglegheiter, seier professor Anders Malthe-Sørenssen ved Universitetet i Oslo.
Han leier utvalet som vart oppnemnt av Kongen i statsråd 21. mars 2025. Oppgåva er å vurdere korleis høgare utdanning blir påverka av utviklinga av KI-teknologi.
KI påverkar sjukepleie
UiAs viserektor for utdanning, Hilde Inntjore, er også med i utvalet.
– Vi har ei rekke store profesjonsutdanningar, og ein sterk profesjonsidentitet. Vi utdannar mellom anna lærarar, sjukepleiarar og økonomar. Dette er utdanningar vi ønskjer innspel frå, og derfor vart møtet lagt til UiA, seier Inntjore.
Mange hadde innspel til utvalet. Mellom anna instituttleiar Dag Tomas Sagen Johannesen ved institutt for helse- og sjukepleie.
– KI påverkar klinisk skjønn, relasjonelt arbeid og etikk. KI må styrkje, ikkje svekkje, pasienten sin rett til medverknad, tryggleik og menneskeleg omsorg, sa Johannesen i sitt innspel.

Gode simuleringar
Lærarutdanningane tok opp sitt behov for meir kompetanse på området. Dei utdannar heile befolkninga.
– Det er mykje uvisse rundt KI, samstundes som fleire og fleire tek det i bruk. Vi har fått stor nytte av å bruke KI til å lage realistiske praksisnære øvingar. Til dømes elev- og foreldresamtalar, og også mobbesaker, sa dekan Gunn Bjørnsen ved lærarutdanninga på UiA.
Utvalets arbeid skal halde fram til hausten neste år, og skal levere hovudrapport i oktober 2026 til Kunnskapsdepartementet.