– Vi er no ferdige med eit godt, flott, krevjande og spanande prosjekt. Det har vore fint. Og no byrjar det for Vitensenteret og UiA. Eg ser alt fram til å sjå kva det blir til når det som no er tomrom, blir fylt av aktivitet. Det blir spanande, seier Skanska Agder sin prosjektleiar for nybygget, Terje Kulien Lunde.
Markerte tett tak med smell og kake
Opnar lørdag 20. juni
Det blå, tre etasjar høge nybygget på 3000 kvadratmeter har teke fire år å realisere, frå utlysing i Doffin i 2022 til siste spikerslag blei gjort denne veka. Bygget er gjennomført innan planlagt tidsramme, bygd av nærare 40 tilsette i Skanska, og reist utan personskadar.
Initiativet til vitensenteret kjem frå Vitensenteret Sørlandet og UiA i fellesskap, godt støtta av Agder fylkeskommune og Kristiansand kommune. Tomta er stilt til rådvelde av Statsbygg, medan det private utviklingsselskapet Greveskogen Eiendom har finansiert og eig bygget – som altså er bygd av Skanska Sør.
Nybygget har fått navnet Vitensenteret Kristiansand UiA, og Universitetet i Agder og Vitensenteret Sørlandet går no inn som leigetakarar. Dei vil fram mot opninga innreie bygget til eit godt sted å vere for store og små, der vitskap, nysgjerrigheit, undervisning, samskaping og engasjement står i sentrum.
Når senteret i Kristiansand opnar dørene for publikum 20. juni i år, blir det eitt av dei 13 vitensentera i Noreg som fungerer som regionale kunnskaps- og læringsarenaer innan naturfag, teknologi og matematikk.
Gler seg til opninga
– Vi gler oss veldig til å ta bygget i bruk. Vi er allereie godt i gang med å innreie to etasjar med spanande aktivitetar for store og små. Bygget er fantastisk, og eg er overtydd om at det vil publikum òg meine, seier Kine Wangerud, leiar av Vitensenteret Sørlandet.
Også Kjetil Helland, økonomi- og campusdirektør ved UiA, er nøgd med nybygget. UiA disponerer 1000 kvadratmeter i bygget, der studentar, UiA-tilsette, næringslivet og andre skal kunne arbeide saman og fungere som ei open regional kunnskaps- og læringsarena.
– Det er no det byrjar for oss. No skal vi få inn maskiner og utstyr, slik at alt er klart til opninga, seier han.
UiA har òg eit eige utstillingslokale i bygget, der større utstillingar kan plasserast. Først ute ved opninga er Hjernereisen – ei pedagogisk tilrettelagd utstilling om hjernen vår og korleis ho verkar. Utstillinga blir produsert i desse dagar og skal monterast etter påske.
Slik er planløysinga i nybygget:
1. etasje:
• Vitensenteret Sørlandet sitt formidlingsområde
• Matpakkerom/undervisningsrom (kapasitet ca. 50 barn/30 vaksne)
• Sosiale soner og fellesareal
• Amfi (kapasitet ca. 70 barn/50 vaksne)
2. etasje:
• Vitensenteret Sørlandet sitt formidlingsområde
• UiA sitt formidlingsrom (80 kvm) – her kjem opningsutstillinga Hjernereisen med UiA sitt forskingsmiljø innan hjerneforsking
3. etasje:
• Vitensenteret Sørlandet sitt kontorlandskap
• UiA sine kontor, tre gruppe-/møterom og prosjektrom
• Sosiale soner og fellesområde
Verkstad i 3. etasje:
• Lab/undervisningsrom (kapasitet 42 vaksne)
• Undervisningsrom (kapasitet 54 vaksne)
• Makerspace med 3D-print, laserkuttar, lodding, trearbeid, tekstilarbeid, printer m.m. (kapasitet 45 vaksne)
Kort om Vitensenteret Kristiansand UiA:
- Vitensenteret UiA står klart på Campus Kristiansand frå våren 2026. Senteret skal bli ein attraktiv møteplass mellom barn, ungdom, bedrifter, organisasjonar, tilsette og studentar.
- Statsbygg eig grunnen og bortfestar til nybygget, som ligg på UiA sin campus på Gimle, ved Spicheren Treningssenter og Studentsamskipnaden sitt Helsehus.
- Bygget er på 3000 kvadratmeter fordelt på tre etasjar, med Vitensenteret Sørlandet, UiA sine lokale og kafé.
- Byggherre er Greveskogen Eiendom AS i Oslo, gjennom Vitenbygg Campus Kristiansand AS. Skanska Bygg Region Sør står for utbygginga.
- Arkitekt er Filter Arkitekter i Oslo, som òg har teikna ny skule og idrettssenter på Tangvald i Søgne.
- Prosjektet er organisert som eit offentleg-privat samarbeid (OPS). Det private selskapet har ansvar for bygging, finansiering, drift og vedlikehald, medan UiA og Vitensenter Sørlandet blir leigetakarar.


