English version of this page

Markerte tett tak med smell og kake

Sist fredag var nybygget til det kommande Vitensenteret på UiA under tak. Som seg hør og bør vart det feira med kranselag, kake – og kunnskapsshow.

MARKERTE MED EIT SMELL: Kunnskapssenter Sørlandet stod for store delar av underhaldninga måndag, då dei gav smakebitar på innhaldet som kjem i nybygget om eit års tid. Her er det kjemi-området som blir besøkt – med kraftige smellar.

MARKERTE MED EIT SMELL: Kunnskapssenter Sørlandet stod for store delar av underhaldninga måndag, då dei gav smakebitar på innhaldet som kjem i nybygget om eit års tid. Her er det kjemi-området som blir besøkt – med kraftige smell.   

Av Jan Arve Olsen
Publisert 10. mars 2025 - Sist endret 14. mars 2025

- Det er veldig bra at vi har komme så langt. Vi er på budsjett, og alt tyder på at vi vil vere ferdige som planlagt i april neste år.

Det seier byggherre Hans Jacob Låhne i Greveskogen Eiendom, som tok turen eine og åleine til Kristiansand og Gimle måndag for å vere med på kranselaget.

Bildet kan inneholde: hjelmhatt, arbeidstøy, klær med høy synlighet, personlig verneutstyr, hjelm.
INVITERTE: Gruppa som inviterte til kranselaget måndag representert ved (f.v.) byggherre Hans Jacob Låhne i Greveskogen Eiendom, produksjonsleiar Helge Pedersen i Skanska, prosjektleiar Vibeke Ulstein ved UiA, prosjektleiar Terje Kulien Lunde i Skanska, prosjekteringsleiar Thomas Fluøri Skanska, og Dag Arnesen i Greveskogen Eiendom.

I talen helsa han særleg på arbeidarane som har reist bygget. Kvart fag frå gravemaskinførarane, betongarbeidarane og jernbindarane, til røyrleggjarane, golvleggjarane og målarane vart skikkeleg nemnde og fekk skryt.

- De har alle grunn til å vere stolte i dag. Det er eit flott bygg som har reist seg, sa han.

Sjå også: Første spadetak for det nye kunnskapsbygget på Gimle

Bildet kan inneholde: klær, personlig verneutstyr, arbeidstøy, jakke, team.
KRANSELAG: Forskalingssnikkar og verneombod Glenn Morten Askland (t.v.) og forskalingssnikkar Didrik Solli (t.h.) er fornøgde med at arbeidet har gått fint og utan alvorlege skadar. Her saman med kollegaer på kranselaget måndag.   

Reist på 11 månader

Kranselaget er ein fest gitt av byggherren for arbeidarane når eit nybygd hus er under tak. Skikken har røter tilbake til 1400-talet og blir markert ved at handverkarane sette opp ein mønsåskrans – ein krans eller eit lite tre, anten i mønet eller høgt oppe på bygget ved eit av hjørna. Så spanderte byggherren ein fest, som regel innan éi veke.

- Det er ein fin skikk, så dette tek vi med oss, seier forskalingssnikkar og verneombod Glenn Morten Askland, ein av dei nærare 80 handverkarane og byggjeleiarane som deltok i markeringa måndag.

- I det heile har det vore fint å vere med på arbeidet så langt. Så håpar vi berre det går like bra framover òg, seier han.

Kranselag
I KAFETERIAEN: Kranselaget vart halde i den delen av bygget som skal bli kafe. Nær 80 personer deltok.

Alt i alt har det tette bygget sysselsett ca. 30 tilsette dagleg på det meste, sidan første spadetak vart tekne i april i fjor. No byrjar innandørsarbeidet. Når bygget står ferdig i april neste år vil det innehalde parkeringskjellar, kafé drifta av SiA, nye lokale i Kristiansand for Vitensenter Sørlandet, lokale for UiA, og samskapingslokale der Vitensenteret, UiA, skular og andre kan møtast og skape noko nytt.

Bildet kan inneholde: urban design, blandet bruk, næringsbygg, parkering, byggemateriale.
TETT BYGG: Slik ser bygde ut i dag. Etter planen vil det 3000 kvadratmeter store bygget vere klart til opning i april 2026.

Opningsutstilling om hjernen

Når bygget står ferdig i april neste år vil det innehalde parkeringskjellar, kafé drifta av Sia, nye lokale i Kristiansand for Vitensenter Sørlandet, lokale for UiA og samskapingslokale der Vitensenteret, UiA, lærarar, studentar og andre kan møtast og skape noko nytt.

I det nye bygget får UiA  fleire ulike typar lokale der det skal drive undervisning, prosjektarbeid og formidling. Mellom anna får universitetet eit eige utstillingsareal der det vil bli ei interaktiv opningsutstilling om hjernen, i samarbeid med Vitensenteret Sørlandet og Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging, region Sør (RVTS Sør). Frå UiA bidreg nevroforskarane Hanne og Tor Stensola ved UiA sitt nevrovitskaplege samarbeidslaboratorium DSynC.

Universitetet skal også etablere ein prosjektarena i det nye bygget, med ulike typar undervisningslokale, samhandlingsareal og ein kreativ og sosial skaparverkstad der menneske med ulike ferdigheiter kjem saman for å skape, byggje, lære og utforske. 

FERDIG VÅREN 2026: Slik blir det når det står ferdig: parkeringskjellar, kafé, samlingsstad og 3000 kvadratmeter med fokus på vitskap, forsking, samskaping, entusiasme og kunnskapsoverføring i regi av Vitensenter Sørlandet og UiA. (Ill. Filter Arkitekter)

KORT OM KUNNSKAPSBYGGET PÅ GIMLE

  • Det er Statsbygg som er grunneigar og bygslar grunn til nybygget på campusen til UiA på Gimle, tett ved Spicheren Treningssenter og Helsehuset til studentsamskipnaden.
  • Bygget er på 3000 kvadratmeter i tre etasjar. Det skal huse kristiansandsavdelinga til Vitensenter Sørlandet, UiA og ein kafé.
  • Byggherre er eigedomsselskapet Greveskogen Eiendom AS i Oslo, gjennom formålsselskapet Vitenbygg Campus Kristiansand AS, medan Skanska Bygg Region Sør skal stå for utbygginga.
  • Arkitekt i prosjektet er oslobaserte Filter Arkitekter, som m.a. har teikna det nye skulen og idrettssenteret på Tangvald i Søgne.
  • Sjølve prosjektet er organisert som eit offentleg-privat samarbeid (OPS), der det private selskapet har byggherrerolla og tek ansvar for bygginga, finansieringa, drifta og vedlikehaldet, medan UiA og Vitensenter Sørlandet blir leigetakarar i bygget som dei sjølv har ivra for.