English version of this page

UiA skal bidra til meir effektiv gjenvinning av elbil-batteri

Universitetet i Agder deltek i eit stort europeisk forskingsprosjekt som skal revolusjonere måten vi gjenvinn batteri på. Målet er å gjere resirkulering av batteri både meir lønnsam og meir miljøvennleg.

Foto av elbil-batterier

– Akkurat no er det ikkje lønnsamt å gjenvinne batteri i Europa. Vi håpar dette prosjektet vil hjelpe selskap som jobbar med å resirkulere å oppfylle EUs nye reguleringar for batteri, samtidig som vi gjer prosessen økonomisk berekraftig, seier Martin Choux på Universitetet i Agder (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Av Walter Wehus
Publisert 12. feb. 2025 - Sist endret 13. feb. 2025

RESTORE-prosjektet starta offisielt i Barcelona i januar. Det samlar 20 partnarar frå sju europeiske land. Forskarane skal utvikle nye metodar for å vinne tilbake batteri frå elektriske køyretøy og andre lithium-ion-batterier. EUs Horisont Europa-program skal finansierer forskinga med nærmare 8 millionar euro.

Foto av Martin Choux
Martin Choux er førsteamanuensis ved Institutt for ingeniørvitenskap på Universitetet i Agder.

– Batteri er heilt avgjerande i elektrifiseringa av transportsektoren for å nå klimamåla. Samtidig blir tilgangen på viktige råmaterial til batteriproduksjon stadig meir utfordrande. Derfor er effektiv batterigjenvinning ekstremt viktig, seier førsteamanuensis Martin Choux, som leier prosjektet frå UiAs side.

Frå tekstil til batteri

UiA skal mellom anna vidareutvikle teknologi for automatisk demontering av batteri. Ein ny sensorteknologi skal gjere det lettare å identifisere og sortere ulike delar.

– Vi skal byggje vidare på erfaringar frå ISORTX-prosjektet, der vi automatiserer sortering av tekstil før gjenvinning. Denne teknologien vil vi no tilpasse til batterigjenvinning, forklarer Choux.

Forskarane skal også undersøkje både skånsame og meir destruktive metodar for å ta frå kvarandre batteripakkar, og dokumentere fordelar og ulemper ved dei ulike tilnærmingane.

Eit anna viktig område for UiA i RESTORE-prosjektet er å gjere arbeidet med batteria meir energieffektivt ved hjelp av smartare maskiner.

– Vi jobbar med å utvikle system som kan ta avgjerder direkte i integrerte krinsar. Dette reduserer behovet for eksterne dataressursar som krev mykje energi. I tillegg er cybertryggleik svært viktig for oss her, seier Choux.

Kan gjere resirkulering lønnsamt

UiA er allereie involvert i fleire batteriprosjekt, mellom anna RHINOCEROS-prosjektet som starta i 2022. Der er målet å automatisere 75 prosent av demonteringa av elbilbatteri, med minimal omarbeiding når ein behandlar nye batteritypar.

Restore-prosjektet

  • RESTORE står for "Automated sorting and safe pre-processing of end-of-life batteries with novel smart and fast dismantling, and separation technologies for direct reuse of high purity materials in energy storage applications"
  • Prosjektet har ei finansiering på 7 999 189,50 euro frå EUs Horisont Europa-program
  • Prosjektperioden er 2025-2029
  • Du kan følgje prosjektet på LinkedIn

RESTORE-prosjektet går endå lenger. Her skal forskarane utvikle ein heilskapleg prosess som ikkje berre gjer gjenvinninga meir effektiv, men også sikrar at verdifulle material som i dag går tapt kan gjenbrukast direkte i batteriproduksjon.

– Akkurat no er det ikkje lønnsamt å gjenvinne batteri i Europa. Vi håpar dette prosjektet vil hjelpe selskap som jobbar med å resirkulere å oppfylle EUs nye reguleringar for batteri, samtidig som vi gjer prosessen økonomisk berekraftig, seier Choux

Han ser også moglegheiter utover batterigjenvinning:

– Metodane vi utviklar for smart, automatisert demontering av batteri kan overførast til andre produkt. Dette kan bidra til betre gjenvinningsprosessar generelt og ein meir sirkulær økonomi.

RESTORE-prosjektet går over fire år og blir koordinert av forskingsinstituttet LEITAT i Spania. Blant partnarane er både leiande forskingsinstitusjonar og store industriaktørar.