English version of this page

Samlar krefter frå 26 aktørar til eit grønt havroms-løft

UiA går saman med toppforskarar frå NORCE, NTNU, UiS, og IFE for å drive fram løysingar som kan styrke det grøne skiftet i havroms-bransjene. Dei har med seg partnarar frå både inn- og utland.

Gruppelederne sammen i et teknologi bygg på UiA

Prosjektleiar og UiA-professor Kjell G. Robbersmyr (f.v.), seniorforskar i NORCE Ellen Marie Nordgård-Hansen, og leiar av UiAs havvind-satsing Geir Grasmo. Fleire sentrale personar jobbar med dette prosjektet, og her er nokre av dei som jobbar for ein grønare havroms-industri. Foto: Miriam Olsen / UiA

Av Damares Stenbakk
Publisert 30. okt. 2024 - Sist endret 5. nov. 2024

– Vi skal bidra til å utvikle og forbetre teknologien på tvers av havroms-næringar som havvind, olje og gass, og skipsfart. Målet vårt er å samarbeide tett med industrien.

Det seier Kjell G. Robbersmyr, professor i ingeniørvitskap ved Universitetet i Agder (UiA). Han er prosjektleiar for SFI LEO (Senter for forskingsdriven innovasjon: Life Extensions of Offshore Assets).

Budsjett på over 240 millionar

UiA leier prosjektet med mål om å etablere eit forskings- og innovasjonssenter som fremjar grønare industri, både på land og til havs. Den nyleg innsende søknaden kan få over 85 millionar kroner i samarbeidsstøtte frå næringslivet, og 96 millionar kroner frå Noregs forskningsråd.

Totalbudsjettet kan bli på meir enn 240 millionar kroner. Først må søknaden gå gjennom i den harde konkurransen i SFI-utlysinga til Noregs forskingsråd.

– Ambisjonen vår var 200 millionar, så dette viser ein sterk vilje frå næringslivet til å støtte vårt senter. Desse midlane vil bidra til ei grønare utvikling nasjonalt, legg UiAs forskingsrådgivar Anne Solvang Salvesen til.

Les meir om SFI-ordninga her

Oppstart i 2026

Så langt har 26 aktørar, både nasjonalt og globalt, signert på at dei blir med på laget.

For å nå målet om å bli ein SFI er samarbeid heilt avgjerande. Dette vil også sikre god kunnskapsutveksling mellom industrien og akademia.

Ellen Nordgård-Hansen er seniorforskar i NORCE. Ho understrekar visjonen til senteret:

– Føremålet er å få til eit godt samarbeid med alle våre partnarar. Frå ny kunnskap til ny teknologi og konkrete løysingar, seier ho.

Bedriftene vil delta i prosjektet ved å gi økonomisk støtte, samt bidra med utstyr og innsats frå sine tilsette. Dersom SFI LEO-prosjektet får løyving vil det bli oppstart i 2026.

Kjell G. Robbersmyr er prosjektleiar for SFI LEO, eit prosjekt som skal forbetre utvikle og forbetre teknologien på tvers av havroms-bransjene. Foto: Miriam Olsen / UiA

Reduserer risiko og kostnader

Men korleis skal prosjektet eigentleg gjere ein forskjell i havroms-industrien?

Ifølgje Robbersmyr skal senteret levere nyskapande løysingar for styring av kritisk utstyr og anlegg til havs og installasjonar på land. Dette vil gjere vedlikehaldet enklare og redusere risikoen for skadar på både menneske, miljø, installasjonar og skip.

– Ved å overvake utstyret nøye, kan vi kontrollere bruken og ta kvalifiserte avgjersler om å forlenge levetida til utstyret. Dette vil ikkje berre redusere risikoen for skadar, men også senke driftskostnadene, seier han.

Prosjektet har samla fleire store og tunge aktørar, men er framleis opne for samarbeid med nye verksemder.

Bli ein del av det grøne skiftet som partnar i prosjektet!

Fakta om SFI LEO-prosjektet

  • UiA søkjer om å etablere Senter for forskingsdriven Innovasjon: Life Extensions of Offshore Assets, forkorta SFI LEO.
  • UiA leier prosjektet saman med NORCE Research, NTNU avdeling Ålesund, Universitetet i Stavanger (UiS), og Institutt for energiteknikk (IFE).
  • Søknadsprosessen er todelt: Søknad for trinn ein vart levert til Noregs forskingsråd 18. september, der intensjonen bak senteret og samarbeidet med alle bedriftspartnarane vart presentert.
  • Av rundt 100 søknader vil 30 bli valde ut og inviterte til trinn to, der ein meir omfattande og detaljert søknad skal leverast i juni 2025.
  • Dersom SFI LEO-prosjektet får løyving, vil det bli eitt av minimum åtte nye SFI-senter i Noreg, med oppstart tidleg i 2026.