Academic Esports World Tournament er den første konkurransen i verda som blandar saman e-sport og akademiske oppgåver.
Turneringa går føre seg 14. til 19. desember 2024 på University of Hawaii Maui College (UHMC), og samlar åtte universitet frå fire verdsdelar.
– Eg gler meg til å teste ut ferdigheitene mine i ei slik turnering. Det er ein «once in a lifetime»-oppleving, seier student Hugo Vettori.
Han er ein av 10 studentar på bachelorstudiet i akademisk e-sport som deltek på UiAs lag.
– Turneringa banar nye vegar i korleis vi tenkjer på e-sport i utdanning. Her skaper vi noko som aldri har vorte gjort før internasjonalt. Og det er ei glimrande moglegheit for kulturutveksling og å byggje nettverk over heile verda, seier Rune Andersen, studieprogramleiar for akademisk e-sport ved UiA.
Andersen er sjølv initiativtakar for heile turneringa, og har saman med e-sport-miljøet på UiA designa opplegget. UiA har også ansvar for den akademiske delen av turneringa.
Blanding av gaming og akademisk kunnskap
I turneringa konkurrerer studentane i kjende e-sportspel som League of Legends, Valorant og Rocket League, men også i akademiske oppgåver som programmering, caseløysing og diskusjonar om viktige tema innan e-sport.
På UiA har studentane hatt eigne kvalifiseringsrundar, både i spela og i dei akademiske oppgåvene, for å førebu studentane til det som ventar på Hawaii.
60 prosent av poenga går til akademiske oppgåver og 40 prosent til e-sport-konkurransane. Den totale poengsummen avgjer kva universitet som blir kåra til verdsmeister i akademisk e-sport.
I tillegg vil "Aloha Spirit Award" delast ut til ein deltakar som viser ekstra mykje sportsånd og samarbeidsevne.
Meir informasjon om arrangementet og korleis du kan følgje turneringa (engelsk)
Inga vanleg e-sport-turnering
– Dette er inga vanleg profesjonell turnering, men ein kombinasjon av eit spel-event og akademiske tema. Deltakarane skal vise både akademisk kompetanse og meistre spel-mediet. I sum handlar det om korleis studentane kan overføre ferdigheiter frå gaming til arbeidslivet, forklarer Andersen.
Blant dei akademiske utfordringane er ei programmeringsoppgåve der studentane skal lage eit spel med tema berekraft, og ei caseløysing der dei skal komme opp med idear for korleis e-sport kan fremje innovasjon i næringslivet.
Deltakarane skal også delta i paneldiskusjonar om aktuelle tema som inkludering og miljø i e-sport.
Fleire ser til UiA
Per i dag er UiA det einaste universitetet som tilbyr eit fullstendig akademisk e-sport-studium. Stadig fleire av lærestadene bringar no e-sport-relaterte fag inn i programma sine, og ønskjer å implementere meir av UiAs modell.
– Mange tilbyr utdanning i e-sport saman med fagfelta business, idrett eller spelutvikling. Men ingen har eit heilskapleg bachelor- og masterprogram og forskingsmiljø innan akademisk e-sport, seier Andersen.
Han merkar tydeleg at UiA har vorte ein attraktiv partnar for andre universitet som tilbyr utdanning innan e-sport. Fleire vil inngå samarbeidsavtalar.
– No kjem dei til oss, før var det vi som kom til dei, seier han.