UiA-studentar får praksis ved fransk prestisjeskole

Etter eit vellykka pilotår er det nå offisielt: Lærarstudentar frå UiA kan dei neste fem åra ha praksis ved den norske seksjonen ved Lycée International i Saint-Germain-en-Laye.

Bildet viser Magnus Mork og Viggo NN som handhelser, ser inn i kamera og smiler

Avtalen er signert! Magnus Mork, direktør for Avdeling for lærarutdanning, og Viggo Handeland, styreleiar for den norske seksjonen ved Lycée International.

Av Vibeke Faye Wevle
Publisert 13. apr. 2026 - Sist endra 15. apr. 2026

Lycée International Saint-Germain-en-Laye

Etablert: 1952 av NATO (overtatt av den franske staten i 1967).

Størrelse: Over 4000 elevar og 14 nasjonale seksjonar.

Særpreg: Fransk offentleg skole som kombinerer det nasjonale franske løpet med undervising i morsmålet til elevane i eigne seksjonar.

Samarbeid: Femårig avtale med UiA for grunnskolelærar- og lektorstudentar.

– Vi er veldig nøgde med at vi har fått formalisert avtalen om årlege praksisperiodar for både grunnskolelærarstudentane og lektorstudentane, seier Magnus Mork, direktør for Avdeling for lærarutdanning.

Avtalen kjem som eit resultat av ei målretta satsing. Skolen, som ligg like utanfor Paris, blir rekna som ein av Frankrikes fremste offentlege utdanningsinstitusjonar. For UiA-studentane betyr dette ei unik moglegheit til å oppleve fleirspråkleg undervising i rammer med svært høgt læringstrykk.

– For UiA som lærarutdanningsinstitusjon er det ei «fjør i hatten» å ha eit samarbeid med ein svært anerkjend skole, og ikkje minst positivt med tanke på rekruttering til studia våre, fortel Mork.

– Praksisopphald i utlandet er attraktivt for mange studentar, og i fleire tilfelle meir tilgjengeleg enn semesterutveksling, utdypar Randi Løvdal, seniorrådgivar og koordinator for utveksling og praksis i utlandet for lektor- og PPU-utdanningane.

Ein skole i særklasse

Bildet viser ei gruppe på fem personar i eit lyst og åpent fellesareal med galleri
Lycée International er ein stor skole, samtidig som han blir opplevd som nær og tilgjengeleg. Her frå Atrium, eit lyst og ope fellesareal like innanfor hovudinngangen.

Lycée International blei etablert av NATO i 1952 og huser i dag over 4000 elevar fordelte på 14 nasjonale seksjonar. Skolen følgjer franske læreplanar, men skil seg ut ved at alle elevane i tillegg følgjer undervising i eige morsmål i den respektive seksjonen sin.

Ved den norske seksjonen underviser norske lærarar etter norske tradisjonar, noko som skaper ein spesiell dynamikk i ein elles travel fransk skolekvardag. Elevane tar Baccalauréat Français International (BFI), ein eksamen som gjev direkte tilgang til høgare utdanning i både Frankrike og Noreg.

Norsk nærleik i fransk storskole

Kvardagen for elevane ved skolen er intens. Med skoledagar som ofte varer frå klokka åtte om morgonen til seks om kvelden, krevst det stor innsatsvilje, og den franske og den norske undervisinga blir opplevd som veldig ulik frå kvarandre:

I klasserommet til den norske seksjonen
Det var også tid til besøk i undervisinga til elevane i Première (VG2) og få høyre korleis det er å vere elev her.

– I dei franske klassane kan vi vere opp mot 35 elevar, og alt handlar om prestasjonar. Da er det utruleg godt å komme til den norske seksjonen. Her er vi færre, vi har ein mykje tettare dialog med lærarane og det kjennest meir som eit pusterom i ein elles travel kvardag, fortel ein av dei åtte elevane i Première (VG2).

– I dei norske timane snakkar vi om mykje meir enn berre pensum, og lærarane ser oss som individ på ein heilt annan måte. Sjølv om krava her nede er høge, så er kombinasjonen fransk og norsk undervising noko vi seier «ja, takk, begge deler» til, legg ein av dei andre elevane til.

UiA-studentane imponerer

Seksjonsleiinga i den norske seksjonen skryter av studentane frå UiA og trekkjer særleg fram deira openheit og vilje til å kaste seg ut i ein framand skolekultur. Sjølv om studentane allereie har mykje praksiserfaring frå norske klasserom, er dei første vekene i Frankrike lagt opp for å gi dei ein god overgang til elevane og dei små klassane ved den norske seksjonen.

Les også: Reisebrev: Praksis i Paris: Et lite stykke Norge i Frankrike

Gruppebilde av fire personer
Fra venstre: Seksjonsleder Ida Storsve, avdelingsdirektør Magnus Mork, leder for ungdomsskolen ved Lycée International Nelly Loussert og student Nora Kristine Strand Lorentzen. 

Kva trinn og klassar studentane endar opp i, blir avklarte gjennom ein samtale med seksjonsleiar ved skolen. Føremålet er å samkøyre forventingar og sikre at fagkombinasjonane til studentane og trinnfokus frå utdanninga ved UiA blir brukte på best mogleg måte i skolekvardagen. Erfaringane frå pilotåret viser at evna til å vere fleksibel innanfor desse rammene er det skolen verdset aller høgast.

Brubyggar til Noreg

Ein del av målet med samarbeidet er også å fungere som ein brubyggar. Mange av dei norske elevane i Frankrike kjenner berre til studiemoglegheiter i Noreg gjennom sine foreldres erfaringar. Gjennom UiA-studentane får dei nå fersk kunnskap om korleis det er å studere i Noreg i dag, og ikkje minst ved UiA.

Bildet viser ei hand som skriv i ei bok
Tusen takk for oss! Ein hyggeleg helsing etter eit vellykka og godt besøk.

Seksjonen har hatt ein politisk prosess dei siste åra, og er nå inne på det norske statsbudsjettet med brei politisk støtte.

– At vi nå har ein fast, langvarig avtale gjer det føreseieleg for både oss og skolen. Det viktigaste for å lykkast i denne praksisen er fleksibilitet og openheit, eigenskapar studentane våre har vist at dei har i rik monn, avsluttar Mork.