Unge forskarar vil samle litteraturlivet i Agder

Med ein litteraturpodkast, ein formidlingspris og ein splitter ny organisasjon jobbar to UiA-stipendiatar for å gjere Agder til eit levande litterært knutepunkt.

Bildet kan inneholde: smil, erme, lykke, mote, snipp.

– På sikt håpar vi å gjere Litthøbb til ein regional organisasjon som kan sette Sørlandet på det litterære kartet, slik som Bergen, Oslo og Trondheim er det i dag, seier Oda Sagebakken Slotnes (t.h.). Saman med Helle Marie Vatne driv ho mellom anna podkasten Litteraturens mønstre.

Av Walter Wehus
Publisert 26. mars 2026 - Sist endret 31. mars 2026

Oda Sagebakken Slotnes og Helle Marie Vatne forskar på litteratur ved Universitetet i Agder.

Ved sida av arbeidet med doktorgradene sine har dei bygd eit nettverk av litterære arrangement som strekker seg langt utanfor universitetet.

– Vi sakna eit rom for å snakke om litteratur på ein akademisk måte, men samtidig for folk flest som er interesserte i litteratur, seier Sagebakken Slotnes.

Podkast om litterære mønster

I desember 2024 lanserte dei podkasten Litteraturens mønstre. Der snakkar dei to litteraturvitarane om ulike mønster som går igjen i litteraturen – det kan for eksempel handle om krigsminne, havet, det lyriske «eg» eller kjærleiksromanen – og inviterer kollegaer og forfattarar inn i samtalane.

– Litt av grunnen til at vi starta podkasten, var å skape eit rom for å prate om litteratur utanfor dei stramme rammene i det akademiske arbeidet, seier Vatne.

Dei har gjort fleire live-innspelingar, blant anna under Skeive Sørlandsdagar og under litteraturfestivalen Et annet sted i Posebyhaven. Sistnemnde har vore eit av høgdepunkta for dei så langt i formidlingsarbeidet.

– Det var noko med å ha eit publikum, å sjå interessa og høyre responsen. Det gjer noko med samtalen. På det punktet hadde vi jo også spelt inn så mange episodar av podkasten at vi kjente kvarandre godt og kunne spele kvarandre gode, seier Sagebakken Slotnes.

Her kan du høyre episodane:

Før jul fekk dei to Formidlingsprisen frå UiAs Fakultetet for humaniora og pedagogikk. For stipendiatar, som stadig blir minte om at avhandlinga må kome først, betydde det mykje.

– Det arbeidet vi har gjort er frivillig og har tatt av fritida vår. At det blei sett pris på, og at vi fekk den anerkjenninga, var stas, seier Sagebakken Slotnes.

Slotnes og Helle er også nøgde med at dei har løfta fram litteraturmiljøet på UiA gjenom podkasten.

Juryen sa mellom anna at dei to «har vist eineståande evne til å formidle litteraturforsking på ein kreativ, inkluderande og fagleg solid måte. Gjennom podkasten Litteraturens mønster og tilhøyrande initiativ har dei bidradd til å spreie kunnskap, skape debatt og styrke interessa for litteratur både ved universitetet og i samfunnet.»

Foto av Oda og Helle
Oda Sabebakken Slotnes og Helle Marie Vatne fekk formidlingsprisen frå fakultetet sitt før jul.

Vil samle Litteratur-Agder

Frå all denne formidlinga har det vakse fram ein idé om noko større. I fjor haust var dei med på å stifta organisasjonen Litthøbb.

– I Kristiansand og Agder finst mange gode initiativ og arrangørar, men ingen paraply og vi snakkar ikkje alltid saman. Det kan vere eit arrangement med ein kjend forfattar i Grimstad utan at nokon i Kristiansand får det med seg, seier Vatne.

Litthøbb har tre formål: arrangere litterære arrangement, samle aktørar på litteraturfeltet og jobbe for å gjere litteratur meir synleg i regionen. Dei har mellom anna fått støtte frå Cultiva til å bygge ei nettside med oversikt over alle litteraturarrangement i Agder.

Dei har også fått støtte frå Fritt ord og 420.000 kroner frå Cultiva til ei fast tysdagsrekke med arrangement i 2026.

– Vi vil at det skal vere eit litteraturtilbod i Kristiansand kvar tysdag. Føreseieleg og jamt, seier Vatne.

Arrangementa på tysdagar spenner frå bokbad og panelsamtalar til andre slags litterære samlingar. Og her er det meininga at andre arrangørar skal kunne kople seg på.

Arrangement for alle

Eit av konsepta dei to er mest stolte av er Lesk og les. Annankvar tysdag møtest mellom 20 og 30 personar på baren Et annet sted i Posebyen for å lese i stille saman. Serien starta i oktober og har trekt folk frå heile Kristiansand.

– Sist gong kom det ein ung mann med buss frå Søgne, aleine, fordi han hadde sett ein reel om det i sosiale medium, seier Vatne.

Dei har også fått støtte frå Fritt ord til ein lesesirkel om klima og miljø i litteraturen, leidd av ein postdoktor frå UiA.

Vil sette Sørlandet på kartet

– På sikt håpar vi å gjere Litthøbb til ein regional organisasjon som kan sette Sørlandet på det litterære kartet, slik som Bergen, Oslo og Trondheim er det i dag, seier Sagebakken Slotnes.

Ho meiner forholda er litt annleis på Sørlandet, der det ikkje finst éin klar hovudstad blant dei mange småbyane.

– Vi vil legge til rette for at folk kan besøke byane til kvarandre, og at dei ulike miljøa kan framheve det særeigne med sin by. Vi veit det er mange som gjer ein stor innsats for å skape litterære arrangement i regionen, og eg trur mange som bur her vil vere interesserte i å vere med på fleire, seier ho.

I januar samla dei tretti aktørar frå bibliotek, fylkeskommune, forfattarar og mindre arrangørar i Agder til eit halvdagsseminar. Tilbakemeldinga var klar: litteraturfeltet treng noko som kan verke samlande.

– Det ville vore fantastisk om dette på sikt kan bli ein organisasjon som kan tilsetje ein eller fleire administratorar av litteraturarrangementa i landsdelen, seier Sagebakken Slotnes.