Fakta og historie
UiA i tal
- To campusar
- 6 fakultet + lærarutdanning
- 23 institutt
- 24 senter
- 1 museum
- 14 545 studentar, 59,7 % kvinner / 40,3 % menn (2025)
- Studenttal Grimstad: 3327 - 55,3% menn, 44,7% kvinner (2025)
- Studenttal Kristiansand: 11 218 - 35,9% menn, 64,1% kvinner (2025)
- Uteksaminerte kandidatar (vår 2023) - tre- og fireårige bachelor- og yrkesutdanningar 1645, eitt- og toårige mastergrader 807, femårige master- og profesjonsutdanningar 219
- 415 doktorgradskandidatar (2024)
- 67 avlagde doktorgrader (2023)
- 27 av dei avlagde doktorgradene av kandidatar med utanlandsk statsborgarskap (2023)
- 537 Utveksling – utreisande (2024)
- 564 Utveksling – innreisande (2024)
- 395 internasjonale gradsstudentar (ikkje utvekslingsstudentar) (2024)
- 1.96 milliardar kroner i budsjettramme for 2025
- 1529 årsverk (tilsette) (2024)
- 55 % kvinner / 45 % menn (tilsette, årsverk) (2023)
- 577 administrativt tilsatte / 982 vitenskapelig tilsette (2023)
- 1129,32 publiseringspoeng (2022)
- 11 æresdoktorar
Sjå video frå UiAs 10-årsjubileum:
Historisk tidslinje
1828
Kristiansand Museum grunnlagt
1839
Stiftsseminaret blir etablert på Holt prestegard
1877
Seminaret flyttar til Kristiansand – blir til Kristiansand Lærarhøgskule KLH
1920
Sjukepleiarutdanninga startar i Arendal
1960
Rektor Halvor Vegard Hauge lanserer ideen om eit universitet på Sørlandet
1962
Agder Akademi blir danna
1962-1979
"Universitetsundervisningen i Kristiansand" UVIK, ein filial av UiO
1963
"Universitetskomiteen for Sørlandet" blir oppretta av Akademiet og Museet
1965-70
Agder musikkonservatorium AMK startar ved Kristiansand musikkskule
1966
"Komiteen for Økonomisk College i Kristiansand"
1967
Sørlandets tekniske skule SøTS, seinare Agder ingeniør- og distriktshøgskole AID, blir etablert i Grimstad
1969
Agder distriktshøgskole ADH startar i Kristiansand
1976
Vest-Agder Sykepleierskole VASH, seinare Kristiansand sykepleierhøgskole KSH, opnar i Kristiansand
1994
Seks høgskular på Agder blir slått saman: Høgskulen i Agder HiA får verksemder i Kristiansand, Grimstad og Arendal. Oddvar Haugland blir høgskoledirektør, Knut Brautaset rektor.
1995
Regjeringsvedtak om ny HiA-campus på Gimlemoen i Kristiansand.
1998
Regjeringa med statsråd Jon Lilletun oppnemner Mjøsutvalet til å utgreie høgre utdanning etter år 2000
2000
Mjøsutvalet tilrår samrøystes at høgskoler skal kunne kvalifisere seg til universitetsstatus.
Ernst Håkon Jahr tar over som rektor i august
2001
Stortinget vedtar samrøystes kriteria for universitetsopprykk.
Ny campus blir opna på Gimlemoen av statsminister Kjell Magne Bondevik
2002
Agder Akademi gjenoppstår som Agder Vitskapsakademi AVA
2004
HiA har over 8.300 studentar. Første større EU-prosjekt med HiA som hovudaktør
2005
Første disputas på eige dr.gradsprogram, i nordisk språkvitskap.
Universitetssøknaden blir sendt
2006
Avtale med Ugland Eiendom AS om bygging av ny campus i Grimstad
2007
HiA får akkreditering som universitet i juni. Torunn Lauvdal tar over som rektor i august.
Kongen i statsråd vedtar at HiA blir Universitetet i Agder frå 1. september. Offisiell opning av UiA ved Kronprinsesse Mette-Marit 20. november.
2010
Offisiell opning av Campus Grimstad ved Kronprinsesse Mette-Marit
2010-14
Diskusjon og strid om evt. fusjon med Høgskolen i Telemark. Styret sa til slutt nei til fusjon
2012
Femårsjubileet feira m.a. med dei første seks æresdoktorane
2014
Første Senter for framifrå utdanning, i matematikkdidaktikk
2015
Første Senter for forskingsdriven innovasjon, i utaskjærs mekatronikk.
Tor A. Agedal går av som universitetsdirektør, Seunn Smith-Tønnessen tar over
2016
Frank Reichert tar over som rektor 1. januar
2017
Mechatronics Innovation Lab (MIL) opna i Grimstad. UiA har 13.000 studentar.
Agder Naturmuseum og Botanisk hage blir del av UiA. 10-årsjubileet feira med stor fest i Kilden 28.11.
Fem nye æresdoktorar utnemnde.
2019
Sunniva Whittaker tar over som rektor for UiA frå 1. august.