Æresdoktorar på UiA

Grada æresdoktor – doctor honoris causa – blir tildelt for viktig vitskapleg eller kunstnarisk innsats. Universitetet utnemnde seks æresdoktorar i 2012 og fem nye i samband med 10-årsjubileet i 2017.

UiA har rett til å tildele æresdoktorgrad i fagområde der universitetet sjølv gir doktorgradsutdanning. I reglementet for tildeling av grada æresdoktor ved UiA er det lagt vekt på at kandidatane har gjort ein viktig vitskapleg eller kunstnarisk innsats.

Her følger grunngivingane for utnemninga av æresdoktorane i sin heilskap slik dei er presenterte for universitetsstyret, utarbeidd av fakulteta.

Utnemnde æresdoktorar i 2017:

Gunhild Hagestad, fødd 1942, professor emerita, Universitetet i Agder

Gunhild Hagestad er professor i sosiologi, og sentral i internasjonal forsking på familiar, aldring, oppvekst og generasjonar.

Utdanninga og yrkeskarrieren hennar har vore delt mellom Noreg og USA. Ho tok doktorgrada i USA i 1975 og har seinare arbeidd ved fleire universitet der, blant anna Northwestern University i Chicago frå 1987. Hagestad beheldt tilknytinga til Northwestern etter heimkomsten til Noreg, og er i dag professor emerita både ved Northwestern og UiA.

Hagestad har fått ei rekke prisar for forskinga si, både i Noreg og internasjonalt, blant anna prisen i den amerikanske sosiologforeininga for framifrå forsking på aldring og livsløp i 2013, og Norsk sosiologforeinings heiderspris i 2015. Hagestad har hatt verv og vore invitert som hovudtalar i ei rekke samanhengar, både i og utanfor akademia. Ho er framleis aktiv som forskar ved Senter for velferds- og arbeidslivsforsking.

Hagestad var professor i sosiologi ved Universitetet i Agder frå 1997 til 2010. Ho har bidradd til ei vesentleg styrking av sosiologien og det sosiologiske fagmiljøet ved universitetet gjennom den internasjonale orienteringa og forankringa si i internasjonal sosiologi, men også gjennom oppmuntring og rettleiing av kollegaer. For studentane var ho ein skatta forelesar. Lokalt har Hagestad halde ei rekke foredrag i foreiningar og lag, og presentert gjennomtenkte betraktningar over ulike tema som skribent i Fædrelandsvennen.

Jaakko Seikkula, fødd 1953, professor, University of Jyväskylä, Finland

Jaakko Seikkula er utdanna klinisk psykolog og familieterapeut og arbeider til dagleg som professor i psykoterapi. Han har gitt vesentlege bidrag til utviklinga av fag- og forskingsmiljøet i psykososialt arbeid ved Universitetet i Agder.

Han er breitt teoretisk orientert i sitt fagfelt. Den vitskaplege arbeidsmåten hans blir kjenneteikna ved at han insisterer på å forankre arbeidet i konkrete erfaringar i møte med menneske i krise. Hans vitskaplege arbeid har hatt og har framleis stor innverknad i akademiske og kliniske fagmiljø verda over.

Den første kontakten mellom UiAs fagmiljø og Jaakko Seikkula var i 1997. Dette blei begynninga på eit langvarig og omfattande vitskapleg samarbeid med fleire fagmiljø på Sørlandet. Han har hatt noko å seie både for profesjonsutøvarar i kommunar og på sjukehus i tillegg til vitskapleg tilsette ved UiA. Dei siste 20 åra har han støtta utviklinga av kompetente fagmiljø og ein god forskarkultur på Sørlandet, og har på ulike måtar bidradd til å styrke det internasjonale nettverket til universitetet.

Linda Woodhead MBE, fødd 1964, professor, Lancaster University, Storbritannia

Professor Linda Woodhead er ein av verdas mest kjente og siterte religionssosiologar. Ho har bidradd til ei teoretisk fornying innan feltet, blant anna ved å føre inn ein kjønnsdimensjon i diskusjonar om sekularisering. Sidan 2006 har ho vore professor i religionssosiologi ved Lancaster University. Linda Woodhead blei utnemnd til Member of the Order of the British Empire (MBE) i 2013, for sitt virke for høgare utdanning.

Ho har betydd mykje for oppbygginga av faget religionssosiologi ved Universitetet i Agder, ved ei rekke besøk i Kristiansand og ved studiesenteret Metochi på Lésvos. Woodhead har undervist på fleire doktorgradskurs ved UiA, og ikkje minst vore ein viktig rollemodell for unge kvinnelege forskarar.

Linda Woodhead har vore forelesar og kritisk les av papers til to større prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd, Gud på Sørlandet og Religion som estetiserande praksis (RESEP). Woodhead har bidradd til å heve kvaliteten på mange publikasjonar frå desse prosjekta. For tida arbeider ho med ei bok om endringar i gudsbilde i Vesten. Den skriv ho saman med professor II Jan-Olav Henriksen og professor emeritus Pål Repstad ved UiA.

Roger Säljö, fødd 1948, professor, Gøteborgs universitet

Professor Roger Säljö er ein svært sentral europeisk forskar innan fagfeltet utdanningsvitskap. I Skandinavia kjenner studentar og undervisarar hans namn blant anna frå lærebøker i pedagogikk og det sosiokulturelle perspektivet på læring og utvikling. Forskarar har i årevis hatt glede av den imponerande produktiviteten hans på publikasjonsfronten, og han er medlem av redaksjonsråda i ei rekke vitskaplege tidsskrift.

Roger Säljö var ei viktig brikke i oppbygginga av doktorgradsprogrammet i matematikkdidaktikk ved UiA. Som gjesteprofessor og professor II ved Institutt for matematiske fag har han rettleidd til doktorgrad i matematikkdidaktikk. Han har også undervist på fleire doktorgradskurs knytte til doktorgradsspesialiseringa i matematikkdidaktikk, og vore opponent ved fleire seminar for ph.d-kandidater.

Også i sitt virke som professor II på Institutt for pedagogikk har han vore sentral i utviklinga og gjennomføringa av ph.d..-programmet, og dessutan undervising for og rettleiing av doktorgradsstudentar ved fakultetet for humaniora og pedagogikk.

Magne Furuholmen, fødd 1962, musikar, komponist, billedkunstnar og entreprenør

Magne Furuholmen er ein av Noregs fremste og mest allsidige kunstnarar. Han er ein banebrytande og grenseoverskridande kunstnar, og ein person både tilsette og studentar blir inspirert av.

Med sitt store internasjonale og nasjonale nettverk, den breie erfaringa si og kunstnariske kvalitet innan fleire kunstdisiplinar, vil han vere ein spesiell kapasitet og styrke både for UiA og for fakultetet for kunstfag.

Som medlem i a-ha har Furuholmen gjennom 30 år utmerkt seg i norsk og internasjonalt musikkliv. Han er oppført som opphavsmann aleine eller saman med andre på fleire av dei mest kjente låtane til a-ha. Han speler primært tangentinstrument.

Furuholmen debuterte som biletkunstnar og skulptør i 1989. Sidan den gongen er verken hans representert ved ei rekke institusjonar i inn- og utland. Som biletkunstnar arbeider Furuholmen med måleri, grafikk, keramikk, glas og lyd, og dessutan installasjonar. Han hadde eit årelangt samarbeid med avdøde Kjell Nupen gjennom fleire ulike nasjonale og internasjonale prosjekt. Skandinavias største keramiske skulpturpark, Imprints på Fornebu, er laga av Furuholmen.

Furuholmen har eit omfattande kunstnarisk samarbeid med førsteamanuensis Karl Oluf Wennerberg ved UiA, trommepedagog ved Institutt for rytmisk musikk og trommeslagar i a-ha.

Utnemnde æresdoktorar i 2012:

Lucy Smith (1934 - 2013)

I 1981 blei Lucy Smith Noregs første kvinne som avla juridisk doktorgrad. Avhandlinga Foreldremyndighet og barnerett tar for seg grunnleggande rettsspørsmål i forholdet mellom barn og foreldre. Smiths bok (saman med Peter Lødrup) Barn og foreldre : forholdet mellom barn og foreldre etter barnelova av 1981 med seinare endringar kom for nokre år tilbake i 7. utgåve.

I 1987 blei ho den første kvinnelege jusprofessoren i landet. Med hovudkompetansen sin innan barnerett og forholdet mellom barn og menneskerettar, blir rekna Lucy Smith som ein pionér når det gjeld utviklinga av barnerett som sjølvstendig juridisk fagområde. I 2003 blei ho medlem av FNs barnekomité som overvaker barnekonvensjonen. Ho var også med på å opprette kvinnerett som eige fagområde tidleg i 1970-åra.

Smith leidde utvalet som forma ut børslova (1985), og ho har publisert vitskaplege arbeid innan børs- og verdipapirrett, blant dei Kampen på aksjemarknaden: ein rettsleg studie av selskapsovertak og forsvarstiltak i 1988.Lucy Smith var Universitetet i Oslos første kvinnelege rektor 1993–1998.

Av utmerkingar er Smith heidra som kommandør av St. Olavs Orden for embetsforteneste (1995) og som Kommendör Första Klassen av Kungliga Nordstjärneorden for innsatsen sin innanfor nordisk og norsk-svensk universitetssamarbeid (2001). Ho er dessutan æresdoktor ved Københavns Universitet, og blei i 1990 vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi. Smith har og har hatt ei rekke styreverv i norsk kultur- og næringsliv.

Kurt Braunmüller

Kurt Braunmüller er professor i moderne skandinavistikk ved Universität Hamburg. Han har bygd opp eit moderne nordiskstudium ved universitetet i Hamburg, og sidan 1985 har han etablert seg som den leiande språkforskaren innan skandinavistikk utanfor Norden. Han har bidradd med viktige arbeidar innan mange område av nordiskfaget.

Den norske utgåva av boka hans Die skandinavischen Sprachen im Überblick har blitt brukt ved nordiskstudiet ved UiA i fleire semester.

Gjennom åra har Braunmüller hatt nær kontakt med norske språkforskarar og med dei norske universiteta. Han har vore brukt i reaksjonen i dei to norske vitskaplege tidsskrifta innan språkvitskap: Maal og Minne og Norsk Lingvistisk Tidsskrift, og har vore flittig med på konferansar u Noreg, ofte som plenumsforedragshaldar. Han var deltakar på konferanse ved UiA i 2010, og bidrog der med to foredrag.

Fleire av forskarane ved Institutt for nordisk og mediefag ved UiA har hatt lengre undervisings- og forskingsopphald i Hamburg. UiAs lange samband til Hamburg, professor Braunmüllers posisjon i dag som den klart leiande forskaren utanfor Norgen innan nordisk språkvitskap, saman med UiAs sterke nordiskmiljø dannar hovudbasis for forslaget om professor Braunmüller som æresdoktor ved UiA.

Johann Olav Koss

Fakultet for helse- og idrettsvitskap ved Universitetet i Agder består av ei gruppe forskarar og lærarar viss studieportefølje og forskingsaktivitetar sameiner mange aspekt knytte til menneskes helse og funksjon, både somatisk helse og psykisk helse. Den unike koplinga av felt som sjukepleievitskap, psykisk helsearbeid, ernæring og idrettsprestasjonar representerer ei unik moglegheit for synergiar, i tillegg til utfordringar.

Fakultetet fremmar Johann Olav Koss som kandidat til æresdoktor, med tittelen Doctor honoris causa, fordi han gjennom heile karrieren på ein særskild måte har bidradd til samfunnet ved å aktivt kombinere og fremme mange av desse faga. Koss bør tildelast denne æra for det eksepsjonelle internasjonale humanitære arbeidet sitt til framme for fysisk og psykisk helse hos barn og unge gjennom verktøy for idrett og leik.

Koss er internasjonalt anerkjent som ein av dei største hurtigløparane i historia til skøytesporten. Koss utfordra tradisjonell tenking i forhold til trening, mental førebuing og materialkunnskap i strevet etter å utvikle seg og bli best.

I 1997 blei Koss utnemnd til leiar for forumet til regjeringa mot narkotika og doping. Han har også vore medlem av Den internasjonale olympiske komiteen og ein spesiell representant for sport for UNICEF.

Koss anerkjente betydinga av å kombinere intellektuell og fysisk trening og studerte medisin. Sjølv om han ikkje har praktisert som lege, har han brukt utdanninga si i internasjonalt utviklingsarbeid. Koss har også vore forfattar og medforfattar for tre internasjonale artiklar i prestisjetunge tidsskrift som The Lancet, Molecular Medicine og Scandinavian Journal of Medicine & Science in Sports.

Koss var ein pionér innan sport for menneskeleg utvikling. Han grunnla den internasjonale organisasjonen "Right To Play", ein humanitær organisasjon med det formålet å forbetre livet til barn i nokre av dei mest vanskelegstilte områda av verda ved hjelp av sporten. Right To Play har program i 20 land i Afrika, Asia, Midtausten og Sør-Amerika.

Ifølge fakultetet for helse- og idrettsvitskap har Johann Olav Koss utrøyttelege arbeid for å fremme fysisk og psykisk helse gjennom sport og fysisk aktivitet ikkje berre har hjelpt over ein million barn, men også inspirert eit heilt forskingsfelt og endra korleis vi tenker på barns utvikling styrkt og hjelpte av sport.

Johann Olav Koss har brukt intellektet sitt, erfaringa si og posisjon og gjort ein utrøytteleg innsats for å skape positive endringar og fremme helse på ein unik og inspirerande måte.

Trond K. Petersen

Trond K. Petersen (f. 1954) er Professor og Chair ved Department of Sociology, UC Berkeley. Han har vore professor ved Berkeley sidan 1988. På 1990 talet var han professor i sosiologi ved Universitetet i Oslo, men drog tilbake til Berkeley i 1997. Han er Deputy Editor av American Sociological Review, og sit i Editorial Board i: Administrative Science Quarterly; American Journal of Sociology; Sociological Methods and Research; Sociological Methodology; Acta Sociologica; Rationality and Society; Tidsskrift for Samfunnsforskning; Research in Social Stratification and Mobility.

Petersens forskingsfelt er stratifikasjonsteori. i særleg grad har han studert ulike stratifiseringsmekanismar på arbeidsplassar og knytt til arbeidslivet, under dette kjønnsforskjellar. Han er ein viktig forskar i norsk og internasjonal samanheng på dette feltet, og er også dekan ved fakultetet for sosiologi ved UC Berkeley.

Det som særleg knyter Petersen til norsk universitetsutvikling er det arbeidet han har gjort for det første å lage eit utvekslingsprogram for studentar innan sosiologi. Over dei siste tiåra har hundredevis av norske studentar på bachelor og mastar nivå kunne følge eitt eller to semester ved Berkeley. UiA har dei seinare åra komen med i denne ordninga og det er ei viktig styrking av tilbodet vårt til studentane.

For det andre har Petersen stått i spissen for arbeidet med å bygge opp fasilitetar for gjesteforskarar som vil opphalde seg ved UC Berkeley. Dette har vore eit viktig og veldig bra tilbod til norske samfunnsforskarar og mange frå UiA har dradd nytte av tilbodet. Han er også ein nøkkelperson i utviklinga av Peder Sather-senteret, eit nyleg etablert samarbeid om høgare studiar mellom UC Berkeley og alle dei store norske universiteta, blant dei UiA. Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap har i dei seinare åra hatt spesielt stor glede av samarbeid med Trond Petersen i samband med etter- og vidareutdanningstilbodet til fakultetet.

Dov Gabbay

Dov M. Gabbay er ein anerkjent autoritet innanfor informatikk og logikk, og i mange år ein støttespelar for Agder Disktriktshøgskole, Høgskolen i Agder og Universitetet i Agder. CV-en og bibliografien hans dokumenterer at han er ein forskar i verdsklasse. Det har vore kontakt mellom Professor Gabbay og Agder sidan 1990. I 2006 blei Professor Gabbay vald inn som medlem av Agder vitskapsakademi.

Professor Gabbay har hatt akademiske stillingar i Israel, USA og England. Han er medlem av the Royal Society of Arts, ekstern medlem av Royal Society of Canada, medlem av Alexander von Humboldt Foundation, Docteur Honoris causa frå Université Paul Sabatier i Toulouse og medlem av Agder vitskapsakademi.

Professor Gabbays forskingsinteresser omfattar logikk og databehandling, dynamikken i praktisk resonnering, bevisteori og målstyrt bevisføring, ikkje-klassisk logikk og ikkje-monotont resonnement, teorien om merkte deduktive system, fiberlogikk og logisk modellering av naturlege språk. Meir nyleg har han sett på praktiske resonnementsstrukturar hos Platon og Aristoteles.

Som ein av verdas mest aktive og innverknadsrike forskarar innan logikk og databehandling, er Professor Gabbay forfattar av over 300 akademiske artiklar og over 20 monografiar. Han har redigert 14 antologiar og handbøker innan informatikk og logikk, og nokon spenner over fleire bind. Han sit i redaksjonen for 11 vitskaplege tidsskrift, 4 som sjefredaktør. Han har grunnlagt eit vitskapleg forlag, College Publications, der han er vitskapleg sjefredaktør. Han sit også i redaksjonen for vitskaplege bokseriar i fleire andre vitskaplege forlag.

Barbara Jaworski

Barbara Jaworski er i dag blant dei fremste forskarane i verda innanfor matematikkdidaktikk. Forskingsproduksjonen hennar er svært omfattande i tillegg til deltakinga hennar og bidrag på internasjonale konferansar og møteplassar.

Ho har blant anna vore «Editor-in-chief» i “the Journal of Mathematics Teacher Education”.

I perioden 1999-2001 var ho dosent ved Oxford University, frå 2002-07 professor ved Universitetet i Agder og frå 2007 professor i Matematikkdidaktikk ved Loughborough University, UK.

Frå 1991 og fram til i dag har ho ei rekke internasjonale verv.

 

Publisert 22. okt. 2024 - Sist endra 18. feb. 2026