English version of this page

Bli bedre beredt med et besøk til Beredskapshagen

I ei uroleg verd har begripe «beredskap» dukka opp stadig oftare. «Beredskapshagen» er den nye utstillinga vår, som gir deg kunnskap om korleis ein kan utnytte areal frå verandakasser til hageflekker for å dyrke mat i usikre tider.

oransje skilt i parkområde

Deler av vår nye utstilling "Beredskapshagen"

I Beredskapshagen finn du informasjon om heile prosessen frå jord til bord, og korleis sanke frø til neste sesong. Sjølv i byar kan ein utnytte verandakasser og små hageflekker til å dyrke litt ekstra mat til seg og sine, skulle mattryggleiken av ein eller annan grunn gå ned. Under andre verdskrigen blei ein av Noregs mest besøkte parkar faktisk omgjorde til potetåker!

Jordtypen ein dyrkar mat i er ein viktig faktor for å lykkast. Plantar treng ein kombinasjon av næring, plass til røtene og vatn for å gi gode avlingar. I utstillinga kan du finne ulike jordtypar som du ikkje berre kan lære om, men også ta på! For å få god og næringsrik jord, er det lurt å kompostere eige matavfall. I Beredskapshagen vår får du gode tips om å lykkast med nett opp dette.

bord med fire bakker med ulike jordtypar med forklarende skilt
Kom og kjenn på ulike jordtypar!

Plantar, som menneske, varierer i kva forhold dei trivst best i. Omgrepet «herdighetssonar» er kanskje nytt for deg, men er viktig å kunne noko om for å dyrke plantar i rett temperatur og solforhold. I Beredskapshagen finn du ulike plantar, og at nokre av dei kan overleve heile året i Noreg kan overraske!

Så velkomen skal du vere til NBHs Beredskapshage. Kanskje blir du inspirert til å starte din eigen, eller gro du aldri har prøvd på tidlegare!

Kart over Naturmuseum og Botanisk hage, med Beredskapshagen markert oppe til venstre

Under ØkoUka i september vil det også vere omvising i utstillinga, og du får høve til å stille spørsmål til den dyktige gartnaren vår Simone. Meld deg på her!

Publisert 20. juli 2026 - Sist endra 11. aug. 2026