Beate Strøm Johansen (zoolog, UiA/Naturmuseet) og Malene Østreng Nygård (botanikar, UiA/Naturmuseet) er, i samarbeid med Lars Mørch Korslund (zoolog, UiA/Nat.Vit) og Audun Slettan (zoolog, UiA/Nat.Vit), rettleiarar på bacheloroppgåver i biologi.
Tema på bacheloroppgåver
Bacheloroppgåvene er knytte til Beate, Malene, Audun og Lars sine forskingsprosjekt. Tema på oppgåvene ligg innanfor deira ekspertområde.
Malene sine ekspertområde er systematisk botanikk, genetikk og bioinformatikk. Malene rettleiar for tida bacheloroppgåver knytte til molekylærbiologi på reptil og amfibium. Sjølv forskar ho ein del på plantar som blir kalla starr.
Beate sine ekspertområde innan zoologi er åtferdsøkologi og feltbiologi/generell zoologi. Beate rettleiar i bacheloroppgåver knytte til reptil, amfibum og pattedyr. Ho har forskar mykje på slettsnok, piggsvin og grevling. Beate samarbeidar tett med molekylærbiologar.
Beate har bygd opp museets "reptilbank", ei samling av døde reptil og amfibium som aktivt blir brukt i ulike forskingsprosjekt og bacheloroppgåver.
Audun sine ekspertområde er genetikk, genomikk og molekylærbiologi.
Lars sine ekspertområde innan zoologi er økologi og parasittologi.
Her finn du oppgåvene
Alle bacheloroppgåver blir lagt ut i Canvas. Lars har ansvar for koordinering av bacheloroppgåver i emnet BIO300.