English version of this page

Canvas

Canvas er UiAs læringsplattform. Bruk same brukarnamn, etterfølgt av @uia.no, og passord i Canvas som du bruker på andre tenester hos UiA.

Du må ha godkjent utdanningsplanen din i StudentWeb for å få tilgang til emne i Canvas. Det vil ta fra en til to timer før tilgangen er på plass. 

Logg inn på Canvas

 

Logg inn

Bruk same brukarnamn, etterfølgt av @uia.no, og passord i Canvas som du bruker på andre tenester hos UiA (eksempelvis Studentweb). Du får tilgang til emne i Canvas 1–2 timar etter at du har godkjent utdanningsplanen din.

Sjå også kva du gjer dersom du ikkje hugsar brukarnamn og/eller passord. 

Brukarrettleiing

Er det noko du lurer på? Canvas har ei rik mengd med dokumentasjon og guidar som viser kva du kan gjere i Canvas:

Canvas-apper

Gjennom Canvas sin app på iOS og Android får du tilgang til innhaldet i emna på same måte som du får via datamaskina di. Du kan også få "push"-varsel frå Canvas om nytt innhald omkring emna dine.

Her kan du laste ned Canvas-apper for iOS og Android:

Last ned app for iOS

Last ned app for Android

Bruk Canvas smartere

Canvas har stønad for eksterne tenester, slik at du kan bruke mange av dei verktøya du bruker til vanleg saman med Canvas. For eksempel kan du sende inn oppgåver direkte frå Google Drive til Canvas, og opprette og dele dokument med medlemer av emna. Andre tenester som kan brukast saman med Canvas, er blant andre Skype, LinkedIn, YouTube og Microsoft Office 365. Nokre tenesteintegrasjonar vil også vere fagspesifikke, som for eksempel samhandlingsverktøy for studentar i programmeringsemne. Fleire integrasjonar mellom tenester og Canvas vil bli utarbeidde i framtida.

I tillegg har Canvas eit system for meldingsvarsling omkring forskjellige aktivitetar. Du kan få varsel når det kjem ei kunngjering eller når somme svarer på eit innlegg i ein diskusjon, blant anna. Du vel sjølv kor og når du skal motta desse meldingsvarsla, via sida for innstillingar.

Ta kontakt med faglæraren din for å lære meir om verktøya du kan bruke med Canvas.

Publisert 7. feb. 2024 - Sist endret 14. mai 2024