– Det er betre at vi gir dei sjansen til å øve seg på å vere merksame i naturen framfor at lærarane skal seie kva dei skal sjå etter. Dei må få undre seg på eiga hand og øve seg på å beskrive det dei ser.
Det seier Anne Lien som har tatt ein doktorgrad ved Fakultet for teknologi og realfag på Universitetet i Agder (UiA).
Lien har sett på kva læringsmetodar som eignar seg best når ein skal lære barn og unge om biologisk mangfald. Metodane har praktisk betydning for lærarar som skal ha med seg elevar ut i skogen eller til blomsterenga.
– Ved å seg på å vere merksame gjennom meir opne former for observasjon kan barna få rikare erfaringar i naturen, seier Lien.
Bruk av hovud og kropp
Noko av det viktigaste ho tar med frå dette forskingsarbeidet er at barna kan lære å sjå meir i naturen om læraren bruker fleire observasjonsformer i naturfagundervisninga.
Lien peiker også på at læraren må gi barna anledning til å bruke alle sansane sine i ei aktiv og gjentakande utforsking.
– Elevane seier sjølv at når dei observerer ein plante eller eit insekt fleire gonger så ser dei fleire detaljar. Dei seier òg at dei ser meir når dei observerer ein plante ute i naturen framfor å sjå på eit bilete inne i klasserommet, seier Lien.
Lien fortel at observasjon i naturen er eit samspel mellom å vite kva ein skal sjå etter og det å være merksam og bruke sansane.
– I naturfagundervisinga betyr det at barna må ta i bruk både hovud og kropp når dei skal lære å kjenne mangfaldet i naturen, seier ho.
Opne og lukka metodar
Sjølv om naturen byr på mangfaldige og verdifulle opplevingar må både elevar og lærarar øve seg på å vere merksame for å kunne oppdage dette.
– Det er ei form for dialog. Det vi ser i naturen endrar seg og er påverka av både kunnskap, tidlegare erfaringar, aktivitetar vi deltar i og det vi har lært er viktig, seier Lien.
Ho forklarer at det bør være ein balanse mellom opne og lukka måtar å observere på i naturen.
Når vi observerer opent bruker vi sansane aktivt og utforskande. Da kan både elevane og læraren diskuterer det som er viktig når dei observerer. Mens i ein lukka observasjons-metode fortel læraren kva elevane skal sjå etter.
Ulike former å observere på
Lien har følgt og intervjua lærarar og elevar i naturfagundervisninga i 5. trinn over ein periode. Ho utvikla undervisningscase frå vitskapshistoria. Ho fortel historia til fire forskarar som nærmar seg naturen på ulike måtar. Dei har òg ulike oppfatningar om kva som betyr noko.
Desse tilnærmingane, saman med historiene til de fire forskarane, gav Lien til lærarane for å teste ut på elevane.
Først skulle elevane bruke ein observasjonsmetode der dei samanlikna og såg etter likskapar mellom ulike insekt. Dei skulle til dømes samanlikne insekt. Kva var likt og ulikt når det gjaldt utforminga av bein, vengar og munndelar.
I den neste metoden skulle elevane lære med heile kroppen gjennom å skape og vere merksame med alle sansane sine. Elevane laga tredimensjonale modellar av livssyklusen til utvalde sommarfuglar ved å studere bilde og preparerte sommarfuglar.
I den tredje metoden systematiserte og sorterte elevane plantar i ulike kategoriar. Dei talde og målte ulike eigenskapar ved plantane, mellom anna talet på kronblad og begerblad i blomen.
Den siste metoden var ei undringsøving elevane skulle finne forklaringar på det dei observerte. Elevane kunne spørje om kvifor og korfor vi har så mange plantar og dyr, og korfor dei ser ut som dei gjer. Elevane skulle forsøke å tolke det dei såg og spørje kva som kunne være historia bak.
Lien såg at dei ulike tilnærmingane gav elevar og lærarar ulike typar kunnskap om biologisk mangfald.
Slik kan barn og vaksne bli meir merksame på biologisk mangfald i naturen.
- Sit stille og bruk sansane utan at du har bestemt på førehand kva du skal sjå etter
- Ver ute i naturen og sjå fleire gonger – ikkje sjå på bilete eller skjerm
- Beskriv det du ser og høyrer ved å teikne, skrive eller snakke om det – sjå etter detaljar
- Samanlikn, systematiser og forklar det du ser (munnleg for nokon.)
- Skriv ned spørsmål du lurer på
Mindre kunnskap om mangfald
Ifølgje Lien er det viktig med kunnskap om biologisk mangfald for både barn og vaksne. Ho fortel at det er eit pågåande tap av artar i naturen. Samstundes er det eit tap av kunnskap om mangfaldet av artane blant både elevar og lærarar.
– Naturen forsvinn bit for bit. Tap av erfaringar i naturen gjer at vi kan bli blinde for naturen og endringar som skjer. Det vil seie at det er mange som ikkje lenger legg merke til artane som lever i naturen og heller ikkje at dei forsvinn, seier ho.
Om vi derimot øver merksemda vår, kan vi få tilgang til dei mangfaldige og verdifulle opplevingane i naturen og kanskje bidra til å stanse tapet av natur, ifølgje Lien.
Referanse
Lien, Anne. (2024). Exploring Living Nature: Modes of observation in history, teaching and learning [Doktorgradsavhandling]. https://hdl.handle.net/11250/3109996