English version of this page

Jaktar dødeleg slangesopp i Noreg og Sverige

Ein farleg slangesopp er oppdaga i Europa. Forskarar granskar no samlingar av døde slangar på museum for å kartleggje sjukdommen.

Foto viser skalpell som tar vevsprøve av ein slange.

Med skalpell og q-tips tek forskaren vevsprøver av slangene for å finne spor etter dødeleg sopp 

Av Atle Christiansen
Publisert 6. mai 2025 - Sist endret 12. mai 2025

Forskarar ved Universitetet i Agder (UiA) og Uppsala universitet undersøker hundrevis av slangar frå museumssamlingar. Dei leitar etter spor av ein dødeleg soppsjukdom.

Målet er å forstå meir av soppen Ophidiomyces ophidiicola, som han heiter på latin. Kvar kjem han frå, kva for slangar angrip han og kor lenge har han funnest?

– Vi kartlegg sjukdommen for å forstå meir om korleis han påverkar slangane og korleis han spreier seg, seier zoolog Beate Strøm Johansen ved Naturmuseum og botanisk hage på UiA.

Foto av forskaren Beate Strøm Johansen.
Zoolog Beate Strøm Johansen ved UiAs Naturmuseum og botanisk hage har fått med seg forskarar frå Uppsala universitet (UU) og Uppsala Lantbruksuniversitet (SLU) for studere ein dødeleg slangesopp. 

Ved å studere slange-samlingane på museum, kan forskarane finne ut kvar soppen har vore spreidd før. Dei kan òg finne ut kor langt tilbake i tid soppen har påverka slangar.

Soppen funnen i Europa

Soppen vart først oppdaga i USA i 2006. Det kom som eit sjokk på europeiske forskarar da han vart funnen i Storbritannia i 2017. 

Soppen infiserer først hud og skjel med brune og tørre flekker. Etter kvart angrip han også lunger, auge og andre indre organ. Slangane kan få pustevanskar og verte blinde. I verste fall kan heile populasjonar av slangar i verte utrydda.

– Vi må forstå omfanget av sjukdommen. Soppen kan få store konsekvensar for slangeartar over heile verda, seier Johansen. 

Vil finne svar i år

Foto viser forskaren Malene ø. Nygård.
Konservator og molekylærbiolog Malene Ø. Nygård ved UiAs naturmuseum bidreg med DNA-analysar av slangar.

Malene Ø. Nygård er konservator og molekylærbiolog ved UiAs naturmuseum. Ho har isolert DNA frå over 300 slangar og slange-hammar som Johansen og hennar og studentar har samla inn. Blant slangane er alle artane i Noreg; slettsnok, buorm og hoggorm. 

– Vi er spente på resultata, både frå prøvene av dei levande slangane og undersøkinga vi no har starta på døde slangar i samlingane ved ulike museum. Det vil kunne gi oss viktig kunnskap både om historia til sjukdommen og det vi eventuelt kan gjere for å beskytte slangar i framtida, seier Nygård.

Gamle slangar gir nye svar 

Prosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Agder, Uppsala universitet (UU) og Uppsala Lantbruksuniversitet (SLU).

Forskarane har så langt undersøkt rundt 120 slangar frå Evolutionsmuseet i Uppsala og Naturhistorisk museum i Oslo. Til hausten er planen å studere slangar på Naturhistoriska riksmuseet i Stockholm og ved samlingar i Trondheim.

Slangar på sprit

Slangane ligg på glas og er konserverte med sprit eller formalin. Lokka på glasa er forsegla.

– Vi ser først på slangane gjennom glaset. Da ser vi etter brune flekkar og teikn på infeksjon. Viss vi får lov av museet, opnar vi forseglinga og tek vevsprøver med skalpell og q-tips. Prøvene analyserer vi i mikroskop og på DNA-laben, seier Johansen.

Slangane dei undersøker kan vere fleire hundre år gamle.

– Ved å kartleggje gamle slangar kan vi finne ut kva for område og slangetypar som kan vere ekstra sårbare for soppen, seier Johansen.

Kan ikkje smitte menneske

Soppen kan ikkje smitte menneske direkte. Menneske kan likevel bidra til å spreie han til nye område. Det kan skje til dømes via jord og utstyr, eller via rømte kjæledyrslangar som er infiserte av soppen.

Opphavet til soppen er framleis uklart. Truleg lever han naturleg i det øvste jordlaget. Men ingen veit så langt kvifor han angrip slangar.

– Det er to andre sopparter som liknar den dødelege soppen. Dei andre to er ikkje like farlege, men gjer det meir komplisert å identifisere den typen vi er ute etter. Det viktig å få identifisert akkurat denne dødelege soppen, seier Johansen.

Bilde av slangar i glas med lenke til tv-reportasje.

Den svenske allmennkringkastaren SVT har laga denne tv-reportasjen om jakta på den dødelege slangesoppen.