– Det er eit veldig høgt tal, og det seier noko om kor utsette hundane våre faktisk er. Samtidig gir det oss ein peikepinn på kor stor smitterisikoen er for menneske.
Det seier stipendiat Hanne Kloster ved Universitetet i Agder (UiA). Ho står bak den første norske studien som ser på tre flåttborne sjukdomar hos hund samtidig, og som dekker heile landet.
Kloster har sjølv jobba fleire år som assistent på dyreklinikk, og meiner at mange hundeeigarar ikkje veit nok om flått og flåttborne sjukdomar.

Hundar som varslarar
Saman med kollegaer har Kloster analysert blodprøver frå 433 hundar i 15 fylke, samla inn i perioden 2016-2023.
Blodprøvene blei gjort i samband med ordinære veterinærbesøk, altså utan at det var mistanke om flåttsmitte. Dette er med på å gjere studien representativ.
38 prosent av hundane hadde antistoff mot éin eller fleire av mikrobane forskarane leita etter: borreliose, skogflåttencefalitt (TBE) og anaplasmose.
– Det betyr ikkje at alle desse hundane har vore sjuke, men at dei har blitt bitne av flått som bar desse mikrobane, seier Kloster.
På same måte som ein tidlegare studie på hestar, kan også denne studien på hundar seie noko om risikoen for menneske.
– Hundar går der vi går, men dei er endå meir utsette for flått enn oss. Dei er nærare bakken, dei har pels som flåtten lett kan gøyme seg i, og dei bevegar seg gjennom høgt gras og kratt. Når vi ser mykje smitte hos hund i eit område, er det god grunn til å tru at menneske også er utsette, seier Kloster.
Studien viste ein tydeleg samanheng mellom borreliose hos hund og registrerte tilfelle hos menneske. Men han viser også korleis smitte hos hundar kan fange opp virus i omløp før dei eventuelt slår ut hos menneske.
På Vestlandet hadde 11 prosent av hundane antistoff mot TBE-viruset, som kan gi alvorleg hjernebetennelse. Likevel har det aldri vore registrert eit einaste tilfelle av TBE hos menneske i regionen.
– Det er eit paradoks vi ikkje har svar på ennå. Det kan handle om fleire ulike ting, kanskje er det variantar av viruset som gir symptomfri smitte, seier Kloster.
Tips for deg og hunden din
- Sjekk deg sjølv og hunden din godt etter å ha gått tur, eller etter eit solbad på plenen.
- Hunder kan bruke flåtthalsband eller andre flåttmiddel i samråd med dyrlege.
- Bruk aldri flåttmiddel for hundar på kattar. Det kan vere farleg for katten.
- Menneske kan bruke mygg- eller insektspray, særleg på underkroppen.
- Skift klede etter turen, og grei håret med lusekam.
- Har du hunden i band, kan du prøve å halde deg langs stien, og ikkje gå langs høgt gras eller gjennom buskar.
- Jo raskare du fjernar flåtten, desto betre. Har du eller hunden først fått flått, trekker du han rett ut med pinsett eller med neglene. Det er ikkje farleg om litt av flåtten blir sittande igjen.
Overraskande funn i nord
I Nord-Noreg har flåtten tradisjonelt vore mindre utbreidd, men studien fann likevel antistoff hos éin av ti hundar.
– Det kan tyde på at eksponeringa aukar også i nord, men utvalet er lite, og vi må vere varsame med tolkinga, seier Kloster.
Ho peikar på at flåtten stadig spreiar seg til fleire område, og at varmare klima truleg speler ei rolle. Trekkfuglar og dyr som har vore på reise kan dessutan føre med seg nye flåttartar og nye bakteriar til landet.
– I Danmark har dei mange fleire flåttborne sjukdomane enn i Noreg, og det er berre ein kort tur med båten for oss i Agder, seier Kloster.
Ho forventar at vi vil få nye flåttborne sjukdomar i Noreg i åra framover, i tillegg til ein auke av dei vi allereie har.
Dei fleste blir ikkje sjuke
Dei aller fleste hundane som hadde antistoff i blodet, blei ikkje sjuke. Mange har berre hatt forbigåande symptom som kan likne på ei forkjøling, eller ingen symptom i det heile.
Det er likevel viktig å legge inn eit besøk hos veterinæren om du har ein hund som oppfører seg rart etter å ha hatt flått.
– Nokon dyr blir skikkeleg sjuke. Det er spesielt TBE som er farleg. Vi har sett tilfelle der hundar har fått hjernehinnebetennelse, seier Kloster.
Ho meiner det viktigaste hundeeigarar kan gjere, er å bruke flåttmiddel som er dokumenterte og reseptbelagte. Ho åtvarar mot å stole på naturprodukt mot flått, da slike ofte ikkje har nokon dokumentert effekt, og i verste fall kan gje hunden alvorlege allergiske reaksjonar.
Det er også viktig å sjekke hunden jamleg.
– Det gjeld forresten oss sjølve òg. Bruk gjerne flåttspray før turen, og sjekk deg etter turar i skog og mark