– Naturvitskaplege arbeidsmåtar skal gå igjen i alle delar av naturfaget i skulen, men lærarar opplev at det er definert vagt i læreplanen. Vi ønskte å gjere omgrepet meir handgripeleg, både for lærarar og elevar, seier Anne Lien ved UiA.

Verktøyet, kalla UTFORSK, består av tolv ferdigheiter visualiserte som fargerike sekskanta brikker. Blant desse er det å observere, beskrive, systematisere og eksperimentere. Brikkene kan settast saman på ulike måtar, slik at lærarar og elevar sjølv kan diskutere kva ferdigheiter ei undersøking krev. Dei kan bli tatt i bruk både i planlegging og gjennomføring av ein undersøking, og i refleksjonen i etterkant.
– Vi valde verb med overlegg. Naturvitskap er også noko vi gjer, det handlar ikkje berre om å lese fakta, seier Lien.
Lien forklarar at når vi brukar kunstig intelligens-verktøy (KI) i undervisninga, fungerer KI ofte som ein svart boks.
– Med KI stiller elevane spørsmål inn og får raskt eit svar ut, utan at vegen fram til kunnskap, blir synleg.
FAKTA om UTFORSK
- Utvikla av forskingsgruppa i naturfagdidaktikk ved UiA og Skolelaboratoriet i naturfag
- Består av 12 ferdigheiter, visualisert som sekskanta brikker.
- Utvikla i tre rundar med lærarar, skoleleiarar og andre aktørar.
- 12 av 17 lærarar i ein pilottest ville bruke verktøyet i eiga undervising.
- 100 fysiske brikkesett er kjøpt inn og kan bli bestilt av skulane, saman med ei lærarrettleiing.
Sjekk ut nettsida for meir informasjon om verktøyet.
Der finn du ei rettleiing til verktøyet og forslag til øvelser som viser korleis Utforsk-verktøyet kan bli brukt. Dei sekskanta brikkene som utgjør verktøyet kan lastes ned i form av ein A3-plakat. I tillegg kan du laste ned ei fil med hjelpespørsmål som kan støtter lærarar i bruken av brikkene.
Det nye verktøyet skal hjelpe til med å «opne» denne boksen ved å tvinge fram samtale og aktive handlingar rundt sjølve prosessen, ikkje berre resultatet.
– Mykje av poenget er å opne den svarte boksen. Med dette verktøyet lærer elevane korleis ein kjem fram til svara gjennom å gjere eigne undersøkingar, seier ho.
Testa i tre rundar
Utviklinga har gått føre seg gjennom designbasert forsking. Forskartemaet som Anne Lien leiar, har hatt gjentatte rundar med testing og justering, i tett samarbeid med naturfagslærarar som skal bruke verktøyet.
Ein tidleg versjon av verktøyet blei prøvd ut på ein lærarkonferanse, der 22 lærarar deltok. Av 17 som svarte på ei evaluering etterpå, sa 12 at dei ville bruke verktøyet i eiga undervising.
– Det var særleg lærarar på barneskulen som var positive. Det kan tyde på at verktøyet foreløpig er lettast å ta i bruk på lågare trinn, seier Lien.
Ein avstand mellom plan og praksis
I siste runde blei verktøyet presentert for ei breiare gruppe, inkludert skoleleiarar, i samarbeid med UiAs innovasjonsteneste.
Her oppdaga forskarane at mange lærarar er vande til å tenke på naturfag som formidling av fakta, ikkje som oppøving i undersøkande prosessar.
– Det skaper ein avstand mellom det læreplanen legg opp til, og det som skjer i klasserommet, seier Lien.
Tre prinsipp for at det skal funke
Forskarane har formulert tre prinsipp for at eit verktøy som skal bidra til utforsking skal kunne funke i praksis:
- Det må vere fleksibelt og invitere til dialog
- Det må sette i gang aktiv læring
- Det må gi lærarar reell støtte i undervisninga
– Prosjektet viser kor mykje ein vinnar på å utvikle undervisingsressursar saman med dei som skal bruke dei. Målet er at elevane får reiskapar dei kan bruke også utanfor naturfagtimen, seier Lien.
Kjelde