English version of this page

Turistar er førebudde på ferie, ikkje katastrofar

Turistar er ei sårbar gruppe som ikkje blir tekne nok omsyn til i beredskapsplanar, åtvarar forskar.

Kvinnelig turist padler på en fjord

– Vi bør tenkje på turistar som ei sårbar gruppe turistar som ei sårbar gruppe på lik linje med barn, unge, og eldre, seier professor Jaziar Radianti (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Av Walter Wehus
Publisert 30. jan. 2025 - Sist endret 30. jan. 2025

Noreg har i fleire i år hatt eit godt utvikla system for samfunnstryggleik. No åtvarar forskarar om at turistar ofte er ei oversett gruppe i beredskapsplanlegginga. 

Professor Jaziar Radianti er leiar for Senter for integrert krisehandtering (CIEM) ved Universitetet i Agder.

– Turistar tenkjer på nye opplevingar når dei kjem til eit nytt land, ikkje på risikoen for naturkatastrofar eller kriser, seier professor Jaziar Radianti ved Universitetet i Agder.

I ein ny studie peikar ho på at språkbarrierar, mangel på lokal kunnskap og kulturelle forskjellar gjer at vi bør sjå på turistar som ei sårbar gruppe på lik linje med barn, unge, og eldre.

– Slike hindringar kan skape mellombelse hinder som kan gjere det vanskeleg å utføre vanlege oppgåver, seier ho.

Beredskap for turistar

Sjølv om den nye totalberedskapsmeldinga dekkjer fleire område av samfunnstryggleiken, er beredskapen i første rekkje retta mot innbyggarane. Turistars behov må vurderast grundigare, meiner Radianti. 

Ho foreslår fleire tiltak for å gjere beredskap meir tilgjengeleg for turistar, mellom anna appar med kart over tilfluktsrom og varslingssystem, og proaktive informasjonskampanjar ved sentrale stader som flyplassar og hotell. Informasjonen må vere tilgjengeleg på fleire språk.

– Nordmenn, særleg dei yngre, veit lite om kvar det finst tilfluktsrom og kva slags utstyr dei bør ha med seg. Dette gjeld i endå større grad for turistar. I ein krisesituasjon er tid avgjerande, og uvisse kan koste liv, seier ho.

Forskjell i beredskap

I ein annan studie som blir publisert våren 2025, har Radianti og kollegaer undersøkt korleis ulike grupper forstår og reagerer på beredskapssituasjonar. 

Resultata viser store forskjellar mellom land. Estland, som grensar til Russland, har sett inn omfattande tiltak for å merke og kartleggje tilfluktsrom. Land som Tyskland har iingen nasjonal strategi for å informere befolkninga om kvar dei skal søkje ly i tilfellet eit luftangrep.

– Vi ser også at mange i stor grad stoler på mobiltelefonar og internett for å finne informasjon. Problemet er at teknologien ikkje alltid vil vere tilgjengeleg i ein krisesituasjon. Om mobilnettet går ned medan dei er i tilfluktsrommet, er dei fleste hjelpelause, seier ho.

Farlege kulturforskjellar

Radianti understrekar at turistar er spesielt utsette også fordi dei ikkje er kjende med norske forhold og farepotensialet som finst her. 

– Eg har sett tilfelle der turistar svømmer i iskalde innsjøar om våren, fordi dei ikkje veit at vatnet framleis er farleg kaldt sjølv om været kjennes varmt, seier ho.

Det vi kjenner som trygt frå heimlandet vårt, kan ikkje nødvendigvis overførast til nye omstende. Det gjeld til dømes skogen, som i Noreg sest på som ein leikeplass og turområde, men som i andre land kan vere livsfarleg.

Radianti oppmodar norske styresmakter til å inkludere turistar betre i beredskapsplanane.

– Vi må tenkje proaktivt og sikre at alle i Noreg, uansett bakgrunn, har tilgang til livsviktig informasjon i ein krisesituasjon, seier ho.

Kjelde:

Tourists as a Vulnerable Group in Emergency Management: An Air Raid and Shelter Scenario