UiA-forskar får 10 millionar til grammatikkforsking

Heidi Klockmann ved Universitetet i Agder er peikt ut som ein banebrytande ung forskar av Forskingsrådet. Ho får 10 millionar kroner til eit fireårig prosjekt om korleis ord skiftar grammatisk kategori.

Bildet viser ein glad forskar, Heidi Klockmann.

Heidi Klockmann er utpeikt som banebrytande forskar av Forskingsrådet og får 10 millionar kroner for å forske på grammatikk. Foto: Maria van Schoor.

Av Atle Christiansen
Publisert 23. mars 2026 - Sist endret 26. mars 2026

– Det var uventa og eg ser fram til å gå i gang med forskinga, seier Heidi Klockmann, førsteamanuensis ved UiA.

– Dette er enda ei fjør i hatten for humaniora-forskarane ved UiA. No skal Heidi Klockmann utføre grunnforsking som kan lære oss meir om korleis mennesket beskriv og forstår verda, seier Espen Klævik-Pettersen.

Han er instituttleiar ved UiAs Institutt for framandspråk og omsetjing, og han minner om at også i fjor fekk ein ung forskar ved UiAs Fakultet for humaniora og pedagogikk den same utmerkinga.

Pengar til banebrytande forskarar

Forskingsrådet står bak desse tildelingane til det dei kallar banebrytande forskarar. Denne gongen vert det til saman delt ut 236 millionar kroner til 22 forskingsprosjekt. Klockmann får 10 av millionane. Ho får tildelinga i kategorien Forskarprosjekt for tidleg karriere (Fripro).

Mari Sundli Tveit er administrerande direktør i Forskingsrådet. Ho seier dette i ei pressemelding om tildelingane:

– Den banebrytande forskinga er spesielt viktig for å utvikle forskinga vidare. Forskingsrådet satsar målretta både på unge forskartalent og etablerte forskarar for å bygge framifrå forsking.

Grenseerfaringar med ord

Forskinga til Klockmann skal handle om det som skjer når eit ord oppfører seg annleis enn ordklassen tilseier. I frasen «heaps of questions» ser «heaps» framleis ut som eit substantiv, men fungerer eigentleg som eit ord for mengde – omtrent som «mange».

To tradisjonar innan språkforskinga har lenge stått mot einannan: generativ lingvistikk meiner ordklassane er skarpt skilde frå einannan, mens kognitiv-funksjonell lingvistikk meiner grensene er uklare.

Klockmann vil vise at desse tradisjonane ikkje berre er motsettingar, men at dei utfyller einannan og forklarer ulike sider ved språket.

Skal utvikle ny teori om ordklassar

– Målet mitt er å lage ein ny teori om språk og ordklassar som tek opp i seg innsikter frå begge tradisjonane, og som utvidar forståinga av ordklassar ved å sjå på ord når dei opererer heilt på kanten av sin eigen kategori, seier ho.

Prosjektet skal undersøkje slike grenseerfaringar på engelsk, norsk, spansk, polsk og enda eit språk som enno ikkje er vald.

Klockmann startar på det nye forskingsprosjektet i september. På nyåret skal ho tilsetje ein doktorgradsstipendiat. I tillegg har ho allereie avtalar med kollegaer på UiA som skal bidra til prosjektet.

– Vi er sjølvsagt glade og stolte for dette prosjektet. I tillegg til at vi får forskingsmiddel og eit nytt og viktig prosjekt ved UiA, får vi også tilført friske middel utover dei 10 millionane. Det vil også bidra til å utvikle fagområda våre, seier Klævik-Pettersen.