Frist for innlevering av politiattest er 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret.
1. Treng du politiattest?
Du finn informasjon om kva studium som krev politiattest på informasjonssidene til det enkelte studiet. Får du opptak til eit studium som har krav om politiattest, vil du få beskjed om dette i opptaksbrevet.
Alle som blir tekne opp til studium der ein kan kome i kontakt med personar under 18 år, må levere gyldig politiattest. Det er ikkje mogleg å delta i praksis eller klinisk opplæring utan at ein slik attest er levert. Det vil stå i opptaksbrevet om du må levere politiattest.
UiA-studier med krav om politiattest
- Avansert klinisk allmennsykepleie
- Barnehagelærerutdanning, arbeidsplassbasert
- Barnehagelærerutdanning, deltid
- Barnehagelærerutdanning Grimstad
- Barnehagelærerutdanning Kristiansand
- Barnevern
- Bioingeniør
- Folkehelsearbeid
- Friluftsliv
- Grunnskolelærerutdanning for trinn 1–7
- Grunnskolelærerutdanning for trinn 5–10
- Helsesykepleie
- Idrett, bachelor
- Idrett, årsstudium
- Lektorutdanning for trinn 8-13
- Lærerutdanning for tospråklige lærere
- Pedagogikk, bachelor (dersom du skal ta emnet PED340 Praksis)
- Praktisk-pedagogisk utdanning
- Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag
- Profesjonsrettet master med integrert praktisk-pedagogisk utdanning
- Psykososial helse
- Psykisk helse-, rus- og avhengighetsarbeid
- Psykologi, profesjonsstudium
- Psykososialt arbeid med barn og unge
- Samfunnsrettet ernæringsarbeid
- Sosialt arbeid, bachelor
- Spesialpedagogikk 1
- Spesialpedagogikk, bachelor
- Spesialpedagogikk, master
- Spesialsykepleie
- Sykepleie, distriktsvennlig (fleksibel)
- Sykepleie Grimstad
- Sykepleie Kristiansand
- Teater, skuespill og regi, bachelor
- Teater, skuespill og regi, årsstudium
- Vernepleie, bachelor
2. Bestill politiattest
Vent til du har fått studieplass, og semesterregistrert deg.
Bestill politiattest via Studentweb
Ver merksam på at når du startar på bestillinga har du 10 dagar på deg til å fullføre. Ufullstendige bestillingar blir ikkje sende til Politiet.
3. Lever politiattesten
Det held ikkje å berre bestille politiattesten. Når du mottek ho, må du levere vidare til UiA.
Politiattesten kan ikkje vere eldre enn 3 månader når ho blir levert inn til oss.
Spørsmål og svar om politiattest
Kva vil stå på politiattesten?
Det finst fleire typar politiattest, og du finn informasjon om kva for attest du skal levere i opptaksbrevet ditt. Har du søkt gjennom UiAs lokale opptak, finn du informasjon i tilbodseposten og på kvitteringssida i SøknadsWeb.
Politiattesten vil innehalde ein sjekk mot dei paragrafane i straffelova som til ei kvar tid er lista opp i dei aktuelle heimlane for politiattest. Ved UiA gjeld dette følgjande:
- For lærerutdanningar: politiregisterloven § 39.
- For helsefaglige utdanningar: helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Det generelle kravet om politiattest for studentar er fastsett i universitets- og høgskoleloven § 12-2. Det er også omtala i forskrift om opptak til høgre utdanning, kapittel 6.
Når og korleis skal politiattestar med merknader leverast?
Har du merknad på politiattesten, må du levere han til universitetet innan 3 veker frå du fekk tilbodet.
Attesten sender du til:
Universitetet i Agder
Postboks 422
4604 Kristiansand
Eller du kan laste han opp via skjema.
Merknad på politiattesten kan føre til at du ikkje kan delta på klinisk undervisning eller praksisopplæring. Politiattesten vil bli behandla av universitetet si klagenemnd som avgjer om merknaden krev utestenging eller ikkje.
Dersom du ikkje legg fram politiattest, har du ikkje rett til å delta i praksisopplæring eller klinisk undervisning. Studentar som ikkje kan delta i praksisopplæring/klinisk undervisning, vil ikkje kunne få vitnemål for fullført grad eller utdanning.
Søkjarar som har merknad på politiattesten, har rett til juridisk bistand i samsvar med Lov om universiteter og høgskoler §12-9.
Kor ofte må politiattest leverast?
Det skal i utgangspunktet halde å levere ein politiattest for eit studieløp.
I nokre tilfelle kan universitetet få kjennskap til informasjon der det kan vere grunn til å tru at studenten har nye opplysningar i høve til politiattesten. I slike tilfelle vil Universitetet i Agder ta kontakt med politiet for å få ei oppdatering i høve til den opphavlege politiattesten. Politiet kan ikkje gi opplysningar om straffbare forhold som ikkje omhandlar politiattesten.
Ved byte av studiestad kan den nye utdanningsinstitusjonen krevje at du viser ein ny politiattest.
Ved byte av studium som krev ein annan type politiattest, må du vise fram ein ny politiattest i samsvar med dei paragrafane i straffelova som er aktuelle.
Kor lenge blir politiattesten oppbevart?
Politiattestar utan merknad vil bli registrerte inn i vårt system, og det vil kome fram på Studentweb at politiattest er levert. Når dette er registrert, vil politiattesten bli makulert.
Politiattestar med merknad vil bli sende til den nasjonale nemnda som behandlar politiattest i samsvar med sine rutinar.
Ein politiattest er berre gyldig til det formålet som han er skrive ut til. Det vil seie at du ikkje kan bruke politiattesten fleire gonger. Vi leverer difor ikkje ut att politiattestar etter at dei er registrerte som mottekne hos oss.
Korleis veit eg at politiattesten er registrert?
Etter at du har semesterregistrert deg, og betalt semesteravgift, vil du sjå på "startsida" i Studentweb følgjande tekst: "Gyldig politiattest for studieprogrammet XXXX er aktiv i perioden XXXX".
Står det andre meldingar på Studentweb om manglande innbetaling eller godkjenning av utdanningsplan eller liknande, vil du ikkje kunne sjå om politiattesten har blitt registrert enno.
Det kan til dømes sjå slik ut:

Kvifor politattest?
Årsaka til at ein krev politiattest er for å sørgje for at studentar som kjem i kontakt med barn og unge, pasientar og andre sårbare grupper ikkje skal vere sikta, tiltalt eller dømd for relevante lovbrot i straffelova.