English version of this page

Beredskapsplan for utveksling

Ved alvorleg hending eller krise i utlandet

  1. Følg råda og hald deg oppdatert
  2. Sjekk Sikre Siden
  3. Varsle UiA ved behov

Etter at du har følgt råda, oppdatert deg på Sikre Siden og sikra at du er trygg, bør du kontakte UiAs beredskapstelefon på +47 38142220 for å informere om hendinga. Beredskapsgruppa ved UiA vil eventuelt kontakte andre relevante i saka di ved UiA (studierettleiar, fakultet, internasjonalt kontor).

UiA har ein beredskapsavtale med Sjømannskyrkja - ved ei alvorleg hending vil kyrkja stille sine ressursar til disposisjon og vere på staden så raskt som mogleg, uansett kor i verda hendinga skjer utanfor Noreg.

Viktige kontaktar

  • Din næraste norske utanriksstasjon/ambassade
  • Internasjonalt kontor ved vertsuniversitetet i utlandet
  • UDs døgnåpne beredskapstelefon +47 22 24 36 00 / +47 23 95 00 00
  • Sjømannskyrkja: +47 95 11 91 81 (døgnåpen)
  • Ditt forsikringsselskap

Sjå også førebyggjande tiltak før reise:

  1. Hugs å laste ned «Reiseklar» som er UDs app for reiseinformasjon, reiseråd og reiseregistrering.
  2. Les om førebuingar før reise fra internasjonalt kontor.
  3. Oppdater deg om forebyggjande tiltak på Sikre Siden

 

(Oppdatert oktober 2025) 

Publisert 4. juli 2024 - Sist endra 6. nov. 2025