Marianne Haugland

Jobb: Miljøterapeut i sikkerheita
Arbeidsgivar: Kriminalomsorgen
Uteksaminert: 2025
Utdanning:
Statsvitskap og leiing, master
Det er utruleg gøy å bruke både utdanninga og erfaringene sine i praksis, og kjenne at ein faktisk gjer ein forskjell.
Relasjonar som grunnmur i sikkerheitsarbeidet
Marianne jobbar som Miljøterapeut i sikkerheita, ei rolle som liknar fengselsbetjent, men med ein annan utdanningsbakgrunn. Arbeidsdagen hennar består av oppfølging av innsette med ulike utfordringar, blant anna knytt til psykisk helse, rus og konflikthandtering.
– Vi hjelper dei å strukturere kvardagen, og ikkje minst sjå kva moglegheiter dei har når dei ein dag skal tilbake til samfunnet.
Ein sentral del av arbeidet er det som blir kalla dynamisk sikkerheit. Det handlar om å vere til stades, bygge relasjonar og skape tryggleik gjennom dialog. Dette kan vere motiverande samtalar, risikovurderingar og nokre gonger ein uformell prat over eit kortspel.
– Det er eigentleg i dei små stundene ein bygger tillit, og det gjer jobben veldig givande.
Erfaring og nettverk blei vegen inn i jobben
Marianne starta som vikarbetjent siste året på bacheloren. Gjennom fleire vikariat og ulike stillingar bygde ho erfaring i praksisfeltet samtidig som ho fullførte utdanninga.
For henne blei vegen til fast stilling ein kombinasjon av relevant arbeidserfaring og nettverk ho utvikla undervegs.
Frå fleksibel studietid til fast struktur
Overgangen frå studium til arbeidsliv opplevde Marianne som relativt saumlaus. Ho jobba heiltid i vikariat samtidig som ho skreiv masteroppgåva, noko som gjorde spranget mindre brått.
Likevel er forskjellen tydeleg:
– Studietida var fri og fleksibel, mens fast jobb gir faste rammar. Samtidig er det utruleg gøy å bruke både utdanninga og erfaringane sine i praksis, og kjenne at ein faktisk gjer ein forskjell.
Samfunnsinteresse som drivkraft
Valet av studiar sprang ut av ei grunnleggande nysgjerrigheit:
– Eg har alltid vore interessert i korleis samfunnet fungerer, og korleis enkeltmenneske blir påverka av strukturane rundt seg.
Bacheloren i sosiologi gav henne innsikt i mekanismane i samfunnet, og ho valde pedagogikk som breiddeår, noko som gav konkrete verktøy for rettleiing, læring og samarbeid. Marianne forklarer at dette er ferdigheiter ho bruker dagleg i arbeidet sitt.
Marianne var engasjert i fadderstyret ved UiA under bacheloren og dette vekt ei interesse for organisasjon og leiing. Dette førte henne vidare til master i statsvitskap og leiing med fordjuping i organisasjon og leiing.
– Masteren gav meg verktøya til å forstå og navigere i organisasjonar, noko som kjem godt med i jobben min.
Ei forståing av både individ og system
Marianne trekker fram den analytiske forståinga ho har utvikla gjennom studiane som særleg verdifull i jobben.
– Den analytiske forståinga gjer at eg kan sjå situasjonar i samanheng og forstå kvifor folk gjer som dei gjer. Det er superviktig i jobben, der ein møter menneske som ofte er frustrerte eller sårbare.
Ho fortel at sosiologi har lært henne å forstå roller og maktdynamikk, pedagogikk har gitt henne verktøy til å rettleie og samarbeide, og masteren har gjort henne tryggare på å forstå organisasjonen rundt seg.
– Kombinasjonen gjer at eg kan sjå både individet og systemet, og korleis dei heng saman.
Teori som møter praksis
I møte med frustrerte eller sårbare innsette bruker ho bevisst kunnskapen frå studia.
– Når eg møter innsette som blir frustrerte på fengselet eller på oss som jobbar der bruker eg sosiologiske teoriar om roller og makt for å forstå dynamikken. Samtidig justerer eg kommunikasjonen og gjer tydeleg forventingar. Små justeringar som dette kan gjere kvardagen meir føreseieleg for dei, og mindre stressande for oss.
Studiar som opnar mange dører
Marianne tilrår studia ved UiA til alle som er samfunnsinteresserte og nysgjerrige.
– Studiet gir både djupne og breidde, og lærer deg å forstå både enkeltmenneske og systema rundt dei.
Ho peikar på at utdanninga kan brukast i mange retningar, blant anna offentleg sektor, leiing, HR, organisasjonsarbeid og kriminalomsorg.
– Eit ekstra pluss er engasjerte forelesarar som er lette å kome i kontakt med og verkeleg vil høgre kva studentane har å seie.
Eit nettverk som fortset å gi verdi
Nettverket frå studietida har vore ein viktig ressurs også etter enda utdanning.
– Nettverket har vore gull verdt! Eg kan diskutere faglege problemstillingar, få tips om jobbmoglegheiter og høyre korleis andre har løyst utfordringar eg møter i jobben.
For henne handlar det ikkje berre om karriere, men om støtte, inspirasjon og nye perspektiv.
Tips til studentar
– Ver nysgjerrig og engasjert, og bli med i studentfrivilligheita på eit tidspunkt. Verv gir erfaring, nettverk, nye vener og ferdigheiter du ikkje visste du hadde. Eg tilrår spesielt Fadderstyret, du får påverke andres studiestart og blir kjent med folk frå heile UiA.
– Og hugs å nyte studietida, ho går mykje fortare enn du trur!