Oda Skoglund

Jobb: Arealplanleggar og beredskapskoordinator
Arbeidsgivar: Birkenes kommune
Uteksaminert: 2022
Utdanning:
Samfunnsplanlegging, stad og prosess (master)
Engasjer deg! Det får ein alltid mykje igjen for, enten om det er praktiske ferdigheiter, sosiale ferdigheiter eller at det gir deg noko positivt.
Arbeidskvardagen mellom kart og krise
Som arealplanleggar og beredskapskoordinator i Birkenes kommune er Odas dagar sjeldan like. Ho driv med saksbehandling, rådgiving, førebur politiske saker, analysearbeid og utarbeider ulike planar og dokument. Nokre dagar er fulle av møte og tverrfagleg samarbeid; andre dagar kan ho fordjupe seg uforstyrra i ei sak.
I beredskapsdelen av jobben kan rytmen brått endre seg; då handlar det om å koordinere hendingar, vere med på øvingar og samhandle med nødetatar.
Frå masterinnlevering til relevant jobb
Oda søkte på stillinga mens ho leverte masteroppgåva ved UiA og gjekk inn i stillinga rett etter enda studium.
- Eg kjenner meg heldig som fekk relevante arbeidsoppgåver med ein gong.
Overgangen frå studium til heiltidsjobb beskriv Oda som naturleg, mykje takka vere relevant praksis og tidlegare arbeidserfaring i kommune. Dette gjorde at ho var førebudd på skiljet mellom fag og politikk.
Den største endringa var å gå frå sjølvstyrte studiedagar til ein meir fast struktur:
- Det er jo sjølvsagt alltid ein overgang frå det å studere og kunne bestemme eigen kvardag i større grad sjølv, men ein blir fort vant til eit anna tilvære òg.
Studieval basert på ei interesse for samfunn
Oda har alltid vore interessert i samfunnsfag og korleis ulike delar av samfunnet påverkar kvarandre. Ho valde fagfeltet fordi det omhandlar både dei store globale trendane og dei konkrete kvardagsvala som formar lokalsamfunn. Planfaget er dessutan både teoretisk og praktisk – ein kombinasjon som passar henne godt. Bak seg har ho er bachelor i planlegging og administrasjon, og ved UiA fekk ho høve til å spesialisere seg innan samfunnsplanlegging, by- og regionalutvikling.
Eit arbeidsrelevant studium
Oda opplever at heile studieløpet har vore arbeidslivsrelevant – frå teori og metode til feltarbeid og samarbeid. Dei praktiske, samarbeidsdrivne innleveringane gav viktig trening i å analysere stader og omgivnader. Ho trekker særleg fram samskapningfaget som eit høgdepunkt – både fagleg, sosiale og med direkte overføringsverdi til jobben.
Dei tydelegaste eksempelet på arbeidslivsrelevans kom då ho leidde ein workshop i kommunestyret i Birkenes, der ferdigheitene ho hadde lært i samskapningfaget kom veldig til nytte. I tillegg nemner ho lærdomen ho fekk av å ha skrive ei masteroppgåve:
- Då eg skulle revidere kommuneplanen i Birkenes var det veldig nyttig å ha gjennomført prosessen med å ha skrive ei masteroppgåve.
Tilrår samfunnsplanlegging
Samfunnsplanlegging er, ifølge Oda, eit allsidig val som opnar dører i både offentleg og privat sektor. Ho legg også vekt på at studiet gir deg ferdigheitene du treng til å løyse mange ulike oppgåver i arbeidslivet. Etter studiane har Oda møtt fleire av dei tidlegare medstudentane sine – nokon i regionen, andre på konferansar og faglege samlingar.
- Alle tidlegare medstudentar eg har møtt i etterkant av studiane har fått relevante og spennande jobbar dei òg.
Tips til studentar
- Engasjer deg! Det får ein alltid mykje igjen for, enten om det er praktiske ferdigheiter, sosiale ferdigheiter eller at det gir deg noko positivt.