Kristoffer Kalleli

Jobb: Planleggingsleiar
Arbeidsgiver: Rogaland fylkeskommune
Uteksaminert: 2022
Utdanning:
Samfunnsplanlegging, sted og prosess (master)
Det er som å pusle saman det største puslespelet i verda. Det er utruleg spennande!
Rolla som planleggingsleiar
Som planleggingsleiar har Kristoffer ansvar for å styre delprosjekt i Bussveien fram til ein vedtatt reguleringsplan. Rolla inneber både koordinering av interne ressursar, og dessutan følge opp framdrifta i planfasen. I tillegg deltar han aktivt i diskusjonar om konkrete løysingar undervegs i planprosessen.
Han fekk stillinga som planleggingsleiar gjennom ein ordiner søknadsprosess mens han jobba med masteroppgåva.
Frå trehytter til byplanlegging
Interessa for å skape og bygge har vore der sidan barndomen. Så lenge Kristoffer kan hugse har han vore opptatt av kreativitet. I oppveksten brukte han blant anna mykje tid til å bygge trehytter.
- Saman med vener bygde eg ein liten trehyttekoloni der alle hadde kvar si trehytte, og kvar trehytte skulle henge saman.
Kristoffer forklarer også at dataspel som SimCity og Cities: Skylines hadde stor innverknad på å vidareutvikle fasinasjonen av å skape noko.
- Eg gir ofte desse dataspela skulda for kvifor eg valde å studere samfunnsplanlegging.
Kreativiteten frå barndomen blei med inn i studiane – nå blir han brukt til å finne praktiske løysingar på komplekse planleggingsoppgåver.
Overgangen til arbeidslivet
Det som overraska Kristoffer mest med overgangen til arbeidslivet var kor komplekst det er å jobbe med ein reguleringsplan. Han peikar på at det er ei rekke omsyn ein må vareta og at alt heng saman.
- Når eg skal planlegge delstrekk som er over 2km, så er det som å pusle saman det største puslespelet i verda. Det er utruleg spennande!
Relevant praksis under studiane
Utdanninga ved UiA gav Kristoffer eit solid fagleg grunnlag for jobben i Rogaland fylkeskommune. Eit kort praksisopphald i eit konsulentfirma gav han også verdifull innsikt i korleis samfunnsplanlegging fungerer i verkelegheita. Erfaringane frå arbeid med stadsanalysar, plansystem og medverknadsteoriar har vist seg særleg nyttige.
- Dei planane eg jobbar med i dag er store og kan vere svært omfattande for ramma. Eit godt medverknadsopplegg og den heilskaplege forståinga av plansystem har i stor grad vore relevant.
Tilrår studiet
Kristoffer meiner studiet innan samfunnsplanlegging passar for dei fleste som er samfunnsengasjerte. Han vil særleg tilrå dette studiet til dei som er interesserte i utvikling av dei fysiske omgivnadene sine. Kristiansand som studieby er også noko Kristoffer tilrår sterkt.
- Eg tilrår alltid UiA Kristiansand som studiestad. Byen er akkurat passe stor til at ein kan gå overalt. Campus har alt ein treng, og forelesarane er gode på å vidareformidle kunnskapen sin!
Tips til studentar
- Engasjer deg! Forsøk å få med deg ulike aktuelle saker i media eller på nettsida til kommunane.