Kyrre Waag

Jobb: Daglig leiar og musikkprodusent
Arbeidsgivar: KW Productions AS
Uteksaminert: 2023
Utdanning:
Music Business and Management (Master)
Motgang kan vere djupt engasjerande, og kan derfor også brukast som rakettbensin i nye eventyr.
Eit arbeidsliv med mange roller
Som dagleg leiar i KW Productions AS har Kyrre ein arbeidskvardag som spenner breitt. Jobben består av både kreative, administrative og utøvande oppgåver, og ingen dagar er heilt like. På den kreative sidan jobbar han med komponering, arrangering, låtskriving og musikkproduksjon. I tillegg jobbar han aktivt med idéutvikling og langsiktig kreativ problemløysing knytt til samarbeid og prosjekt.
Parallelt handterer han meir administrative oppgåver som planlegging, booking, rekneskap og prosjektstyring. Performativt arbeid er også ein del av Kyrres arbeidsliv. Dette kan vere konsertar eller andre oppdrag der musikk møter publikum fysisk.
For å få mest mogleg ut av arbeidskvardagen prøver han å strukturere dagane tydeleg.
– Eg prøver å halde enkelte dagar kreative, og andre administrative, for å effektivisere arbeidet og minimere krevjande omstillingsprosessar.
Ein jobb som tok form undervegs
Kyrre fekk ikkje jobben gjennom ei utlysing eller ein søknadsprosess. Han skapte han sjølv. Vegen dit har vore prega av både bevisste og tilfeldige val, men alltid med eit mål om å kombinere langsiktig strategi med vilje til å gripe moglegheiter når dei oppstår.
– Over fleire år der det summen av alle avgjerdene, nokre gjennomtenkt, og andre ikkje, som har ført til moglegheitene ein sit på i dag.
Han beskriv karriereutviklinga som eit resultat av å stadig prøve, feile og justere kursen, snarare enn å følge ein ferdig definert plan.
Bevisst overgang frå studium til arbeidsliv
Kyrre forklarer at han, gjennom heile studieløpet, var klar over kor krevjande det kan vere å lykkast i kreative bransjar. Derfor jobba kan kontinuerleg med eigne prosjekt under studiane for å gjere overgangen til arbeidskvardagen lettare.
Han trekker fram betydinga av å tole motgang og usikkerheit, og å bruke desse erfaringane som drivkraft. Samtidig var studielånet ein viktig føresetnad for å kunne satse i ein fase der inntektene var usikre.
– Kor viktig det er å prøve, og å feile, for så å prøve igjen og igjen, er noko eg verkeleg har fått kjenne på gjennom desse åra. Dette hadde nok vore tilfellet i mange kreative bransjar, men moglegheita for å få studielån i ein periode med mykje satsing, var svært viktig for meg.
Utdanning med rom for ansvar og refleksjon
Studieløpet til Kyrre starta med siviløkonomistudium på Handelshøyskolen BI i Oslo, før han innsåg behovet for å utforske eit meir kreativt studieløp. Valet fall på UiA, der han tok bachelor i elektronisk musikk og seinare master i Music Business and Management.
Kyrre beskriv utdanningane ved UiA som relativt laus i rammene, med stort ansvar lagt på studentane sjølv. Dette opplevde han som utviklande. Det gav rom for å forme oppgåver rundt eigne interesser, med fokus på nøkkelfaktorar i høgytingsteam i kreativ sektor. Han trekker også fram at dei indirekte ferdigheitene han tileigna seg under studietida si ved UiA har vore avgjerande.
– Verktøya ein tileignar seg utanom det reint faglege, kan vere gull verdt.
Motgang som drivkraft
Ei av dei mest formative erfaringane frå studietida kom då Kyrre ikkje kom inn på masterstudiet i låtskriving. Avslaget var frustrerande, men blei etter kvart eit vendepunkt.
– Motgang kan vere djupt engasjerande, og kan derfor også brukast som rakettbensin i nye eventyr.
I staden for å stoppe opp, søkte han seg inn på master i Music Business and Management. Det gav han rom til å fortsette den kreative produksjonen parallelt med ein ny fagleg ståstad. I dag bruker han denne erfaringa aktivt når prosjekt møter motstand.
– Vegen mot målet er sjeldan lineær, men det finst som regel alltid ei løysing, og kanskje til og med ei betre løysing enn det som opphavleg var skissert.
Studiar som støttar den du ønsker å bli
Kyrre er opptatt av at studieval ikkje kan reduserast til rangeringar eller prestisje aleine. For han handlar det om å finne ein stad som gir rom for utforsking, refleksjon og personleg utvikling. Enten ambisjonen er å bygge ein karriere i etablerte strukturar eller å skape noko heilt eige, handlar studievalet om å finne eit miljø som støttar den du ønsker å bli. For Kyrre blei UiA ein stad der han kunne kombinere faglege fordjuping med kreativ utforsking, og der erfaringane undervegs var minst like verdifulle som sjølve grada.
– Ein må kjenne på desse tinga sjølv, og skaffe til vegar den informasjonen ein reknar som mest relevant for vesenet sitt.
Tips til studentar
Til nåverande eller komande studentar, har Kyrre eit kort og tydeleg råd:
– Følg hjartet.