Pedagogikk som eit verktøy for livsmeistring

Med mastergrad i pedagogikk frå UiA har Gry Helen skapt sin eigen arbeidsplass i skjeringspunktet mellom samtaleterapi, pedagogisk rettleiing og fagformidling.

Gry Helen Nævisdal

Bilde av Gry på masteravslutningen

Jobb: Samtaleterapeut, skribent og pedagogisk rettleiar

Arbeidsgivar: Sjølvstendig næringsdrivande

Uteksaminert: 2024

Utdanning:

Pedagogikk (Master)

Det som er så positivt med pedagogikkfeltet er at det strekker seg langt utover klasseromsundervising, og er relevant heilt inn i liva våre.

Arbeidar relasjonelt med menneske i ulike livsfasar

Som sjølvstendig næringsdrivande jobbar Gry Helen med samtaleterapi og pedagogisk rettleiing for barn, unge og vaksne. Med bakgrunn i barnehagekunnskap, vidareutdanning innan rådgiving og terapeutisk arbeid og ei mastergrad i pedagogikk, har ho bygd ein tverrfagleg praksis.

– Arbeidet mitt handlar om å møte menneske i ulike livs- og læringssituasjonar og støtte dei i refleksjon, forståing og utvikling gjennom ein dialogisk og relasjonell tilnærming.

Ein vanleg arbeidskvardag kan bestå av individuelle samtalar, foreldresamtalar og rettleiing knytt til skole, studiar og psykososiale utfordringar. Arbeidet er både praktisk og teoretisk forankra, og blir prega av nære kontakt med menneske og kvardagsliv.

Fagformidling som ein del av praksisen

I tillegg til samtalearbeid skriv Gry Helen fagtekstar som blir publiserte via eiga verksemd, Nævisdal psykopedagogikk. Tekstane tar utgangspunkt i pedagogisk og psykologisk teori, og er ofte inspirerte av møte med menneske eller eit ønsker om å løfte fram faglege perspektiv til refleksjon.

Ambisjonen er å gjere fagleg kunnskap tilgjengelege og relevant i kvardagslivet. Tekstane skal vere lettlesne, men samtidig tydeleg fagleg forankra, og retta både mot fagpersonar og eit breiare publikum. For Gry Helen er dette ein sentral del av arbeidet, og eit uttrykk for ønsket om å sameine teori og praksis på ein meiningsfull måte.

Sjølvskapt arbeidsplass

Stillinga Gry Helen har i dag, er ikkje resultatet av ei utlysing, men av eit bevisst val. Ho ønskte å arbeide meir heilskapleg i skjeringspunktet mellom pedagogikk og psykologi, og samtidig ha rom for å fordjupe seg teoretisk og drive aktiv fagformidling.

– Dei ønska eg hadde for dette fanst ikkje i jungelen av kunngjorde stillingar, så då var det berre ein ting å gjere; starte opp sjølv.

Ein overgang som kravde tillit til eigen kompetanse

Overgangen frå studium til arbeidsliv opplevdes som både krevjande og meiningsfull. Fagleg kjente Gry Helen seg godt førebudd, men ho kjente samtidig på usikkerheita som kan oppstå når ein ikkje lenger er omgitt av medstudentar og faste sparringspartnarar.

– Ein må på eit tidspunkt velje å stole på seg sjølv, og den kunnskapen og dei ferdigheitene ein har opparbeidd seg. Det som er så positivt med pedagogikkfeltet er at det strekker seg langt utover klasseromsundervising, og er relevant heilt inn i liva våre.

Gry Helen trekker fram at masterstudiet i pedagogikk ikkje berre har førebudd henne på pedagogisk arbeid, men også styrkt hennar evne til kritisk tenking, analyse, refleksjon og sjølvforståing i møte med nye utfordringar.

Eit ønske om djupare forståing av pedagogikk

Valet av master i pedagogikk var motiverte av ei grunnleggande interesse for læring, menneskeleg utvikling og korleis relasjonar og dialog påverkar både individ og felleskap. Med bachelor i barnehagekunnskap som utgangspunkt, kjentest det naturleg å vidareutvikle kompetansen innan det pedagogiske perspektivet.

– Det var ikkje berre eit ønske om ein viss jobb, men eit ønske om djupare forståing. Pedagogikk gav meg eit språk og eit teoretisk rammeverk for spørsmål eg allereie var veldig opptatt av, både fagleg og personleg.

Tileigna seg relevant kunnskap

Gry Helen forklarer av studiet har vore svært relevant i arbeidskvardagen hennar, særleg når det gjeld analytiske ferdigheiter, refleksjon og evna til å sjå samanhengar mellom individ, kontekst og samfunn. Kunnskap om dialog, læring og danning, som også var sentrale i masteroppgåva, bruker ho aktivt i møte med klientar.

– Både korleis eg lyttar, stiller spørsmål og strukturerer samtalane er henta frå kunnskap eg har opparbeidd meg gjennom utdanninga.

Tilrår studiet til andre

Gry Helen tilrår studiet og UiA til dei som er nysgjerrige, reflekterande og ønsker å forstå kompleksiteten i menneskes liv og læring.

– Dette er ikkje eit profesjonsstudium som fører til ein viss tittel i arbeidslivet, så lag deg ein plan på kva retning du ønsker å bevege deg, og gjerne så tidleg som mogleg om du søker dette studiet.

Samtidig trekker ho fram fagmiljøet ved UiA som ein stor styrke, med engasjerte og kunnskapsrike forelesarar som tar studentane på alvor. At faglærarane sjølv er ekspertar på undervising og læring, blir tydeleg opplevde i forelesingane. Gry Helen reflekterer også over dei gode relasjonane ho knytte gjennom studietida.

– Under studietida fekk eg venskap for livet, og eg har også hatt jamleg kontakt med den fantastiske rettleiaren min under masteroppgåva.

Tips til studentar

– Mitt beste råd er å vere ein aktiv student, hugs at du gjer dette for deg sjølv og ingen andre. Det er heilt normalt å kjenne seg både forvirra og overvelda av alt som er nytt i starten, men det går over før du aner. Både alt det tekniske, sosiale og den enorme mengda med pensum fell på plass etter kvart. Finn deg studieteknikkar som fungerer for deg, og hugs at du er meir enn ein bokstav på eit vitnemål!

Publisert 21. jan. 2026 - Sist endret 22. jan. 2026