Kontaktlærar i barneskulen

Som kontaktlærar på barneskule bruker Simen pedagogisk kompetanse kvar dag i møte med elevar, foreldre og kollegaer.

Simen Kristoffer Østgård

Selfie tatt av Simen

Jobb: Kontaktlærar

Arbeidsgivar: Nord-Aurdal kommune

Uteksaminert: 2021

Utdanning:

Pedagogikk (Bachelor)

Eg fann raskt ut at eg liker å jobbe med menneske. 

Ein variert skolekvardag tett på elevane

I dag jobbar Simen som kontaktlærar i ein tredjeklasse ved Nord-Aurdal barneskule. Arbeidskvardagen hans er samansett og blir prega av tett oppfølging av elevane, både fagleg og sosialt. Undervising står sentralt, men rolla inneber også spesialpedagogisk arbeid, sosial rettleiing, møter og jamleg dialog med føresette.

Frå vikar til fast kontaktlærar

Vegen inn i jobben gjekk gjennom direkte kontakt med skolen. Simen tok sjølv initiativ til å ta kontakt med rektor, noko som førte til eit vikariat.

– Eg jobba først som vikar der eg i hovudsak hadde undervising og følgde opp enkeltelevar. Etter tre år blei eg sett til å vere kontaktlærar i den klassen eg er i nå.

Overgangen frå studium til arbeidsliv opplevde han som relativt enkel, mykje takka vere tidlegare arbeidserfaring ved sida av studiane.

Valde pedagogikk for å jobbe med menneske

Simen valde ein bachelor i pedagogikk fordi han ønskte å jobbe med menneske. Før studiane hadde Simen erfaring frå arbeid på sjukeheim, noko som gjorde han medviten på at det var relasjonelt arbeid som motiverte han mest, sjølv om helsesektoren ikkje var rett veg vidare.

– Sjølv om eg ikkje kunne tenke meg å bli sjukepleiar, fann eg raskt ut at eg liker å jobbe med menneske.

Pedagogikk verka derfor som eit naturleg val.

Teori som støtte i praksis

I jobben som kontaktlærar opplever Simen utdanninga som svært relevant, særleg i møte med elevar og i handtering av sosiale situasjonar. Han bruker læringsteori aktivt i arbeidskvardagen.

– Det å bevisst bruke ulike læringsteoriar i kvardagen har hjelpt meg mykje når det gjeld problemløysing i sosiale situasjonar. Eksempelvis har eg til tider brukt behaviorismen når eg underviser og skal ha kontroll på ein klasse på 19+ elevar. Om eg samhandlar med barn som har større utfordringar knytte til sosiale relasjonar, både med vaksne og medelevar, så har eg meir humanistisk tilnærming.

Sjølv om Simen opplever utdanninga som svært relevant, understrekar han også at mykje av læringa skjer når ein først er ute i arbeid og at dei personlege eigenskapane hans har hjelpt han mykje i jobben.

Eit studium for deg som vil jobbe med utvikling

Simen tilrår bachelor i pedagogikk til alle som er interesserte i menneske og utvikling.

– I dette studiet lærer ein mykje om menneske og korleis vi skal forhalde oss til ulike personlegdomstypar, spesielt i ein læringssituasjon.

Tips til studentar 

– Planlegg godt korleis du skal jobbe med studiane i forkant. Strukturer kvardagen for at du skal få mest mogleg ut av den. Eg vil også tilrå å opparbeide seg erfaring innanfor fleire relevante yrke, dette vil gjere det lettare å velje rett seinare.

Publisert 29. jan. 2026 - Sist endret 29. jan. 2026