Ein karriere innan omsettings- og tolketenester

Margarita Michaela Haslekas kombinerer frilans tolkeoppdrag med ei heiltidsstilling i omsettings- og tolketenester. Etter å ha fullført mastergrada ved UiA jobbar ho nå i skjeringspunktet mellom språk, logistikk og kundekontakt.

Margarita Michaela Haslekas

Selfie av Margarita

Jobb: Kundekonsulent for omsettings- og tolketenester + frilansarbeid

Arbeidsgivar: Hero Tolk + frilans for Salita, Nord Tolk og Noricom

Uteksaminert: 2025

Utdanning:

Omsetting og fagspråkleg kommunikasjon (Master)

Overgangen til arbeidslivet gjekk veldig fint, sidan eg allereie jobba aktivt som omsettar samtidig som eg fullførte mastergrada.

Ei hektisk rolle bak kulissane

Som kundekonsulent for omsettings- og tolketenester jobbar Margarita i eit dynamisk og kundeorientert miljø, der koordinering står sentralt.

– I jobben min har eg ansvar for å koordinere og administrere tolke- og omsetteleseoppdrag i eit hektisk og kundeorientert arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåvene hennar inkluderer å handtere førespurnader, registrere og følge opp oppdrag, og dessutan sikre kvalitet arbeidet som blir levert. Ho har også ansvar for logistikken rundt tolkeoppdrag, frå reiseplanlegging til å kople rett tolk med rett oppdrag.

– Eg matchar tolkar til oppdrag basert på språk, spesialisering og kontakt, som for eksempel juridiske, helsefaglege og offentlege oppdrag.

Frå frilans til fast stilling

Margarita blei først kjent med den nåverande arbeidsgivaren sin, Hero Tolk, mens ho fullførte mastergrada og var på jakt etter relevant erfaring. På det tidspunktet hadde ho allereie jobba som frilans tolk og omsettar i fleire språk.

– Eg hadde allereie jobba i over eitt år som frilans tolk og omsettar i engelsk, russisk og ukrainsk, og ønskt å få meir administrativ erfaring innan same felt.

Sjølv om det ikkje var nokon ledige stillingar då ho først var i kontakt med selskapet, fortsette ho å jobbe med dei gjennom frilansoppdrag. Nokre månader seinare opna det seg ei moglegheit.

– Seinare same år, i september, fekk eg tilbod om ei stilling på kontoret. Denne overgangen gav meg høve til å utvide erfaringa mi frå frilans språkoppdrag til ein meir strukturert, administrativ rolle innan tolke- og omsettingsbransjen.

Ein naturleg overgang til arbeidslivet

Sidan Margarita allereie jobba ved sida av studiane, opplevde ho overgangen til heiltidsjobb som naturleg.

– Overgangen til arbeidslivet gjekk veldig fint, sidan eg allereie jobba aktivt som omsettar samtidig som eg fullførte mastergrada.

Då ho var ferdig utdanna, hadde ho allereie opparbeidd seg erfaring og tryggleik i rolla. Jobben blei også ein viktig ressurs i arbeidet med masteroppgåva.

– Gjennom selskapet fekk eg tilgang til eit breitt nettverk av omsettarar og tolkar over heile Noreg, noko som blei ein viktig ressurs i den kvalitative delen av masteroppgåva mi.

Eit studieval som forma vegen vidare

Valet om å ta mastergrad var ikkje nødvendigvis ein del av ein tydeleg plan.

– Masterprogrammet var eigentleg litt meir spontant enn eg kanskje vil innrømme.

Etter bachelorgrada var ho usikker på vegen vidare, men valde å fortsette studiane då ho oppdaga det nye mastertilbodet, blant anna med utvekslingsmoglegheiter.

– Eg hadde ikkje så mykje tid til å overtenke det, men eg er veldig glad for at eg valde å gjere det.

Utvekslingsopphaldet i Dublin blei eit vendepunkt som gav henne nye perspektiv og tydelegare retning vidare. Det vekte også ei auka interesse for den teknologiske sida av omsetting, særleg utviklinga innan KI.

Eit solid fagleg grunnlag

Margarita opplever utdanninga som svært relevant for jobben ho har i dag. Studiet gav henne både fagleg forståing og ein strukturert måte å jobbe med språk på.

– Eg kjenner absolutt at eg har ei betre forståing av korleis ting fungerer, og at eg kan gi meir informerte råd og ta betre avgjerder når det gjeld å koordinere omsettingsoppdrag.

Ho trekker også fram korleis studiet har forma henne som omsettar og tolk.

– Eg har utvikla ein meir strukturert måte å tenke på når eg les og omset tekstar, og etter kvart har det kjentest mykje meir naturleg.

Kombinasjonen av teori, praksis og tett oppfølging for forelesarar gjorde at ho kjente seg godt førebudd på arbeidslivet.

Ferdigheiter ho bruker kvar dag 

Mykje av det Margarita lærte under studiet, bruker ho aktivt i jobben. Spesielt trekker ho fram digitale verktøy og ressursar frå undervisinga.

– Eit konkret eksempel er dei digitale ressursane og databasane frå undervisinga i teknisk og juridisk omsetting, som eg framleis bruker aktivt i dag.

Ho peikar også på den praktiske tilnærminga til omsettingsprosessar som særleg nyttig.

– Vi lærte arbeidsflyten i omsettingsprosessen på ein veldig praktisk måte, og korleis ein tilnærmar seg ulike typar profesjonell omsetting avhengig av tema og fagfelt.

Eit studium for dei som vil spesialisere seg i omsettingsbransjen

Margarita tilrår studiet til dei som ønsker å jobbe profesjonelt med omsetting.

– Det er ganske annleis enn generelle språkstudium, noko mange ofte forvekslar det med.

Ho understrekar at studiet gir eit solid fagleg fundament og tydeleg retning inn i yrket.

– Dette programmet gir deg eit veldig godt grunnlag og tydeleg rettleiing.

Samtidig påpeikar ho at studiet kan vere krevjande og krev både innsats og modnad.

Tips til studentar

– Det er veldig viktig å gjere alle øvingsomsettingane og faktisk jobbe med pensumet. Sjølv om det kan kjennast mykje der og då, vil den kunnskapen hjelpe deg å vere godt førebudd både når du skal skrive masteroppgåva og når du skal ut i arbeidslivet som frilans omsettar.

– Eg vil også tilrå å halde seg oppdatert innan fagfeltet du er mest interessert i å omsette innanfor, og kanskje til og med ta nokre ekstra emne frå andre fagområde. Å ha ein breiare kunnskapsbase kan vere veldig verdifullt, spesielt om du ønsker å jobbe med ulike typar tekstar seinare.

Publisert 9. apr. 2026 - Sist endret 9. apr. 2026