Frå språkstudent til journalist

Aleksandra Kosalka tok master i nordisk språk og litteratur ved UiA etter å ha fullført ei bachelorgrad i skandinaviske studium i heimlandet Polen. I dag jobbar ho som journalist i Fædrelandsvennen, der ho dekker eit breitt spekter av saker frå Kristiansand og regionen.

Aleksandra Kosalka

Aleksandra står med armene krysset og ser inn i kamera

Jobb: Journalist

Arbeidsgivar: Fædrelandsvennen

Uteksaminert: 2021

Utdanning:

Nordisk språk og litteratur for utenlandske studenter (Master)

Litteraturanalyse handlar ofte om å finne meining, samanhengar og underliggande koplingar, og det er ferdigheiter som også er heilt nødvendige i journalistisk arbeid.

Ein variert kvardag i nyheitsbildet

Aleksandras arbeidskvardag består av research, kjeldesamtalar, idéutvikling og planlegging, samtidig som ho følger med på nyheitsbildet og aktuelle samfunnsdebattar. Ho tar og redigerer også bilde, lagar videoar til sosiale medium og er mykje ute i felt.

– Eg skriv om det meste som rører seg i Kristiansand. Alt frå nyheiter om endringar i bybildet, til portrettintervju, nyheitsfeature og meir djuptgåande journalistikk.

Frå traineeprosess til fast jobb

Vegen inn i mediebransjen starta gjennom eit praktikantprogram i Schibsted retta mot unge menneske med minoritetsbakgrunn.

– Eg fekk ikkje sjølve praktikant-stillinga, men blei tilbode eit vikariat i Stavanger Aftenblad, som eg takka ja til.

Etter tida i Stavanger fekk ho gode referansar. Då ei prosjektstilling i Fædrelandsvennen blei lyst ut, søkte ho og fekk jobben. Sidan har ho blitt verande i avisa.

Valde studiet for å fordjupa seg i språk og litteratur

Interessa for norsk, nordisk språk og litteratur var hovudgrunnen til at Aleksandra søkte seg til masterstudiet ved UiA.

– Eg ville bruke masterstudiet som eit høve til å fordjupe meg i dette, samtidig som eg ville meistre det norske språket på eit høgt nivå.

Brukar studiet aktivt i jobben

Aleksandra opplever at kunnskapen frå studiet er relevant i journalistrolla. Gjennom studiet meistrar ho det norske språket og lærte å analysere litteratur på eit djupare nivå.

– Eg skreiv mykje gjennom studietida, og eg føler at eg bruker mykje av den kunnskapen i jobben min i dag, både i skriving, utforming og planlegging av tekstar og artiklar. Litteraturanalyse handlar ofte om å finne meining, samanhengar og underliggande koplingar, og det er ferdigheiter som også er heilt nødvendige i journalistisk arbeid.

Eit studium for språk- og kulturinteresserte

Aleksandra tilrår studiet til alle som ønsker å fordjupe seg i nordisk språk og kultur.

– Studiet er krevjande, men det gir også mykje fridom og fleksibilitet.

Ho trekker fram både faginnhaldet og forelesarane som styrker ved studiet, og meiner fridomen i studiekvardagen gir gode høve til å forme sin eigen læringsprosess.

Tips til studentar

– Nyt studietida, men bruk også moglegheitene du får til å skaffe deg fotfeste i arbeidslivet. Studiar skal vere gøy, men det er også viktig å vere førebudd på livet etter enda utdanning. Grip moglegheitene som byr seg, ikkje berre sitt og vent på at ting skal ordne seg av seg sjølv. Samtidig er det viktig å kjenne etter korleis ein har det undervegs, og ta jamlege «sjekker» med seg sjølv. Ta på deg så mykje som du faktisk har kapasitet til å bere. Ein skal gripe moglegheitene, men ikkje brenne seg ut før ein i det heile har begynt i arbeidslivet.

Publisert 29. mai 2026 - Sist endret 29. mai 2026