- Innhaldsrikt, morosamt og viktig studium

Ingebjørg Nesteskog Edland er vertskaps- og programansvarleg ved Vinjesenteret. Ho vil tilrå Nordisk språk og litteratur på det sterkaste, særleg til deg som vil jobbe med norsk, litteratur, journalistikk eller media.

Ingebjørg Nestestog Edland

Bildet kan inneholde: person, briller, smil, hake, briller.
  • Jobb: Vertskaps- og programansvarleg ved Vinjesenteret
  • Arbeidsgjevar: Nynorsk kultursentrum
  • Uteksaminert frå UiA: 2022

Utdanning:

Nordisk språk og litteratur, master

Tidlegare utdanning:

Nordisk språk og litteratur, 3-årig bachelor

Nordisk språk og litteratur, årsstudium

Har og bachelor i pedagogikk frå UiO

Kva eg skulle ende opp som var ikkje klart, men tanken var å kunne jobbe som lærar, journalist, innan forsking, eller i kultur- eller museumssektor.

Kva gjer du i jobben din, og korleis har du nytte av utdanninga di?

Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk underlagt Nynorsk kultursentrum. Som vertskaps- og programansvarleg ved Vinjesenteret jobbar eg med formidling, drift og arrangement. Her har eg ansvar for museumsbutikken, å koordinere og gjennomføre omvisingar, og å programmere og delta på arrangement på senteret.

Me har program heile året, men størst er festivalen Litteraturdagane som finn stad kvar haust. I tillegg har eg ansvar for sommarsesong med reiselivstilbod og museumsvertar.

I tillegg får ein moglegheit til å jobbe med etablerte forfattarar og journalistar. Det er stas!

Arbeidskvardagen min består i både administrativt arbeid og menneskemøte. Eg likar godt å jobbe med «kontorarbeid» som statistikk, rapportar og logistikk, og å kombinere det med omvisingar og møte med turistar og skuleklassar. I tillegg får ein moglegheit til å jobbe med etablerte forfattarar og journalistar. Det er stas!

Nordisk språk og litteratur-utdanninga har særleg vore relevant ved at eg der fekk ei grunnleggjande og god innføring i norsk litteraturhistorie, som kjem godt med når ein skal programmere, og eg fekk bruke nynorsk aktivt, som eg nyttar både i jobbsamanheng og på fritida. På masternivå hadde me ein del om forlagsarbeid som har kome godt med.

Korleis har vegen vore frå studietida til denne jobben?

Eg hadde praksis på Vinjesenteret under utdanninga i 2021. Då fekk eg bidra på ulikt vis, og eg søkte også på jobb som museumsvert her sommaren 2021. Eg var ferdig utdanna våren 2022, med ei masteroppgåve som omhandla Aslaug Vaa, ein av dei lokale forfattarane Vinjesenteret framhevar.

Overgangen frå studiar til jobb var veldig fin, i grunn!

Når visste du kva du ville bli?

Eg hadde ikkje nokon klar plan på kva eg skulle bli, anna enn at eg lika norsk som språk, dialektar, og å analysere tekst. Difor starta eg på eit årsstudium, for så å byggje på det til ein bachelorgrad og vidare til master. Kva eg skulle ende opp som var ikkje klart, men tanken var å kunne jobbe som lærar, journalist, innan forsking, eller i kultur- eller museumssektor.

Korleis ser du tilbake på studietida?

Det var veldig fint å vere student i Kristiansand! Miljøet var godt, og professorane var utruleg flinke. Eg trur dei aller fleste som har hatt norrønt med Michael Schulte har latt seg begeistre grunna hans engasjement - uansett kor vanskeleg det var! 

Det var veldig fint å vere student i Kristiansand! Miljøet var godt, og professorane var utruleg flinke.

Me var også ei lita gruppe som dreiv linjeforeininga Yggdrasil då eg gjekk på UiA, der me fekk arrangert poesikveldar, bokbyttekveldar og eit arrangement om språket i serien «Beforeigners». Dette var veldig morosamt, og god trening for det arbeidet eg driv med no

Er det noko du hugsar spesielt godt at du lærte på studiet?

Eg hugsar veldig godt då me lærte om dialektar, og dialektar i andre Nordiske land. Det var utruleg morosamt. Det å fordjupe seg i tekst, og å analysere på detaljnivå, synest eg var spanande. Og eg hugsar særleg godt då me las Pia Tafdrups Tarkovskijs heste. Den diktsamlinga blei det gode samtalar ut av.

Kva lærte du om samarbeid på studiet?

Det var ein del samarbeid, og disiplinstudentane i nordisk hadde fleire fag saman med lektorstudentar. Her var det fine moglegheiter for å lære av kvarandre. Det var fint å kunne hjelpe andre med nynorsk, til dømes.

Eg hugsar også kor tilgjengelege professorane var, og at det «berre» var å banke på kontordøra eller sende ein e-post om ein lura på noko.

Eg hugsar også kor tilgjengelege professorane var, og at det «berre» var å banke på kontordøra eller sende ein e-post om ein lura på noko.

Kvifor valde du sjølv akkurat denne utdanninga?

Eg valde denne utdanninga fordi eg lika norskfaget, og ville fordjupe meg både i grammatikk og i litteratur. 

Vil du tilrå studiet til andre? Eventuelt til kven?

Eg vil tilrå Nordisk språk og litteratur på det sterkaste! Særleg til deg som skal jobbe med norsk, litteratur, journalistikk, media.. Ja, det kan passe for mange. Det er ein fordel at du likar å lese, og likar å jobbe med tekst.

Korleis vil du skildre studiet ditt no i etterkant?

Innhaldsrikt, morosamt og viktig!

Er det noko anna du vil leggje til?

Eg vil få fram at det er fleire moglegheiter enn læraryrket for deg som likar norsk! Det er også mange moglegheiter for etterutdanning og å kombinere Nordisk med andre studium. 

Det er fleire moglegheiter enn læraryrket for deg som likar norsk

Det er lurt å vere open for moglegheitene som byr seg på studiet, som å delta i linjeforeining eller å vere til stades på arrangement. Men, det viktigaste er å lesa, og å lesa mykje!

Har du nokre tips til komande studentar?

Eg vil rå studentar til å prøve litt forskjellig, og vere open for at ikkje alle jobbar er direkte kopla opp mot studiet, men at delar av den kan vere det. Det er også lurt å tenkje litt på kvar du ynskjer å bu, viss du veit det (eg ville til Vinje), og kva jobbar som er moglege å skaffe seg på den staden du vil bu. 

Ver open for at ikkje alle jobbar er direkte kopla opp mot studiet, men at delar av den kan vere det

I tillegg meiner eg noko av det viktigaste ein tek med seg frå studietida, uavhengig av retning, er å bli strukturert, og å organisere sin eigen studiekvardag. Å møte opp på tida, å kunne jobbe sjølvstendig og å «vere i rute» med lesing og oppgåver er viktig i dei fleste jobbar. Det er god trening når ein skal jobbe mykje med organisering og logistikk, som det er ein del av i mange sektorar, inkludert kultur- og museumsbransjen.

Publisert 18. feb. 2025 - Sist endret 18. feb. 2025