Når miljøforståing bidrar til samfunnsnyttig statistikk

Med bakgrunn i biologi og kystsoneøkologi frå UiA jobbar Amna Fawad i dag med å utvikle og formidle miljøstatistikk i Statistisk sentralbyrå.

Amna Fawad

Amna ser inn i kamera og smiler

Jobb: Førstekonsulent

Arbeidsgivar: Statistisk sentralbyrå

Uteksaminert: 2023

Utdanning:

Biologi (Bachelor)

Kystsoneøkologi (Master)

Det å kunne sjå ting i tverrfaglege samanhengar er ein viktig kompetanse som ikkje burde undervurderast.

Miljøstatistikk i praksis

Amna er tilsett som førstekonsulent i Statistisk sentralbyrå (SSB), der ho jobbar med statistikkproduksjon innan miljø- og avfallsstatistikk. Arbeidet hennar handlar både om å samle inn, analysere og kvalitetssikre data. Ho gjer også tala tilgjengelege og forståelege for samfunnet.

– I ein vanleg kvardag, jobbar eg med utvikling av statistikkproduksjon, dette blir gjort gjennom bruken av programmeringsspråk.

I tillegg skriv ho artiklar som forklarer og set tala i kontekst. Amna har blant anna ansvar for statistikk knytt til kommunal vassforsyning, noko som også inneber dialog med brukarar som har spørsmål om statistikken.

Slik fekk ho jobben i SSB

Vegen inn i SSB var ikkje heilt rett fram. Amna var på intervju i byrået i 2024, men fekk ikkje stillinga ho søkte på då. Likevel gjorde ho eit godt inntrykk, og då ei ny stilling i saman seksjon blei kunngjord, blei ho oppfordra til å søke igjen. Denne gongen resulterte prosessen i tilsetting i stillinga ho har i dag.

Frå interesse til fagleg fordjuping

Amna har alltid vore interessert i naturfag, særleg biologi. Ho beskriv seg sjølv som nysgjerrig og analytisk, med eit sterkt ønske om å forstå kvifor ting fungerer som dei gjer.

– Det var nettopp desse interessene som gjorde at denne utdanninga kjentest midt i blinken for meg.

I jobben i SSB opplever Amna at både den biologiske og den tekniske kompetansen frå studia kjem til nytte. Arbeidet krev evne til å vurdere om data gir meining fagleg, samtidig som dei blir behandla og analyserte på ein korrekt og systematisk måte.

– Det å kunne sjå ting i tverrfaglege samanhengar er ein viktig kompetanse som ikkje burde undervurderast. Eg jobbar trass alt i miljøseksjon, så det er viktig å kunne sjå om ting stemmer fagleg, samtidig som data samlast på rett måte.

Ei konkret ferdigheit Amna bruker mykje i arbeidskvardagen, er dataanalyse og koding. Allereie tidleg i studieløpet fekk ho erfaring med analyseverktøy og programmering i R, noko som har gjort overgangen til arbeidslivet enklare.

Tips til studentar

Til studentar som er i startfasen av studielivet, understrekar Amna at dei sosiale ikkje nødvendigvis fell på plass med ein gong, og at det er heilt greitt:

– Fadderveka er ikkje alt, om du ikkje får deg vener på den veka, ikkje fortvil, eg fann langvarig venner i sjølve studiane.

Ho oppfordrar også studentar til å vere aktive og nysgjerrige:

– For å få det meste ut av studietida hugs å sjå på moglegheitene du har, om det er ein praksis du kan få erfaring av, eller ein professor som har eit prosjekt pågåande, spør om du kan bidra. Ikkje vent til siste tida for å opparbeide erfaring.

Publisert 21. jan. 2026 - Sist endret 21. jan. 2026