Bygger smartare arbeidsprosessar

Etter studiane gjekk Pål Aanonsen rett inn i konsulentrolla i Capgemini. Der jobbar han som business analyst og utviklar digitale løysingar som forbetrar arbeidsprosessar for ulike verksemder.

Pål Aanonsen

Pål ser inn i kamera og smiler

Jobb: Konsulent - Business Analyst

Arbeidsgiver: Capgemini

Uteksaminert: 2024

Utdanning:

Mekatronikk - ingeniørutdanning (bachelor)

Industriell økonomi og teknologileiing (2-årig master)

Eg trivst med å jobbe med teknologi, men ville ikkje han ein ekstremt teknisk arbeidskvardag.

Ein fleksibel og variert arbeidskvardag

Som IT-konsulent blir Pål leigd ut til verksemder der han arbeider med utvikling av applikasjonar som skal effektivisere arbeidsflyten deira. Rolla inneber å kunne forstå behovet til kunden, kartlegge utfordringar og omsette dette til konkrete tekniske løysingar. Arbeidskvardagen består av ein kombinasjon av møte med kundar og utviklingsteam, og periodar der han jobbar sjølvstendig med sjølve applikasjonsutviklinga. Han beskriv jobben som svært dynamisk, og variasjonen avheng ofte av kvar i utviklingsløpet prosjektet er.

Vegen inn i Capgemini

Påls veg inn i Capgemini gjekk gjennom ei utlysing han fann på LinkedIn. Han kjente nokon som allereie jobba i selskapet og hadde høyrt gode ting om selskapet, særleg når det gjaldt utviklingsmoglegheiter.

- Eg måtte skru på sjarmen i to intervju, så fekk eg eit jobbtilbod.

Ein strukturert overgang frå studium til arbeidsliv 

Overgangen frå UiA til konsulentlivet beskriv Pål som veldig enkel. Capgeminis graduate-program sørgde for at han starta saman med andre nyutdanna og fekk kurs og støtte i oppstartsfasen. Dette bidrog til å gjere overgangen trygg og strukturert.

- For meg var overgangen veldig enkel, og eg fekk mykje fridom rundt arbeidslokasjon som gjorde kvardagen enklare.

Studieval basert på eit ønske om å kombinere teknologi, prosjektstyring og økonomi

Vegen til master i industriell økonomi og teknologileiing var ikkje lineær. Pål starta først på bachelor i historie med eit mål om å bli lærar, før han bytte til mekatronikk – eit studium han fullførte, men som kjentest for teknisk for ønska hans. Kombinasjonen av teknologi, leiing og økonomi blei etter kvart nøkkelen til studievalet.

- Eg trivst med å jobbe med teknologi, men ville ikkje han ein ekstremt teknisk arbeidskvardag. Derfor valde eg Indøk, for å kunne arbeide innanfor andre roller i teknologi.

Masteren ved UiA gav Pål eit breitt, men sterkt fundament inn i arbeidslivet. For han har særleg økonomi, prosjektstyring og faga knytte til designprosessar vore nyttige. Han sat særleg pris på at studiet var så variere at studentane hadde høve til å forme sin eigen fagprofil.

Under ein nyleg workshop oppdaga han kor mykje han hadde tatt med seg frå studiet.

- Ettersom eg var kjent med dei fleste konsepta frå studia, blei det lettare å forstå tal og informasjon som blei presentert. Så kunne eg heller fokusere på korleis vi kunne løyse det teknisk.

Tips til studentar 

- For å ha ein enklare overgang til arbeidslivet vil eg tilrå å utforske kva du har lyst til å jobbe med tidleg, og så bygge kompetanse mot det. Søk internships eller delta i frivillige verv – det bidrar godt i jobbsøkarprosessen ettersom det gjer deg til ein tryggare kandidat å gå vidare med.

Publisert 18. nov. 2025 - Sist endret 8. des. 2025