Leiar teknologiprosjekt for framtida

Etter å ha fullført master i industriell økonomi og teknologileiing, jobbar Osama Billa i dag som senior prosjektleiar i Sopra Steria – ei rolle som kombinerer teknologisk innsikt, struktur og samarbeid.

Osama Billa

Osama ser inn i kamera og smiler

Jobb: Senior Consultant

Arbeidsgivar: Sopra Steria

Uteksaminert: 2023

Utdanning: 

Industriell økonomi og teknologileiing (2-årig master)

Senk skuldrene når du går inn i arbeidslivet. Det er normalt å vere nervøs og ha bekymringar for om ein vil vere i stand til å prestere.

Ein kvardag som kombinerer teknologi og menneske

Som Senior Consultant har Osama ansvar for prosjektleiing på tvers av bransjar og kundar. Arbeidsoppgåvene varierer frå prosjekt til prosjekt, men felles for alle er balansen mellom det tekniske og det mellommenneskelege. Osama beskriv denne balansen som noko av det som gjer jobba mest interessant. På den eine sida jobbar han administrativt med å utarbeide planar, definere aktivitetar og oppdatere dokument undervegs i prosjekta. På den andre sida deltar han hyppig i møte der han jobbar tett med andre menneske både internt og eksternt.

- Ein må vere fagleg dyktig for å kunne legge dei rette planane for prosjektet, samtidig som ein må vere flink til å arbeide saman med menneske.

Fekk jobben før han var ferdig med studiane 

Osama fekk sin første jobb gjennom ein ordinær søknadsprosess, og blei tilsett før masteroppgåva var levert. Fleire selskap kunngjer stillingar for nyutdanna ofte eitt år i førevegen. Osama tilrår andre å søke etter jobbar undervegs i studia.

- Eg blei tilsett mens eg framleis var på tredje semester, så det er sterkt tilrådd at studentar ikkje ventar til dei fullfører grada si før dei søker jobb.

Ein trygg start på arbeidslivet 

Overgangen frå studium til arbeidsliv gjekk lettare enn venta. Osama beskriv starten på arbeidslivet som både strukturert og inkluderande. Han forklarer at dei fleste selskap er flinke til å ta imot nyutdanna – ofte gjennom noko som heiter Graduate-Program som er meint for å gi nyutdanna ein god overgang til arbeidslivet.

Som mange nyutdanna, var Osama redd for å kjenne på Imposter-Syndrom og usikkerheit då han skulle ut i arbeidslivet, men han forklarer overgangen som smertefri. Han opplevde god støtte frå erfarne kollegaer, og fortel at oppfølginga gjorde det trygt å vekse inn i rolla si.

- Eg kom ut i eit utfordrande prosjekt saman med eit team fullt av erfarne kollegaer. Eg hadde alltid nokon å støtte meg på dersom eg hadde behov.

Ei arbeidslivsrelevant utdanning

Osama beskriv utdanninga som svært arbeidslivsrelevant. Ein styrke ved studiet, forklarer han, var kombinasjonen av teoretisk og praktisk tilnærming. Studentane fekk utføre case-oppgåver for reelle bedrifter, og delta i internships hos lokale bedrifter eller i utlandet. Osama fekk høve til å dra på utveksling i Tanzania der han fekk eit internship hos Equinor.

- Eg fekk ein liten smakebit på korleis arbeidslivet kom til å vere, samtidig som eg fekk fantastiske opplevingar.

I løpet av studiane var det særleg eitt fag som gjorde størst inntrykk, nemleg Prosjekterings- og engineeringsledelse. Osama forklarer at forelesaren var ekstremt dyktig og at dei også fekk besøk at fleire gode gjesteforelesarar. Faget introduserte blant anna konseptet The Wicked Problem, der studentane lærte at komplekse utfordringar sjeldan har perfekte løysingar.

- Til vanleg er eg perfeksjonist, men gjennom dette konseptet lærte eg å godta at det går fint å ikkje levere eit perfekt produkt.

Denne erfaringa blei eit viktig prinsipp han framleis bruker i arbeidslivet – evna til å levere god kvalitet under tidspress og godta at det ikkje alltid er mogleg at noko blir «perfekt».

Tips til studentar

Osama har to råd til studentar som snart skal ut i arbeidslivet. Den første handlar om tryggleik:

- Mitt beste råd er å senke skuldrene når ein går inn i arbeidslivet. Det er normalt å vere nervøs og ha bekymringar for om ein vil vere i stand til å prestere. Men vit at mange bedrifter er svært flinke til å ta imot nyutdanna. Dei vil hjelpe deg med å kome i gang og gi deg den støtta du treng.

Det andre rådet handlar om kor viktig det er med samarbeid og det sosiale aspektet ved arbeidslivet:

- Ver like fokusert på det mellommenneskelege som det faglege. Når ein skal inn i ei bedrift, så bidrar ein ikkje berre med det faglege, men også det sosiale. Å lære å spele andre gode og vere ein god kollega er ekstremt viktig.

Publisert 13. nov. 2025 - Sist endret 28. nov. 2025