Susanna Linnea Årby

Jobb: Museumsformidlar
Arbeidsgivar: Vest-Agder-museet
Uteksaminert: 2023
Utdanning:
Det å kunne trekke dei lange linjene i historia og ha ei historieforståing har vore sentralt i arbeidet mitt.
Formidlar historie gjennom opplevingar
Som museumsformidlar har Susanna ein variert arbeidskvardag der ho kombinerer formidling, utviklingsarbeid og samarbeid.
Ho tar imot besøkande, leier omvisingar og utviklar eignar formidlingsarbeid, blant anna for Den kulturelle skolesekken, teaterprosjekt og andre aktivitetar. I tillegg samarbeider ho med eksterne aktørar, som teaterstudiet ved UiA, der områda til museet blir brukte som scene for vandreteater.
– Som museumsformidlar gjer du mykje ulikt. Eg bidrar også i utviklingsprosessar internt i museet om korleis museet kan utvikle utstillingane og målsettingane sine for den generelle opplevinga hos oss.
Susanna held også foredrag om eigne interessefelt, som kriminalitetshistorie og sosialhistorie.
Frå sommarjobb til fast stilling
Vegen inn i Vest-Agder-museet starta med ein sommarjobb. Gjennom hausten tok ho også på seg fleire vakter. Då den faste stillinga blei lyst ut viste ho mykje initiativ og at ho var klar for meir ansvar.
– Eg trur at det var kjennskapen til meg som person og engasjementet mitt som gjorde at eg fekk jobben.
Klar for arbeidslivet
Overgangen frå studium til jobb opplevde ho som positiv og naturleg.
– Eg var veldig klar for å begynne i arbeidslivet og i ei 100% stilling.
Samtidig trekker ho fram at ho sakna noko av fridomen og fleksibiliteten frå studietida.
Ei interesse som blei til studieval
Valet om å studere var drive av den genuine interessa for faget.
– Eg valde studiet på grunn av den store interessa mi for historie.
Ho opplevde også tidleg, gjennom grunnskolen, at historie var eit fag ho meistra godt, noko som gjorde valet naturleg.
Brukar historiefaget aktivt i jobben
I arbeidskvardagen får Susanna direkte bruk for kompetansen frå studiet, særleg evna til å sjå samanhengar.
– For min del har det å kunne trekke dei lange linjene i historia og ha ei historieforståing vore sentralt i arbeidet mitt.
Gjennom arbeidet i bygningane og utstillingane til museet formidlar ho både kulturhistorie, sosialhistorie og utviklinga av det norske samfunnet.
Eit studium som gir perspektiv
Susanna trekker fram både det faglege nivået og studiemiljøet som styrker ved studiet.
– Studiet i seg sjølv er fagleg sett svært godt, men miljøet er også veldig bra.
Ho understrekar at studiet gir ei breiare forståing av korleis historie blir forma, blir tolka og brukt. Og ikkje minst kvifor historieforsking framleis er viktig i dag.
Tips til studentar
– Ta notat, ha ei gruppe som du kan ha faglege diskusjonar med, men gjerne utanfor campus.
– Søvn er din beste ven. Spesielt i dei periodane der det er mykje stress. Ingenting kan erstatte søvn, uansett kor mykje vi prøver.
– Nyt tida på UiA, plutseleg er det over og då vil du sakne det.