Trine Lofthus

Jobb: Spesialpedagog
Arbeidsgivar: Haugesund Kommune
Uteksaminert: 2020
Utdanning:
Grunnskolelærarutdanning for trinn 1-7, lektor
er aldri redd for å feile, for det er ofte dei situasjonane ein får mest ut av.
Ein lærardraum frå barndommen
Allereie som liten hadde Trine bestemt seg: ho skulle bli lærar – akkurat som far sin.
Etter vidaregåande tok ho kokkeutdanning, men fann etter kvart tilbake til barndomsdraumen. Då ho og sambuaren skulle finne eit universitet som passa for begge, blei UiA i Kristiansand valet.
- Eg har alltid sagt at eg skulle bli lærar, heilt sidan eg var tre år gammal. Då vi flytta til Kristiansand tenkte eg at kanskje det nå var rett tid å satse på det eg alltid hadde sagt at eg ville gjere.
Studiet som eit solid grunnlag for klasserommet
Trine trekker fram studiet i grunnskolelærar 1-7 som ei utdanning som gav henne både fagleg tryggleik og praktiske verktøy til å møte skolekvardagen.
- Utdanninga har vore relevant for arbeidslivet på fleire måtar. Lærarane i naturfag og matte var veldig flinke til å gi oss forståinga av pensum og korleis vi kunne lære det vidare til elevane.
Trine lærte blant anna verdien av å «krabbe på kne» for å sjå ting frå perspektivet til barnet i naturfag, og å løyse oppgåver på 5-7 ulike måtar i matematikk for å forstå alle måtar elevane kan løyse dei på. Ho peikar på at desse lærdomane har vore nyttige for å planlegge aktivitetar som engasjerer og motiverer elevane.
Overgangen til arbeidslivet
Då Trine gjekk ut som nyutdanna lærer i 2020, starta ho midt i koronapandemien – ei utfordrande tid å gå inn i skolen.
- Det var veldig gøy å jobbe tett med ein klasse, men samtidig blei det isolert frå resten av skolen.
Ho opplevde også tydelege kontrastar teori og praksis. Blant anna hadde ho ein elev som låg i barnehagenivå i matte, mens pensumet låg mykje høgare. Då måtte ho bruke ferdigheiter som ikkje nødvendigvis var ein del av pensum, men som var heilt nødvendige i møte med elevane.
Bygget karrieren vidare med spesialpedagogikk
Etter enda utdanning på UiA bygde Trine vidare på kompetansen sin med ei vidareutdanning spesialpedagogikk og rettleiingspraksis. Dette opna døra til stillinga ho har i dag.
- Etter å ha jobba fire år på skolen som kontakt- og faglærar, fekk eg tilbod som stillinga som spesialpedagog, med tanke på at eg hadde fullført ei vidareutdanning.
Trine jobbar nå i ein nyoppstarta ITO-avdeling (individuelt tilrettelagd opplæring) på skolen.
- Eg har ansvar for å legge til rette undervising og oppfølging for elevar med ulike behov, både fagleg og sosialt.
Arbeidet hennar inneber tett samarbeid med kollegaer, føresette og faginstansar for å skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Trine bidrar også til utviklinga av avdelinga, gjennom planlegging av struktur, rutinar og pedagogiske opplegg. Rolla hennar krev fleksibilitet, fagleg bredd og evne til å sjå kvar enkelt elevs ressursar og behov.
Tilrår UiA og grunnskolelærer 1-7
Trine tilrår utdanninga i grunnskolelærar 1-7 og trekker fram dyktige lærarar og relevant pensum.
- Eg vil absolutt tilrå studiet og UiA. Lærestaden har dyktige lærarar og eit pensum som er lett å følge og relevant for undervising. Universitetet i seg sjølv er veldig fint, og læringsmiljøet gir gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Tips til studentar
- Utnytt praksisperiodane – det er der ein verkeleg lærar. Ver aldri redd for å feile, for det er ofte dei situasjonane ein får mest ut av.
Ho oppfordrar også til å ta kontakt med lærarar og medstudentar.
- Delta på forelesingar og spør om hjelp når du treng det – lærarane er der for å støtte deg.