Kristin Normann

Jobb: Kursutviklar og sjølvstendig næringsdrivande
Arbeidsgivar: Utdannet.no
Uteksaminert: 2019
Utdanning:
Grunnskolelærarutdanning for trinn 1-7, lektor
Då eg starta kunne eg ta det personleg at nokre foreldre sende melding om at ei leselekse var for vanskeleg. Mot slutten av året synest eg det var heilt topp at dei sa frå – då kunne vi jo faktisk gjere noko med det.
Ein variert arbeidskvardag
Som kursutviklar for Utdannet.no planlegg og utviklar Kristin digitale kurs. Ho foreslår nye kurs og relevante tema som bør vere med.
- Saman med leiaren for nettstaden, kjem vi fram til ein kursstruktur. Så går eg i gang med å lage videoar til kurset. Eg skriv manus, gjer skjermopptak eller lager nokon motion graphics og speler inn voiceover.
I tillegg driv Kristin nettsida Skolenøttene der ho lagar undervisingsressursar for lærarar i grunnskolen. Dette begynte ho med i løpet av sitt første år i jobb som lærar. Gjennom prosjektet lærer ho å lage nettside, starte bedrift, marknadsføring og læringsdesign. Ho understrekar at oppgåva med å hente inn fagkunnskap for å lage undervisingsressursane er noko ho liker veldig godt med denne jobben.
- Det er fantastisk spennande å bygge opp noko frå botnen av. Eg synest dei fleste fagfelt er interessante, noko som også var ein grunn til at eg ville bli lærar for grunnskolen, for då får ein undervise i så mange fag.
Frå studium til arbeidsliv: ein utfordrande overgang
Kristin har tenkt på læraryrket heilt frå ho var liten. Då ho var 10 år gammal, sparte ho pengar frå vekeløna si til å kjøpe sin eigen Overheadprojektor for å leike lærar. I 2019 fullførte ho utdanninga si ved UiA og gjekk ut i jobb som lærar i grunnskolen.
Som mange nyutdanna lærarar, opplevde Kristin det klassiske praksissjokket. Overgangen frå studium til arbeidsliv var utfordrande, spesielt då ho skulle handtere ein stor klasse med elevar. I løpet av hennar første år som kontaktlærar merka ho at stresset blei meir handterleg.
- Då eg starta kunne eg ta det personleg at nokre foreldre sende melding om at ei leselekse var for vanskeleg. Mot slutten av året synest eg det var heilt topp at dei sa frå – då kunne vi jo faktisk gjere noko med det.
Etter nokre år som lærer, fekk Kristin barn og sidan har ho vore heime med dei og kombinert dette med å utforske nye måtar å bruke utdanninga si på gjennom kursutvikling og Skolenøttene.
- Eg ser framleis for meg å kunne jobbe som lærar igjen, men ønsker samtidig å sjå fleire moglegheiter med utdanninga mi.
Utdanninga som ein byggestein i karrieren
Utdanninga frå UiA opna moglegheita for å få begge jobbane Kristin har nå. Ho har utvikla ferdigheiter i å formidle fagstoff på ein pedagogisk måte, noko som er viktig både som lærar og i rolla som kurs- og ressursutviklar.
- Eg fekk trening i å tenke over kva elevar/målgruppa kan frå før, strukturere fagkunnskapen, forme innføring og læringsaktivitetar, og dessutan korleis ein kan sjekke om dei har forstått fagstoffet.
Ho trekker også fram eit konkret eksempel på korleis ho bruker det ho lærte i pedagogikkfaget, Blooms taksonomi, som ein guide for korleis ein lagar undervisingsressursar som tar omsyn til ulike nivå av læring.
- Den siste veka, har eg utvikla ein ny type arbeidsark der elevane skal få bruke fantasien sin til å lage noko eige som bygde på kunnskapen dei har opparbeidd seg.
Tips til studentar
Kristin påpeikar at ho absolutt vil tilrå studiet Grunnskolelærar 1-7 og UiA.
- Eg hadde mange dyktige faglærarar, spesielt i Engelsk, Historie og Naturfag. Eg fekk også dra på utveksling til Australia, noko eg verkeleg kan tilrå.
Ho synest Kristiansand som studieby var heilt perfekt, då den var passeleg stor og ho fekk ta del i eit fantastisk sosialt miljø på fritida.
- Tipset mitt til nye studentar er å dra på utveksling om du kan og ta fleire fag etter studiet dersom det er andre fag du gjerne skulle hatt i fagkretsen din. Lykke til!