English version of this page

Støtter barn gjennom asylprosessen

Edlynne Martinez jobbar som barnefagleg ansvarleg ved Kvinesdal mottakssenter. Rolla hennar kombinerer sosial støtte, kulturforståing og dagleg problemløysing for barn og familiar i ein overgangsfase.

Edlynne Martinez

Edlynne ser i kamera og smiler

Jobb: Barnefagleg ansvarleg

Arbeidsgivar: Kvinesdal mottakssenter 

Uteksaminert: 2024

Utdanning:

Global Development, Crisis and Change (Master)

Det er utruleg meiningsfullt og givande å sjå forskjellen vi gjer kvar dag.

Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag

Arbeidsdagen til Edlynne startar med eit teammøte, der tilsette deler oppdateringar om bebuarane og planlegg vidare oppfølging. Å jobbe med sårbare grupper krev at ein heile tida er oppdatert på kvar enkelt bebuar, og tilpasse støtta deretter.

Mesteparten av tida bruker ho i direkte arbeid med barn. Ho hjelper dei med å kome i gang på skolen, følger opp korleis dei har det, og gjennomfører behovsvurderingar. Ho planlegg og deltar også i aktivitetar og miljøarbeid for å skape ein trygg og støttande kvardag på mottaket.

I tillegg bidrar ho av og til i resepsjonen, der ho svarer på spørsmål frå bebuarar og tar imot nye innkomstar.

– Det er ein hektisk og til tider krevjande jobb, men det er utruleg meiningsfullt og givande å sjå forskjellen vi gjer kvar dag.

Tilpassa seg ein ny arbeidskultur

Edlynne fekk vite om stillinga gjennom ein medstudent frå masterprogrammet. Moglegheita oppstod gjennom ein kombinasjon av nettverk og god timing, og ho valde å søke.

Overgangen til hennar første heiltidsjobb i Noreg baud på både utfordringar og personleg utvikling. Sjølv om masterstudiet hennar var på engelsk, går arbeidet i sin heilskap føre seg på norsk, noko som kravde ekstra innsats i starten.

– Det var litt utfordrande i begynninga, men etter kvart har eg blitt mykje tryggare og meir komfortabel i rolla mi. Erfaringa har bidradd til stor utvikling, både personleg og fagleg, og har verkeleg styrkt integreringa mi i norsk arbeidsliv.

Eit studieval drive av nysgjerrigheit

Det som først og fremst motiverte Edlynne til å velje Global Development, var interessa for korleis ulike system påverkar menneskes liv verda over. Ho har alltid vore nysgjerrig på kva faktorar som skaper ulikskapar mellom samfunn og korleis desse kan handterast.

Gjennom arbeid som forskingsassistent i Filippinane vaks interessa hennar for globale samanhengar og sosiale forskjellar. Der jobba ho tett med lokale organisasjonar og lokalsamfunn, noko som gav henne ei djupare forståing av korleis globale faktorar påverkar menneskes kvardag.

– Den erfaringa gjorde at eg ønskte å forstå global utvikling på ein meir heilskapleg måte. For meg samlar Global Development alt eg er opptatt av, å forstå verda, knyte kontakt med menneske og finne praktiske løysingar som gjer system meir rettferdige og berekraftige.

Edlynne opplever at utdanninga har vore svært relevant i jobben ho har i dag. Studiet gav henne ei betre forståing av dei sosiale og kulturelle kontekstane rundt migrasjon og asyl, og ei djupare innsikt i sårbarheita mange bebuarar står i.

Eit studiemiljø prega av mangfald

Noko av det Edlynne sette mest pris på ved Global Development-studiet på UiA, var mangfaldet blant studentane. Medstudentar frå heile verda bidrog med ulike perspektiv som berika diskusjonane langt utover det ein kan lese i pensum.

– Eg lærte verkeleg like mykje av medstudentane mine som av sjølve undervisinga.

Ho tilrår studiet til alle som ønsker å jobbe i internasjonale eller fleirkulturelle miljø, eller som er nysgjerrige på korleis globale utfordringar går føre seg i praksis.

Tips til studentar

– Mitt beste råd til nye studentar er å begynne å bygge nettverk så tidleg som mogleg. Det lønner seg verkeleg på sikt. Delta på seminar og konferansar, engasjer deg i studentorganisasjonar, eller ta ein kaffi med medstudentar og forelesarar. Alt bidrar til å skape relasjonar, lære av andre og få moglegheiter du elles kanskje ikkje vilje fått.

– Om du, som meg, blir glad i Noreg, vil eg også tilrå å begynne å lære norsk så tidleg som mogleg. Sjølv eit grunnleggande nivå gjer kvardagen enklare og gjer det lettare å kjenne tilhøyrsle. Det er også ein stor fordel når du søker jobb. Arbeidsgivarar set pris på det, og det opnar mange fleire moglegheiter, både profesjonelt og sosialt. Det viser også at du ønsker å integrere deg, noko som er viktig om du vil jobbe her over tid.

Publisert 20. mars 2026 - Sist endret 20. mars 2026