Kombinerer studierettleiing med eigen språkskole

Yvonne Karlsen kombinerer to språkrelaterte karrierevegar. På dagtid hjelper ho norske studentar med å søke studium i utlandet gjennom SONOR, mens ho ved sida av driver sitt eige selskap innan norskundervising for innvandrarar.

Yvonne Karlsen

Yvonne ser inn i kamera og smiler

Jobb: Studierettleiar og norsklærar

Arbeidsgivar: SONOR og Norskakademiet

Uteksaminert: 2021

Utdanning:

Engelsk (Master)

Utdanninga mi har gitt meg eit veldig godt grunnlag for å utvikle meg vidare i arbeidslivet.

Ein arbeidskvardag med språk, menneske og kommunikasjon

I SONOR (Study Outside Norway) jobbar Yvonne som studierettleiar og hjelper studentar gjennom heile prosessen med å søke studium i utlandet.

– Dette inneber alt frå å rettleie studentane slik at dei finn rett studieretning og rett universitet, søke visum og søke om støtte frå Lånekassen.

Arbeidskvardagen består av mykje kontakt med studentar og samarbeidspartnarar, gjennom møte og e-postar. Ho er også ein del av marknadsføringsteamet og jobbar blant anna med nyheitsbrev, nettside og sosiale medium.

– Eg er også så heldig at eg får reise ein del, både rundt i Noreg og i utlandet.

Ved sida av heiltidsjobben har ho nyleg starta sitt eige selskap, Norskakademiet AS. Etter studiane jobba ho som norsklærar ved ein av Noregs største språkskolar.

– Eg forstod fort at dette var noko eg likte veldig godt og som eg i tillegg var god til, men eg skjønte også at eg ønskte å gjere dette på mine eigne premissar.

Dermed starta utviklinga av hennar eige selskap. I dag kombinerer ho kursutvikling, privatundervising og innhaldsproduksjon for eigne kanalar.

Utvekslingsåret blei avgjerande

Vegen inn i jobben hos SONOR starta med eit tips frå ei veninne, men erfaringa frå utveksling til Hawaii under studietida blei avgjerande.

– Eit av dei viktigaste kriteria for å jobbe i SONOR er nemleg at ein må ha studert i utlandet.

Frå studentliv til heiltidsjobb

Yvonne opplevde overgangen til arbeidslivet som ganske naturleg, blant anna fordi ho jobba mykje ved sida av studiane, både deltidsjobb og sommarjobb kvar sommar.

– Det er jo annleis å ha ein typisk student-timeplan og ha ein heiltidsjobb-timeplan, men det går overraskande fort å bli vant til jobbkvardagen.

Fann nye retningar undervegs

Då Yvonne var 18 år var ho veldig interessert i å vere sin eigen sjef, og det var då naturleg for henne å velje ein bachelor i omsetting. Etter kvart innsåg ho at ho ønskte å gå ei anna retning.

– På 3. året fann eg ut at omsetting ikkje var draumeyrket mitt likevel. For å kunne kome inn på master i engelsk, måtte eg ta fleire fag som eg mangla og då var det mest naturleg å ta eit årsstudium i engelsk først.

Språkteori i praksis

I arbeidslivet har ho fått brukt mykje av teorien frå studia direkte. Kunnskap om fonetikk og fonologi har vore spesielt nyttig når ho underviser i norsk uttale og forklarer språklege utfordringar på ein enkel måte. Samtidig bruker ho engelskkunnskapane dagleg i kontakt med internasjonale universitet og samarbeidspartnarar.

– I tillegg har utdanninga mi gitt meg eit veldig godt grunnlag for å utvikle meg vidare i arbeidslivet. Det er rett og slett lettare å lære nye ting nå fordi eg lærte den grunnleggande teorien i løpet av studiane.

Tips til studentar

– Bli med i ein studentorganisasjon! Sjølv var eg med i Studinekoret Lady Klukk i 4 år, og det var nokre av dei beste åra i mitt liv. Vi hadde det så utruleg gøy saman, og eg har framleis kontakt med så mange av dei eg song i koret med.

– Dra på utveksling! Sjølv var eg på utveksling i 1 år, og på det eine året gjekk eg frå å vere ein ganske uselvstendig person til å bli både sjølvstendig og trygg på meg sjølv. Eg vaks så mykje som person, og engelskkunnskapane mine utvikla seg enormt! I tillegg var det jo utanlandsåret mitt som gjorde at eg fekk den jobben eg har i dag.

Les meir om studiet:

Engelsk (Master)

Publisert 26. mai 2026 - Sist endret 26. mai 2026